John Illsley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Illsley
John Illsley 1985.jpg
Illsley med Dire Straits Brothers In Arms-turneen, den 10. mai 1985 i Beograd
Verkeleg namn John Edward Illsley
Fødd 24. juni 1949 (68 år)
Leicester
Instrument bassgitar, gitar, vokal
Sjanger Rock, bluesrock
Aktive år 1966 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Dire Straits, Mark Knopfler
Nettstad www.johnillsley.com
Kjende instrument
Fender Jazz Bass, Fender Precision Bass

John Edward Illsley (fødd 24. juni 1949) er ein engelsk musikar som vart kjend som bassgitarist i rockebandet Dire Straits. Med Dire Straits har Illsley vunne fleire BRIT Awards og Grammyprisar og ein Heritage Award.

Illsey var med i bandet frå starten av, i lag med brørne og gitaristane David og Mark Knopfler, og trommeslagaren Pick Withers, og spelte ei rolle i utviklinga av stilen til Dire Straits. Då David Knopfler slutta i bandet tidleg i 1980-åra, mista ikkje Illsley berre ein bandkollega, men òg ein tidlegare ven han hadde delt leiligheit med. Då gruppa vart oppløyst i 1995 var Illsley og frontmannen Mark Knopfler dei to einaste originale bandmedlemmane som var att.

Illsley has har halde ein låg profil kring sin eigen karriere som musikar og låtskrivar. Han har gjeve ut to album på eiga hand, med Mark Knopfler som gjestemusikar, og har vore med på Knopfler sine personlege prosjekt. Han har gjeve ut to album til, med det keltisk-baserte bandet Cunla.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Illsley gjekk på Bromsgrove School i Worcestershire og eit college nær Kettering i Northamptonshire, før han starta å arbeide som leiarlæring for eit tømmerfirma. Han studerte så sosiologi ved Goldsmiths College, University of London og opna ein platebutikk med kjærasten. Medan han var i London, delte han leiligheit med David Knopfler. Illsley vart introdusert for den eldre broren til David, Mark, som nettopp hadde gått gjennom ein skilsmisse[1] og spelte musikk på pubar i nærleiken. Illsley hugsar han kom heim tidleg ein morgon og «kom inn i stova, og såg denne personen som låg på golvet...sovande...med ein gitar over beina og han hadde sovna medan han spelte.» Det var slik dei to møttest første gongen.[2]

David Knopfler ønskte å starte eit band, og Illsley, som alt spelte bassgitar, hadde same interessa. Dei fekk med seg ein ven, Pick Withers, på trommer, og starta bandet som fekk namnet Dire Straits.[2]

Dire Straits[endre | endre wikiteksten]

Illsley med Dire Straits, juni 1979.
For meir om dette emnet, sjå Dire Straits.

I tillegg til å spele bass på alle innspelingane med Dire Straits, song Illsley òg korvokal, med David Knopfler, og både harmonivokal med Mark sin solovokal og gitar på konsertar.

I ein periode då dei fleste store selskap venta at band skulle spele inn eitt til to album i året og marknadsføre dei med turnear, vart stemninga mellom dei to brørne raskt dårlegare. Under innspelinga av det tredje albumet, Making Movies, førte dette til at David slutta etter kranglingar om den musikalske retninga til bandet.

Bandet fekk inn Hal Lindes til å erstatte David Knopfler, og var med bandet i fem år. Då gruppa vart oppløyst i 1995 var Illsley og Mark Knopfler dei einaste medlemmane som var med i bandet frå start til slutt. Illsley prøvde å overtale Mark Knopfler til å starte opp att gruppa i oktober 2008, men mislukkast.[3]

Før Dire Straits vart oppløyst, gav Illsley ut to soloalbum, Never Told a Soul (1984) og Glass (1988). Knopfler spelte noko gitar til begge.

Cunla[endre | endre wikiteksten]

I mars 2005 kom Illsley over eit irsk keltisk rock-band, Cunla. For første gong sidan 1993 gjekk han på scenen og spelte eit par Dire Straits-songar med bandet. Cunla spelte så på ein sommarfest hos Illsley i Hampshire. Han spelte så med dei fleire gonger, mellom anna ein konsert i Frankrike som vart gjeve ut på album i 2007. Med Illsley spelte dei eit par Dire Straits-songar i irsk stil.

I oktober 2008 gav Illsley ut albumet Beautiful You, og la ut på ein turné i Irland med songar–låtskrivaren Greg Pearle.[4] Dette vart det fjerde soloalbumet til Illsley.

I 2014 gav Illsley ut det femte albumet sitt, Testing the Water, produsert av Guy Fletcher, tidlegare bandkollega i Dire Straits.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Illsley bur i dag Hampshire med den andre kona si Stephanie og fire barn. Han eig ein lokal pub, 'East End Arms', som av kritikarar er kåra til ein av dei 50 beste pubane i Storbritannia,[5] i grensa East End mellom Lymington og Beaulieu. Han er òg medeigar i to nærliggande hotell, The Master Builder's House Hotel[6] nær Beaulieu og The George Hotel[7]Isle of Wight. Illsley er ein ivrig målar og den første utstillinga hans vart halde i Nevill Keating McIlroy Gallery i Pickering Place i London i 2007.

I august 2014 var Illsley ein av 200 offentlege personar som signerte eit brev til The Guardian der dei var mot skotsk sjølvstende.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]