Even in the Quietest Moments...

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Even in the Quietest Moments...
Studioalbum av Supertramp
Språk engelsk
Utgjeve 10. april 1977
Innspelt November 1976 – January 1977
Studio Caribou Ranch i Nederland i CO og Record Plant Studios i Los Angeles
Sjanger Progressiv rock
Lengd 43:27
Selskap A&M
Produsent Supertramp
Supertramp-kronologi 
Crisis? What Crisis?
(1975)
Even in the Quietest Moments... Breakfast in America
(1979)


Singlar frå Even in the Quietest Moments...
  1. «Give a Little Bit»
    Utgjeve: Mai 1977
  2. «Babaji»
    Utgjeve: November 1977

Even in the Quietest Moments… er det femte studioalbumet av det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i april 1977. Det vart hovudsakleg spelt inn i Caribou Ranch Studios i Colorado med ekstra lydspor, vokal og miksing i The Record Plant i Los Angeles. Dette var det første albumet til Supertramp med lydteknikaren Peter Henderson, som kom til å arbeide med bandet på dei neste tre albuma.

Even in the Quietest Moments… nådde 16. plassen på Billboard Pop Albums-lista i 1977 og i løpet av få månader hadde det blitt den første gullplata deira i USA (500 000 selde eksemplar eller meir). I tillegg vart «Give a Little Bit» ein topp 20-singel i USA og nådde 29. plassen på UK Singles Chart.[1] Medan «Give a Little Bit» vart ein stor hit, vart både «Fool's Overture» og tittelsporet òg ein del spelt på radio.

I 1978 vart Even in the Quietest Moments… rangert på 63. plassen på lista til The World Critic Lists, der kjende rockekritikarar og DJ-ar stemte over dei 200 beste albuma gjennom tidene.[2]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om alle songane er oppførte som skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson i lag, var det Davies som skreiv «Lover Boy», «Downstream» og «From Now On», medan Hodgson skreiv «Give a Little Bit», «Even in the Quietest Moments», «Babaji» og «Fool's Overture».[3]

Davies sa om «Lover Boy» at «eg var inspirert av reklamar i herremagasin som forklarte korleis du skulle sjekke opp kvinner. Du veit, korleis du ber om få dette tilsendt og du er garantert å lukkast. Om du ikkje har lege med minst fem kvinner dei neste to vekene, så får du pengane attende.» Bob Siebenberg sa at «Rick hadde arbeidd på 'Lover Boy' ei stund og kom til slutt opp med den lange, midtre seksjonen. Eg berre høyrde det som ein verkeleg langsam, verkeleg solid rytme, for å gje songen ein dynamikk under alt der andre, fordi songen i seg sjølv er verkeleg mektig og han trengde noko verkeleg solid under seg.»[3]

Det meste av «Even in the Quietest Moments» vart skriven under ein lydsjekk for ein konsert i Tivoli i København. Davies og Hodgson arbeidde på dei forskjellige delane av songen, der Hodgson sat ved ein Oberheim string-synthesiser og Davies sat ved trommene.[4] Davies sa om musikken: «Han byrjar som ein standardmelodi og så heng han seg på ein slags ein-akkords-progresjon eller kanskje me kan kalle det ein digresjon. Det er ein sak der hundrevis av lydar kjem inn og går ut, som ein slags collage.»[3] Hodgson sa om teksten: «Det er ein slags delt kjærleikssong – det kunne vere til ei jente eller det kunne vere til Gud.»[3]

«Downstream» vert framført av Davies aleine på vokal og piano, og vart spelt inn på eitt forsøk. Siebenberg har skildra songen som favoritten hans på albumet «fordi han er så personleg og rein.»[3]

«Fool's Overture» hadde hatt arbeidstittelen «The String Machine Epic», og i følgje John Helliwell: «Kom han hovudsakleg frå eit par melodiar som Roger hadde kome med på ein synthesizer me brukte på scenen.»[3] Hodgson har sagt at teksten i røynda er utan meining, og forklarte : «Eg likar å vere vag, og likevel seie nok til at tankane til folk gjer opprør.»[3]

Albumet er unikt i diskografien til Supertramp sidan ingen av songane vart framførte med Wurlitzer elektrisk piano. Det vart derimot nytta eit Fender Rhodes-piano under ein kort del i «From Now On».

