Give a Little Bit
| Give a Little Bit Singel av Supertramp frå albumet Even in the Quietest Moments... | ||
| B-side |
Downstream | |
|---|---|---|
| Utgjeve | Mai 1977 | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 4:08 | |
| Selskap | A&M | |
| Komponist | Roger Hodgson | |
| Tekstforfattar | Rick Davies, Roger Hodgson | |
| Låtskrivar(ar) | ||
| Produsent | Supertramp | |
| Supertramp-kronologi | ||
| «Sister Moonshine» (1976) |
Give a Little Bit | «Babaji» (1977)
|
«Give a Little Bit» er opningssporet på Supertramp-albumet Even in the Quietest Moments... frå 1977. Songen vart gjeven ut på singel same året og vart ein internasjonal hit. Songen nådde 15. plassen på Billboard Pop Singles-lista.[1] I heimlandet nådde songen 29. plassen på UK Singles Chart.[2] Singelen kom ut på ny i 1992 til inntekt for ein ITV Telethon, men gjekk då ikkje inn på listene.
Songen er oppført som skriven av Rick Davies og Roger Hodgson, men er i røynda skriven av Hodgson aleine.[3] Hodgson og Davies delte låtskrivarhonorora frå 1974 til 1983, då Hodgson slutta i Supertramp. Songen er prega av dei ringande tonane frå ein 12-strengs akustisk gitar, som vart spelt inn i ein metall- og glasheis i studioet der bandet spelte inn songen. Songen vert òg framført med ein Hohner Clavinet spelt gjennom ein Leslie-høgtalar i mellomspelet.
«Give a Little Bit» vart først skriven av Hodgson då han var 19 eller 20 år, før han vart introdusert for bandet 5-6 år seinare. Hogdson sa at songen var inspirert av The Beatles-songen «All You Need Is Love».[4][5][6]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]7"-vinylsingel (1977)
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Give a Little Bit» | 3:20 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Downstream» | 4:00 |
CD-singel (1990)
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Give a Little Bit» | 4:07 |
| 2. | «The Logical Song» (konertopptak) | 3:41 |
| 3. | «Bloody Well Right» (konertopptak) | 6:11 |
CD-singel (1992)
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Give a Little Bit» | 4:10 |
| 2. | «Give a Little Bit» (konertopptak) | 4:03 |
| 3. | «Breakfast in America» | 2:38 |
CD-singel (2012)
[endre | endre wikiteksten]Give a Little Bit (med kor)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1977) | Plassering |
|---|---|
| Canada RPM Top Singles | 8 |
| Den nederlandske GfK-lista[7] | 2 |
| Nederlandsk Topp 40[8] | 2 |
| Den tyske singellista[9] | 29 |
| Norwegian Singles Chart[10] | 9 |
| South Africa (Springbok)[11] | 4 |
| UK Singles Chart[2] | 29 |
| U.S. Billboard Pop Singles[1] | 15 |
| U.S. Cash Box Top 100[12] | 12 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Region | Salstrofé | Salstal |
|---|---|---|
| Storbritannia (BPI)[13] | Sølv | 200 000^ |
|
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine | ||
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Roger Hodgson – akustisk 12-strengs gitar, elektrisk 6- og 12-strengs gitar, solo- og korvokal
- Dougie Thomson – bass
- Bob Siebenberg – trommer, tamburin, maracas, vibraslap
- Rick Davies – clavinet, piano, korvokal
- John Helliwell – altsaksofon
Goo Goo Dolls-versjonen
[endre | endre wikiteksten]| Give a Little Bit Singel av Goo Goo Dolls frå albumet Let Love In og Live in Buffalo: July 4th 2004 | ||
| B-side |
Sympathy | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 5. oktober 2004 | |
| Sjanger | Akustisk rock, alternativ rock | |
| Lengd | 3:35 | |
| Selskap | Warner Bros. | |
| Komponist | Roger Hodgson | |
| Tekstforfattar | Rick Davies, Roger Hodgson | |
| Låtskrivar(ar) | Rick Davies/Roger Hodgson | |
| Produsent | Goo Goo Dolls og Rob Cavallo | |
| Goo Goo Dolls-kronologi | ||
| «Sympathy» (2002) |
Give a Little Bit | «Better Days» (2005)
|
I 2004 spelte Goo Goo Dolls inn songen og gav han ut på singel. Denne nådde 37. plassen på Billboard Hot 100-lista i februar 2005.[14] Han vart først (dels) spelt inn i 2001 av gitaristen/solovokalisten Johnny Rzeznik for ein reklame for The Gap der han song songen i lag med andre artistar. Songen opna konsertalbumet Live in Buffalo: July 4th, 2004, og kom seinare ut på albumet Let Love In. I mai 2006 vart versjonen deira av «Give a Little Bit» av American Society of Composers, Authors and Publishers (ASCAP) oppført som ein av dei mest spelte songane i repertoaret til ASCAP i 2005.[15]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Give a Little Bit» | 3:35 |
| 2. | «Sympathy» | 2:58 |
| 3. | «Give a Little Bit» (akustisk versjon) | 3:35 |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2005) | Plassering |
|---|---|
| Den austerrikske singellista[16] | 45 |
| Den tyske singellista[9] | 78 |
| U.S. Billboard Hot 100[17] | 37 |
| U.S. Billboard Adult Contemporary[17] | 5 |
| U.S. Billboard Adult Top 40[17] | 1 |
| U.S. Billboard Top 40 spor[17] | 30 |
| U.S. Billboard Radio Songs | 36 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Give a Little Bit» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 «allmusic – Supertramp – Billboard singles». Henta 14. juni 2020.
- 1 2 «The Official Charts Company – Supertramp – Give a Little Bit». Henta 14. juni 2020.
- ↑ Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 119–137. ISBN 0-9691272-2-7.
- ↑ «Supertramp founder Roger Hodgson». Songfacts. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «Roger Hodgson - Events». K-Earth 101. Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «Giving A Little Bit - A Conversation With Roger Hodgson». DPRP.net. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «dutchcharts.nl – Supertramp – Give A Little Bit». Arkivert frå originalen 13. oktober 2012. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «De Nederlandse Top 40, week 43, 1977». Henta 14. juni 2020.[daud lenkje]
- 1 2 «charts-surfer.de search results for «Give a Little Bit»». Henta 14. juni 2020.
- ↑ «norwegiancharts.com – Supertramp – Give A Little Bit». Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «SA Charts 1965 – March 1989». Henta 5. september 2018.
- ↑ «Top 100 1977-08-20». Cashbox Magazine. Henta 28. november 2015.
- ↑ «British single salstrofé – Supertramp – Give a Little Bit». British Phonographic Industry. Enter Give a Little Bit in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ (26. februar 2005). Billboard Hot 100, Billboard.
- ↑ «23rd Annual ASCAP Pop Music Awards, Los Angeles, 2006, Most performed songs». Arkivert frå originalen 19. november 2008. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «The Goo Goo Dolls – Give A Little Bit – austriancharts.at». Arkivert frå originalen 16. juni 2006. Henta 14. juni 2020.
- 1 2 3 4 «allmusic – Goo Goo Dolls – Billboard singles». Henta 14. juni 2020.