Supertramp av Supertramp
Supertramp Studioalbum av Supertramp | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. juli 1970 | |
Innspelt | Juni 1970 | |
Studio | Morgan Sound Studios i Willesden i North London i England | |
Sjanger | Progressiv pop[1] | |
Lengd | 47:31 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Supertramp | |
Supertramp-kronologi | ||
---|---|---|
Supertramp | Indelibly Stamped (1971)
|
Supertramp er det sjølvoppkalla debutalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i juli 1970. Det har stundom blitt gjeve ut under tittelen Now and Then.
Det kom ikkje ut i USA før seint i 1977, men kunne importerast frå Storbritannia. I 1977 nådde albumet 158. plassen på den amerikanske Billboard 200.[2]
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Alle tekstane på albumet var skrivne av Richard Palmer, sidan ingen av dei andre medlemmane i bandet ønskte å skrive noko. Palmer sa sjølv at han såg på det å skrive tekstane som «å få lekser» han måtte gjere.[3] Musikken til songane var komponert av Rick Davies og Roger Hodgson i lag.[4]
Albumet vart spelt inn i løpet av i natt frå midtnatt til kl. 06 om morgonen. Dette kom av ei overtru om at det var noko «magisk» å spele inn på natta, noko dei hadde fått høyrt av Traffic og Spooky Tooth.[4][1] Hodgson sa seinare «Lydteknikaren vår, Robin Black, sovna fleire gonger midt under innspelinga, som var ganske intens fordi me heile tida krangla med Richard Palmer.»[1] Han var glad i resultatet og sa over eit tiår seinare at «det var alt særs naivt, men det var ei god stemning.»[1]
Etter det tredje albumet til Supertramp, Crime of the Century (1974), vart ikkje lenger songar frå debutalbumet spelte på konsertane deira lengre. Dei to unntaka var «Home Again»[5] og «Surely», som stundom vart spelte som ekstranummer fleire år seinare. «Surely» har òg vore med på somme av samlealbuma deira.
Songar frå dette albumet, som «Words Unspoken» og «I Am Not Like Other Birds of Prey», vart nytta i filmen Extremes (1971), i lag med musikk frå andre grupper.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [6] |
Kritikarane har generelt vore positive til albumet. Ei melding av Judith Simons i Daily Express sa: «Denne debutplata av ei gruppe lovande musikk-poetar, er noko meir melodisk enn dei fleste platene som kjem ut under kategorien 'progressiv pop.'»[1] Trass i dette selde albumet dårleg.[1]
I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet «strøymer over av pretensiøs musikk som svingar hit og dit, med større vekt og merksemd til klaverinstrumenta og gitar enn til tekstane og den totale heilskapen.» Men dei innrømde at «blanding av iver og finesse» på albumet var appellerande.[6]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar skrivne av Rick Davies, Roger Hodgson og Richard Palmer.
All solovokal av Roger Hodgson, utanom der andre er nemnde. Solovokal skriven av Richard Palmer.[4]
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Surely» | 0:31 | |
2. | «It's a Long Road» | 5:33 | |
3. | «Aubade / And I Am Not Like Other Birds of Prey» | 5:17 | |
4. | «Words Unspoken» | 3:59 | |
5. | «Maybe I'm a Beggar» | Palmer og Hodgson | 6:44 |
6. | «Home Again» | 1:15 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Nothing to Show» | Hodgson og Davies | 4:53 |
8. | «Shadow Song» | Davies og Hodgson | 4:23 |
9. | «Try Again» | Hodgson og Palmer | 12:02 |
10. | «Surely (reprise)» | 3:08 | |
Total lengd: | 47:31 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Richard Davies – orgel (spor 2-5, 7-10), piano (spor 1, 7, 8, 10), elektrisk piano (spor 2, 7, 9), munnspel (spor 2), kor- og solovokal
- Roger Hodgson – bassgitar, akustisk gitar (spor 1, 6, 10), cello (spor 3, 4), flageolet (spor 5, 8, 9), solo- og korvokal
- Richard Palmer – elektrisk gitar, akustisk gitar, balalaika (spor 4), kor- og solovokal
- Robert Millar – trommer, perkusjon
- Produksjon
- Supertramp – produsent
- Robin Black – lydteknikar
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1978 | Pop Albums | 158[2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Supertramp (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 33. ISBN 0-9691272-2-7.
- ↑ 2,0 2,1 Supertramp in the Billboard charts, AllMusic. Henta 9. juni 2020.
- ↑ Interview with Richard Palmer-James in Calamity, Elephant Talk.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer, Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020.
- ↑ Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 116. ISBN 0-9691272-2-7.
- ↑ 6,0 6,1 Supertramp av Supertramp på Allmusic
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Supertramp på Discogs (liste over utgjevingar)