Down to the Waterline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Down to the Waterline
Singel av Dire Straits
frå albumet Dire Straits
A-side «Water of Love»
Utgjeve 1978
Innspelt 1978
Sjanger Rock
Lengd 3:55
Selskap Vertigo (UK), Warner Bros. (U.S.)
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Muff Winwood

Mal:Ekstra sporliste

«Down to the Waterline» er ein song frå 1978 skriven av Mark Knopfler og først gjeven ut av Dire Straits som den første songen på debutalbumet Dire Straits. Det var òg med på ein demokassett som vart sendt til Charlie Gillett, som førte til at dei fekk den første platekontrakten sin.[1][2] Han vart sidan gjeven ut som B-sida til singelen «Water of Love».

Teksten til «Down to the Waterline» handlar om eit kort seksuelt stemnemøte.[3] Cary Darling frå Billboard hyllar songen som overlegen andre kjærleikssongar på side 1 av Dire Straits, som «Water of Love».[3] I følgje bror til Mark Knopfler og medlem av Dire Straits David, var songen minna til Mark om ein tur langs River Tyne ein kveld med kjærasten då han var tenåring.[1] Darling hyllar teksten som «skarp» men «aldri klisjéfylt». Darling hyllar òg den stemningsskapande tåkeluren som starta songen, Knopfler si «raske fingerplukking og det stramme bandet på songen»[3] Forfattaren Joel McNally skildrar korleis «bandet trer fram ut av tåka» for å starte songen, og skriv at effekten ikkje er «uekte».[4] High Fidelity skreiv òg om songen og det «vare, lidenskaplege, men likevel usentimentale» erotiske bilete.[5]

Hi-Fi News & Record Review skilrar songen som «bouncy and punchy».[6] The Rolling Stone Album Guide skreiv om den «galopperande rytmen» i songen.[7] Montreal Gazette-skribenten Bubert Bauch hevda at «Once Upon a Time in the West», som opna det andre albumet til Dire Straits, Communiqué, minner mykje om «Down to the Waterline», som opna debutalbumet deira.[8]

No money in our jackets and our jeans are torn
Your hands are cold but your lips are warm

Mark Knopfler (1978)

Read more: Dire Straits - Down To The Waterline Lyrics | MetroLyrics


«Down to the Waterline» vart seinare gjeve ut på konsertalbumet Live at the BBC og på samleplata Money for Nothing.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Oldfield, M. (1984). Dire Straits. Sidgwick and Jackson. s. 33, 42–49. ISBN 9780283989957. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Dire Straits». Allmusic. Henta 15. september 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Darling, C. (27. januar 1979). «Closeup». Billboard Magazine. 
  4. McNally, J. (April 7, 1979). «'Dire Straits' Nearly Perfect». The News and Courier. s. 18C. Henta 15. september 2014. 
  5. High Fidelity 29 (1-6). 1979.  Missing or empty |title= (hjelp)
  6. «Hi Fi News». Link Publishing. Henta 15. september 2014. 
  7. DeCurtis, A., Henke, J. & George-Warren, H., red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 200. ISBN 978-0-679-73729-2. 
  8. Buach, H. (June 9, 1979). «'Comumnique' Puts to Rest Concern over Dire Straits». The Montreal Gazette. s. 22. Henta 15. september 2014. 
  9. «Down to the Waterline». Allmusic. Henta 15. september 2014.