David Knopfler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Knopfler

Knopfler i 2002
Fødd27. desember 1952 (71 år)
FødestadGlasgow
OpphavNewcastle-upon-Tyne, England
Aktiv1977 til i dag
SjangerRock, jazz
Instrumentvokal, gitar, piano
Kjende instrumentFender Telecaster, Fender Stratocaster
Tilknytte artistarDire Straits
PlateselskapPhonogram, Cypress, Peach River, Ariola
Verka somMulti-instrumentalist, poet, plateprodusent, songar-låtskrivar
Gift medAnna Perera

David Knopfler (fødd 27. desember 1952) er ein britisk rytmegitarist, pianist, plateprodusent og songar-låtskrivar. Han er òg diktar og forfattar.

Han var med på å starte rockebandet Dire Straits i lag med broren Mark Knopfler, og var tre år med dei. Etter han slutta bandet la han ut på ein solokarriere der han mellom anna har danna fleire små plateselskap og forlag.

Knopfler var tidleg ute med å nytte Internett som arena for marknadsføring og produksjon av musikken.[1]

Boka hans Bluffers Guide to the Rock Music Business (ISBN 978-1-903-09617-8) vart publisert i 1996.

Gjennom åra har han og vore ein mykje nytta og særs ivrig deltakar i samfunnsdebatten, særleg i spørsmål som gjeld menneskerettar, naturvern og miljøvern.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Knopfler var fødd i Glasgow[2] i Skottland med ei engelsk mor, Louisa Mary, som var lærar og ein jødisk ungarsk far, Erwin Knopfler, som var arkitekt.[3][4] Då han var to år gammal flytta familien til Newcastle upon Tyne i England, der han voks opp, og gjekk etter kvart på Gosforth Grammar School.[2]

11 år gammal eigde han ein gitar, eit piano og eit trommesett, og då han var 14 år spelte han sine eigne songar på viseklubbar.[5]

Etter å ha gått på Bristol Polytechnic vart han sosialarbeidar i London, der han delte ein leiligheit med John Illsley.[6]

Den eldre broren til David Knopfler, Mark, spelte òg gitar. David introduserte Mark for John Illsley, ein bassgitarist, og etter å ha fått med seg trommeslagaren Pick Withers, danna dei fire rockebandet Dire Straits.[6] Ein av venene til Mark Knopfler kom på namnet, som visstnok viste til den dårlege økonomien dei hadde på den tida.[7] David hevdar derimot på si nettside «at bandet var i store økonomiske problem (dire straits) er ei tilbakeskodande myte og er ikkje heilt sann. Me hadde alle dagjobbar før me fekk eit stort forskot frå Polygram».[8]

David Knopfler spelte rytmegitar ved sidan av broren, som var sologitarist i bandet, og David er med på dei to første albuma til Dire Straits: Dire Straits (1978) og Communiqué (1979). Stresset med å skrive og arrangere songar, spelte inn dei to påkravde albuma, og turnere for å marknadsføre dei, sleit på dei to brørne, og David slutta i bandet under innspelinga av det tredje albumet, Making Movies (1980), og han er difor ikkje omtalt på omslaget av dette albumet.[6] Det finst videoopptak av at David spelar med bandet på konsertar på fleire av songane på dette albumet.

Solo[endre | endre wikiteksten]

Etter han slutta i Dire Straits, gav Knopfler ut det første soloalbumet sitt i 1983, kalla Release. Mark Knopfler og John Illsley spelar begge på albumet.[6] Harry Bogdanovs, ein langvarig ven av Knopfler,[5] har vore med å skrive tre av songane og spelar synthesizer.[9] Singelen «Soul Kissing» vart gjeven ut frå albumet av selskapet Peach River Records. Singelen vart ein liten hit og albumet nådde 82. plassen på UK Album Chart,[10] før Knopfler fekk rettane frå det konkursråka plateselskapet.[11]

Behind the Lines, det andre albumet hans, kom ut i 1985 og det tredjealbumet, Cut the Wire, følgde i 1986.[6] I 1988 gav det amerikanske selskapet Cypress Records ut det fjerde albumet, Lips Against the Steel.[12]

Knopfler skreiv musikk for filmane Shergar (1984) og Laser Mission (1989),[6] og dei tyske produksjonane Treffer (1984), Jakob hinter der blauen Tür (1989) og Der grosse Bellheim[13]

Etter 1990[endre | endre wikiteksten]

Lifelines kom ut i 1991 på Phonogram og vart spelt inn i Peter Gabriel sitt Real World Studios. Albumet som følgde i 1993 var The Giver,[6] gjeven ut av MESA/Bluemoon i USA og Ariola i Europa. Det enkle, akustiske arrangementet fekk positive meldingar, og det same gjorde Small Mercies i 1995, som Knopfler produserte i lag med Harry Bogdanovs,[6] med Chris White på saksofon. I 2001 arbeidde Knopfler med Bogdanovs igjen som medprodusent på albumet Wishbones, med Chris Rea og Eddi Reader som gjestemusikarar[6]. Det niande soloalbumet, Ship of Dreams, òg dette i lag med Chris Rea, kom ut i 2004.

