On Every Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
On Every Street
Studioalbum av Dire Straits
Utgjeve 10. september 1991
Innspelt AIR Studios, London, november 1990 – mai 1991
Sjanger Rootsrock
Lengd 59:39
Selskap Vertigo

Warner Bros. (USA)

Produsent Mark Knopfler

Dire Straits

Dire Straits-kronologi
Money for Nothing
(1988)
On Every Street On the Night
(1993)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [2]

On Every Street er det sjette og siste studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut den 10. september 1991 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Det var oppfølgjaren til det særs suksessrike albumet Brothers in Arms og On Every Street nådde toppen av den britiske albumlista og selde til platinaplate i USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

On Every Street vart gjeven ut 10. september 1991 - over seks år etter det førre albumet deira - Brothers in Arms, og var det sjette og siste studioalbumet til Dire Straits. Det fekk middels kritikk og vart ikkje så populært eller suksessrikt som føregjengaren, men selde likevel meir enn 10 millionar eksemplar verda over (seks millionar i Europa og ein million i USA). Det nådde 12. plassen på albumlista i USA og førsteplassen i Storbritannia. Albumet var produsert av Mark Knopfler og Dire Straits.

På denne tida bestod bandet av Knopfler, John Illsley, Alan Clark og Guy Fletcher, og med som studiomusikarar var mellom andre Paul Franklin, Phil Palmer, Danny Cummings og den amerikanske trommeslagaren Jeff Porcaro frå Toto.

Dire Straits marknadsførte albumet med ein langvarig verdsturne som varte til slutten av 1992. Bandet vart oppløyst i 1995 då Mark Knopfler starta ein solokarriere og gav ut debutalbumet sitt Golden Heart i 1996 (om ein ser bort frå tidlegare filmmusikkalbum), og har sidan gjeve ut mange soloalbum.

Albumet vart mastra på ny og gjeven ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 i det meste av verda, utanom i USA, der albumet først kom ut på ny i september 2000.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Mark Knopfler.

# Tittel Lengd
1. «Calling Elvis»   6:26
2. «On Every Street»   5:04
3. «When It Comes to You»   5:01
4. «Fade to Black»   3:50
5. «The Bug»   4:16
6. «You and Your Friend»   5:59
7. «Heavy Fuel»   5:10
8. «Iron Hand»   3:09
9. «Ticket to Heaven»   4:25
10. «My Parties»   5:33
11. «Planet of New Orleans»   7:48
12. «How Long»   3:49
59:55
Bonusspor på avgrensa versjon
# Tittel Lengd
13. «Millionaire Blues»   4:22
14. «Kingdom Come»   4:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits
Andre musikarar
Produksjon
  • Mark Knopfler og Dire Straits – produsentar
  • Chuck Ainlay – lydteknikar
  • Bill Schnee – lydteknikar
  • Steve Orchard – assisterande lydteknikar
  • Jack Joseph Puig – assisterande lydteknikar
  • Andy Strange – assisterande lydteknikar
  • Neil Dorfsman – miksing
  • Bob Clearmountain – miksing (7)
  • Jo Motta – prosjektkoordinator
  • Paul Williams – fotografi
  • Sutton Cooper – design
  • Paul Cummins – design

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjeve ut seks singlar frå On Every Street:

  1. «Calling Elvis»
  2. «Heavy Fuel»
  3. «On Every Street»
  4. «The Bug»
  5. «You and Your Friend» (utgjeve i Frankrike og Tyskland)
  6. «Ticket to Heaven» (utgjeve i Nederland)

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

On Every Street låg inne på den britiske albumlista i 36 veker.[3]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
Australian Album Chart 1
Austerrike 1
Frankrike 1
Italia 1
Noreg 1
Sverige 1
Sveitsisk 1
UK Album Chart 1
US Billboard 200 12

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song Hot Alt Australia Austerrike Nederland Frankrike Italia Noreg Sverige Sveits UK
1991 «Calling Elvis» 3 25 8 8 7 3 2 6 2 21
1991 «Heavy Fuel» 1 22 26 32 22 55
1992 «On Every Street» 23 42
1992 «The Bug» 8 44 67
1992 «You and Your Friend» 49
1994 «Ticket to Heaven» 43

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv 1. oktober 1991
BPI – UK Gull 1. oktober 1991
BPI – UK Platina 1. oktober 1991
BPI – UK 2X Platina 1. oktober 1991
RIAA – U.S. Gull 13. november 1991
RIAA – U.S. Platina 13. november 1991
SNEP – Frankrike Diamant 1991
IFPI – Tyskland Gull 1991
IFPI – Tyskland Platina 1991

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Rolling Stone review
  3. Chart Stats

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]