Guy Fletcher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guy Fletcher
Guy Fletcher-2.jpg
Spelar med Mark Knopfler, 18. juli 2008 ved NAC i Ottawa i Canada
Verkeleg namn Guy Edward Fletcher
Opphav Maidstone, Kent, England
Fødd 24. mai 1960 (57 år)
Maidstone
Instrument Synthesizer, gitar, korvokal
Sjanger Rock, folk
Yrke Musikar, lydteknikar, arrangør, produsent
Tilknytte artistar Dire Straits, Mark Knopfler, Roxy Music, The Notting Hillbillies
Plateselskap Inamorecords
Nettstad [http://Offisiell nettstad Offisiell nettstad]
Kjende instrument
Klaverinstrument, bassgitar, akustisk gitar, ukulele, lap steelgitar

Guy Edward Fletcher (fødd 24. mai 1960) er ein engelsk multiinstrumentalist, mest kjend som klaverspelar i rockebandet Dire Straits[1] frå 1984 til gruppa vart oppløyst og sidan i solobandet til Mark Knopfler.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Guy Fletcher voks opp i ein musikalsk familie og er kalla opp etter onkelen Guy Fletcher, som skreiv fleire hitsongar for andre artistar i lag med Doug Flett. Mora Barbara var studiosongar og faren Ted Fletcher var lyddesigner, (Orbitsound) og skapte ei rekkje lydutstyr kalla opp etter Joe Meek som han hadde arbeidd saman med.[2]

Medan han arbeidde som lydteknikar i DJM Studios i London 15 år gammal, spelte Guy i sine eigne band og lærte å spele klaverinstrument, gitarar og forskjellige strykeinstrument. Han vart med i og turnerte med Steve Harley sitt 'Cockney Rebel' i 1979 og i 1981 og Roxy Music for 'Avalon'-turneen deira. I 1983 vart Guy hanka inn av frontmannen i Dire Straits, Mark Knopfler, for å arbeide med musikk til filmane Cal og Comfort and Joy. Han vart med i Dire Straits i 1984, eit år før det suksessrike albumet deira Brothers in Arms, som gjorde bandet verdskjend.

I 1986 produserte Fletcher Belouis Some-albumet med same namn i lag med Gary Langan.[3]

I 1996 turnerte Fletcher i bandet til Bryan Ferry.

Fletcher i 15. april 2005.

Etter oppløysinga til Dire Straits i 1995 fortsette Fletcher å arbeide med den tidlegare bandkollegaen sin, Mark Knopfler, som medlem i bandet hans då han byrja solokarrieren sin. Fletcher var med som produsent og spelte klaverinstrument på det siste soloalbumet til Knopfler, Get Lucky, og var igjen med på turneen hans i 2010.

Soloarbeid[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet til Fletcher, Inamorata, kom ut 28. januar 2008. Mark Knopfler gjesta på sologitar på to spor og forskjellige musikarar som var tilknytt Knopfler deltok på albumet.

24. mai 2010 kom det andre soloalbumet hans, Natural Selection.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Inamorata (28. januar 2008)
  • Stone (15. september 2014)
  • Natural Selection (24. mai 2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: Dire Straits». AMG. http://www.allmusic.com/artist/p4101/biography. Henta 15. mai 2010. 
  2. «About Ted Fletcher». Tfpro.com. http://tfpro.com/about-ted-fletcher-tfpro.html. Henta 2. januar 2015. 
  3. «British New Wave Artist». Belouis Some. http://www.belouissome.com/. Henta 2. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]