I mai 2005 gav han ut ei diktbok, Blood Stones and Rhythmic Beasts,[6] som kom ut på BlackWing books (ISBN 0955026008).

Justin Time Records gav ut Ship of Dreams i oktober 2005 i USA med ei alternativ utgåve av «Tears Fall» med Megan Slankard i USA (erstatta Julia Neigel på den originale europeiske utgåva).[13] Det tiande soloalbumet til Knopfler, Songs for the Siren kom i 2006.[6] I nyare tid har han skrive songar i lag med Amilia Spicer, Mack Starks, Megan Slankard og Wendy Lands.[14]

Han spelte fleire akustiske og elektriske konsertar i Tyskland, Sveits, Austerrike, Canada, Tyrkia og Australia frå 2007 til 2009 med Harry Bogdanovs og bandet hans. Ei dobbelplate, Acoustic, med akustiske versjonar av nye og gamle songar, kom ut i 2011.

Knopfler turnerte i Spania, Tyskland, Storbritannia, USA og Canada i 2012 og 2013. Det første konsertalbumet hans, Made in Germany, kom ut i avgrensa opplag i april 2013, berre tilgjengeleg på CDBaby.com.

Fleire gonger har han peika på stjerner som Joni Mitchell, Leonard Cohen og Bob Dylan som inspirasjonskjelder.

Våren 2019 vart det gjort kjend at David Knopfler kom ut med ei ny utgjeving, denne heiter Heartlands, og vart gjeve ut sommaren same år.

I 2020 gav Knopfler ut heile to album, Last Train Leaving og Songs of Loss and Love.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Han er gift med kunstprofessoren Leslie Stroz,[15] og har ein son med den tidlegare kona Anna Perera.

Diskografi med Dire Straits[endre | endre wikiteksten]


Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 – Release
  • 1985 – Behind the Lines
  • 1986 – Cut the Wire
  • 1988 – Lips Against the Steel
  • 1991 – Lifelines
  • 1993 – The Giver
  • 1995 – Small Mercies
  • 2001 – Wishbones
  • 2004 – Ship of Dreams
  • 2006 – Songs for the Siren
  • 2009 – Anthology: 1983–2008 (released i USA)
  • 2011 – Acoustic (med Harry Bogdanovs)
  • 2013 - Made in Germany (Live in Erfurt) (med Harry Bogdanovs)
  • 2019 - Heartlands
  • 2020 – Last Train Leaving[16]
  • 2020 – Songs of Loss and Love


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knopfler, David (2002). «Building Your Support Team – Creating A Buzz». Draft notes-- Knopfler was a panelist. David Knopfler. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 15. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 «David Knopfler». Notable Names Database (NNDB). Henta 15. september 2014. 
  3. «Brothers of Scottish Rock and Pop (mostly) – Fun Facts, Questions, Answers, Information». Funtrivia.com. Henta 15. september 2014. 
  4. [1].
  5. 5,0 5,1 «David Knopfler Biography». Knopfler's official website. April 2005. Arkivert frå originalen 7. januar 2009. Henta 15. september 2014. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 Christian Genzel (April 2005). «David Knopfler Biography». Allmusic. Henta 15. september 2014. 
  7. «Dire Straits Biography». Net Industries. 2009. Henta 15. september 2014. 
  8. «Wikiphobia». Knopfler's official website. Arkivert frå originalen 14. mars 2009. Henta 15. september 2014. 
  9. «Harry Bogdanovs – Credits». Allmusic. Henta 15. september 2014. 
  10. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 306. ISBN 1-904994-10-5. 
  11. «NME Artists – YouTube videos, gigs, biography, discography, and books». New Musical Express. Henta 15. september 2014. 
  12. «Lips Against the Steel – Overview». Allmusic. Henta 15. september 2014. 
  13. 13,0 13,1 «David Knopfler Diskografi». Discogs website. Henta 15. september 2014. 
  14. Nigel Lawry. «Songstuff: David Knopfler». Interview with David Knopfler. Arkivert frå originalen 27. desember 2008. Henta 15. september 2014. 
  15. Herbeck, Dan (1 May 2013). «David Knopfler performs Sunday at Sportsmen’s Tavern». Buffalo News (Buffalo, NY). Henta 13 June 2014. 
  16. «David Knopfler | Album Discography». AllMusic. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]