Ingvild Isaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvild Isaksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1989 (35 år)
Fredrikstad
Yrke fotballspelar
Høgd 166 centimeter

Ingvild Landvik Isaksen (fødd 10. februar 1989) er ein norsk fotballspelar frå Drøbak. Ho har pr 31.7.2017 spelt 60 landskampar og skåra tre mål. Isaksen var innbytar i EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Isaksen spelte på Kolbotn IL frå 2006 til -13. Sidan 2014 har ho vore aktiv i Stabæk IF, men gjekk skadd heile 2015-sesongen.

Isaksen fekk sin landslagdebut vinteren 2009, straks før ho fylte 20 år. Ho var med i EM-troppa 2009, men fekk lite speletid i meisterskapen. Etter ei par sesongar utanfor landslaget byrja den nye landslagssjefen Even Pellerud å nytte henne i ei indreløparrolle. Under Fotball-EM 2013 vart ho matchvinnar då Noreg vann 1-0 over Tyskland i gruppespelet, Tysklands fyrste EM-tap sidan 1993. Isaksen var innbytar i EM-finalen, der Tyskland og Noreg møttest på ny og sluttresultatet det motsette av i kampen i gruppespelet.

Etter at VM-turneringa 2015 gjekk fløyten grunna skade, kom Isaksen med att i EM-troppa 2017. Under meisterskapen i Nederland fekk ho lite speletid, delvis grunna i skadeplagar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 2013
  • Noregsmeister: 2007 med Kolbotn IL

Kjelder[endre | endre wikiteksten]