Dougie Thomson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dougie Thomson
Dougie Thomson.JPG
Thomson i 1980
Fødd24. mars 1951 (71 år)
FødestadGlasgow i Skottland
FødenamnDouglas Campbell Thomson
OpphavStorbritannia
SjangerRock
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarSupertramp, The Alan Bown Set
Verka somMusikar

Douglas Campbell «Dougie» Thomson (fødd 24. mars 1951) er ein skotsk musikar, mest kjend som bassist i det engelske rockebandet Supertramp.[1]

Karrieren til Thomson byrja i august 1969 då han vart med i det lokale Glasgow-bandet The Beings. I september 1971 vart han med i The Alan Bown Set der han ei kort stund arbeidde i lag med den framtidige Supertramp-kollegaen John Helliwell. I februar 1972 prøvespelte Thomson for Supertramp, og enda opp med å spele fleire konsertar som vikar.

I 1973 vart Thomson permanent medlem av Supertramp og hjelpte til i styringa av bandet i lag med managerenDave Margereson. Han overtydde òg John Helliwell om å bli med i bandet.

Thomson spelte med Supertramp på alle dei kjende albuma deira: Crime of the Century, Crisis? What Crisis?, Even in the Quietest Moments, Breakfast in America, Paris, ...Famous Last Words..., Brother Where You Bound og Free as a Bird.

Thomson har ikkje spelt med bandet sidan pausen dei tok i 1988. Han vart sidan ein forleggjar i musikkindustrien og skapte Trinity Publishing.

Thomson er den eldre broren til Ali Thomson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel, The Billboard Book of Top 40 Hits, 9th Edition, (Billboard Books, 2010), 636.