Cupfinalen i fotball 2011/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupfinalen for menn 2011 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 106. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Aalesunds Fotballklubb frå Ålesund og Sportsklubben Brann frå Bergen. Finalen vart avvikla sundag 6. november 2011 på Ullevaal Stadion i Oslo framfor 25 032 tilskodarar. Ålesund sigra med 2 mål mot 1 for Brann. Triumfen var Aalesund FK andre i noregsmeisterskapen, den fyrste kom i 2009.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Costaricanaren Michael Barrantes skaut ÅFK i leiinga i det 19. minutt, via ein Brann-forsvarar. Allereie to minutt seinare skalla ungararen Zsolt Korcsmár eit hjørnespark i mål og bringa balanse i stillinga. Barrantes vart så matchvinnar med eit nytt langskot i det 38. minutt.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Ålesund FK sitt kongepokal-mannskap bestod av: Sten Grytebust, Enar Jääger, Jonatan Tollås Nation, Daniel Arnefjord (kaptein), Jo Matland, Fredrik Ulvestad, Jason Morrison, Magnus Sylling Olsen, Michael Barrantes, Demar Phillips, Edvard Skagestad. Sistnemnde gjekk ut i det 74. minutt og Peter Orry Larsen kom inn. I sluttminutta forlet Barrantes og Olsen bana, inn kom Ville Jalasto og Sander Post.

SK Brann mønstra: Piotr Leciejewski, Birkir Sævarsson, Lars Grorud, Zsolt Korcsmár, Hassan El Fakiri, Rodolph Austin, Maximiliano Bajter, Diego Guastavino, Erik Mjelde (kaptein), Kim Ojo og Bjørnar Holmvik. I den siste halvdelen av andre omgang tok Fredrik Haugen plassen til Holmvik, Tadas Labukas fekk så eitt innhopp for Bajter.

Svein Erik Edvartsen frå Hamar Idrettslag var hovuddommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]