Daddelfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daddelfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Daddelfugl
Daddelfugl

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Hypocoliidae
Slekt: Hypocolius
Art: H. ampelinus
Vitskapleg namn
Hypocolius ampelinus

Daddelfugl, Hypocolius ampelinus, er ein liten fugleart og er einaste medlemmen av slekta Hypocolius. Slekta er plassert i sin eigen familie, Hypocoliidae. Denne slanke fuglen med lang stjert lever i regionar med tørr halvørken i Nord-Afrika, Arabia, Afghanistan, Pakistan og det vestlege India. Dei flyg i flokkar og beitar hovudsakleg på frukt, migrerer sørover om vinteren.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Daddelfugl er ein slank fugl med lang hale, liten fjørtopp og solid nebb med ein aning krok på spissen. Kroppsforma minnar om sidensvansar med mjuk, silkeaktig fjørdrakt. Fuglane er i hovudsak einsarta grå eller brungrå i farge, hannar har ein svart trekantforma maske rundt auga. Dei har kvite spissar på dei svarte primære vengefjøra og eit svart band på enden av halen. Vaksne er ca. 19-21 cm i lengd.[1]

Fjøra på hovudet hevar seg til ein topp når fuglen er spent. Dei flyg i ein rett ikkje-bølgjande stil, og når dei fer rundt i buskas, kan dei minne om ein timal. Tarsen, det vil seie beinet mellom okle og tær, er kort og solid med grove skjel. Dei har små fjørbuster synlege ved nebbrota og nasebora er synlege, små og ovale.[2]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Slektskap til andre artar er uklåre. Tidlegare ornitologar har antyda at daddelfugl er knytt til bylbylar[3] eller varslarar.[4] Dei synast å vere knytt til sidensvansar, og minst ein studie basert på molekylære sekvensar antydar at daddelfugl høyrer til i denne gruppa.[5][6]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Daddelfugl har utbreiing gjennom Midtausten, hekkar i området avgrensa av Irak, Iran, Afghanistan, Pakistan, Turkmenistan,[7] og overvintrar stort sett i nærleiken av Raudehavet og Persiabukta, kysten av Arabia, inkludert Bahrain. Dei er streiffuglar i Tyrkia, Israel, Egypt og Oman. Om vinteren er dei vitjande i Kutch-regionen vest i India[8][9] og streifarar har vorte registrert så langt sør som Kihim nær Bombay.[10] Daddelfugl finst i skog og kratt i tørre og halvtørre regionar, særleg i elvedalar nær ørkenar, og dessutan i kunstig vatna og dyrka område med tre, til dømes palmelundar og hagar.[3][11]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Daddelfugl er ein sky og diskret art, fuglen vil søkje skjul når han vert forstyrra, der han blir liggjande urørleg til faren er over. Dei vil danne flokkar, spesielt om vinteren, og dei kviler saman.[11]

Hekkesesongen er juni og i Arabia juli. Reiret er koppforma og djupt fora med hår og lo. Reiret er ofte plassert på blada av ein palme på ei høgd av ca. 3 til 5 meter. begge kjønna tar del i reirbygginga. Kullet er på fire egg. Egga er blyfarga med kvite flekker.[12] Rugetida er ca 14-15 dagar.[13]

Daddelfugl beitar roleg og metodisk i lauvverk, gjennom klynger av tre, palmelundar og frukthagar, sjeldan ned på bakken. Sjølv om dei kan ete nokre insekt, består den viktigaste dietten deira av frukt og bær, inkludert morbær, fiken og dadlar. Dei tar gjerne brød i fangenskap.[14]

Det vanlegaste læte er ein serie av skrikande lydar i avtakande styrke eller plystring. Anna vokalisering inkluderer skjennande kvitring.[1]

Vern[endre | endre wikiteksten]

Ettersom arten har eit vidt leveområde, og fordi han ikkje oppfyller kriteria for nedgang i populasjon hos IUCN raudliste, er vernestatus vurdert til livskraftig.[15] På grunn av den monotypiske familiestatusen er han eit ettertrakta objekt for fuglekikkarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rasmussen, PC & JC Anderton (2005). Birds of South Asia: The Ripley Guide. Volume 2. Smithsonian Institution & Lynx Edicions. s. 332. 
  2. Ali, S & S D Ripley (1986). Handbook of the birds of India and Pakistan. 5 (2 ed.). Oxford University Press. ss. 268–270. 
  3. 3,0 3,1 Meinertzhagen, R (1954). Birds of Arabia. Oliver & Boyd: Edinburgh. 
  4. Barnes, HE (1885). Handbook to the birds of the Bombay Presidency. Calcutta Central Press. 
  5. Spellman, Garth M.; Alice Cibois;Robert G. Moyle ; Kevin Winker;F. Keith Barker (2008). «Clarifying the systematics of an enigmatic avian lineage: What is a bombycillid?». Molecular Phylogenetics and Evolution 49 (3): 1036–1040. doi:10.1016/j.ympev.2008.09.006. PMC 2627281. PMID 18824237. 
  6. Johansson, Ulf S; Jon Fjeldså, Rauri C.K. Bowie (2008). «Phylogenetic relationships within Passerida (Aves: Passeriformes): A review and a new molecular phylogeny based on three nuclear intron markers». Molecular Phylogenetics and Evolution 48 (3): 858–876. doi:10.1016/j.ympev.2008.05.029. PMID 18619860. 
  7. A. Peklo and O. Sopyev (1980). «Sorkoputov sviristel (Hypocolius ampelinus) (Aves, Bombycillidae) gnezdyashchiisya vid fauny SSSR.» (på Russian). Vestn. Zool.: 47–52. 
  8. Shekar,PB (1960). «Further additions to the birds of Kutch». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 57 (1): 224–225. 
  9. Tiwari,JK; Varu,SN; Himmatsinhji,MK (1996). «The occurrence of Grey Hypocolius Hypocolius ampelinus in Kutch, Gujarat, India». Forktail 11: 33–38. 
  10. Ali,Salim A (1931). «The occurrence of the Grey Hypocolius (Hypocolius ampelinus) in North Konkan». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 34 (4): 1061. 
  11. 11,0 11,1 King, Howard. (1997). Grey Hypocolius - a Bahrain Experience
  12. Hume, A O (1889). The nests and eggs of Indian birds. Volume 1. R H Porter. s. 162. 
  13. Baker, ECS (1922). The Fauna of British India. Birds. Volume 1. Taylor and Francis, London. ss. 356–358. 
  14. Cumming,WD (1899). «Notes on the Hypocolius ampelinus (The Bulbul Shrike)». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 12 (4): 760–765. 
  15. BirdLife International 2009. Dulus dominicus. In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.3. <www.iucnredlist.org>. Lest 25 september 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]