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner eit faktisk snødekt piano og ein stol i eit naturskjønt fjellandskap. Eit piano vart frakta til Eldora Mountain Resort (eit skiområde nær Caribou Ranch Studios)—som fekk stå der over natta og fotografert etter det var falle nysnø.[5] Notearket på pianoet, som har tittelen «Fool's Overture», er i røynda «The Star-Spangled Banner».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[6]
Christgau's Record GuideC+[7]

I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Robert Christgau at, i motsetnad til det meste av progressiv rock, som er «pretensiøs bakgrunnssøppel som er altfor vanskeleg å ignorere», er dette albumet «smålåten bakgrunnssøppel som høyrest bra ut når det sklir inn i øyra.»[7]

Allmusic gav albumet middels omtale og kalla det «elegant, men noko absurd, vittig, men på ein måte obskurt», og la til at det «legg meir vekt på melodi og forsiktige teksturar enn tidlegare Supertramp-album.» Dei kritiserte at albumet ikkje var «heilstøpt», men utpeikte «Give a Little Bit», «Lover Boy», «Fool's Overture» og «From Now On» som gode songar.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er oppførte som skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson. Under står dei faktiske låtskrivarane på kvar song.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Give a Little Bit»Roger Hodgson4:08
2.«Lover Boy»Rick Davies6:49
3.«Even in the Quietest Moments»Hodgson6:26
4.«Downstream»Davies4:00
Total lengd:21:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Babaji»Hodgson4:51
2.«From Now On»Davies6:21
3.«Fool's Overture»Hodgson10:52
Total lengd:22:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Supertramp[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Supertramp – produsentar, orkesterarrangement
  • Peter Henderson – lydteknikar
  • Russel Pope – lydteknikar
  • Tom Anderson – assisterande lydteknikar, remiksing
  • Tom Likes – assisterande lydteknikar
  • Steve Smith – assisterande lydteknikar
  • Geoff Emerick – miksing lydteknikar
  • Frank DeLuna – mastering på original LP
  • Greg Calbi – ommastring
  • Jay Messina – ommastring
  • Gary Mielke – programmering
  • Michel Colombier, Supertramp – orkesterarrangement
  • Mike Doud – kunstnarisk leiar og design
  • Kenneth McGowan – fotografi
  • Bob Seidemann – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[8] 5
Kanadiske RPM-lista[9] 1
Den nederlandske albumlista[10] 1
Den franske SNEP-lista[11] 4
Den newzealandske albumlista[12] 2
Noreg - VG-lista[13] 3
Den svenske albumlista[14] 5
UK Albums Chart[15] 12
US Billboard 200[16] 16
Den tyske Media Control-lista[17] 14

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Den australske albumlista[8] 6
Den kanadiske albumlista[18] 7
Den nederlandske albumlista[19] 4
Den franske albumlista[20] 7
US Billboard 200[21] 41

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[22] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[23] Platina 387,200[24]
Tyskland (BVMI)[25] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[26] 2× Gull 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[27] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[28] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[29] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, Tim; Paul Gambaccini; Jonathan Rice (1995). British Hit Singles. London: Guinness Superlatives. s. 303. ISBN 0-85112-633-2. 
  2. The World Critic Lists. 1978. Archived at rocklistmusic.co.uk
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 119–137. ISBN 0-9691272-2-7. 
  4. Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 111. ISBN 0-9691272-2-7. 
  5. Hurwitz, Matt (3. april 2018). «Classic spor: Supertramp's «Give a Little Bit»». Mixonline (på engelsk). Henta 14. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 Even in the Quietest Moments...Allmusic
  7. 7,0 7,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. juni 2020 – via robertchristgau.com. 
  8. 8,0 8,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. «Top Albums/CDs – Volume 27, No. 7». RPM. 14. mai 1977. Arkivert frå originalen (PHP) 2. april 2015. Henta 14. juni 2020. 
  10. «dutchcharts.nl Supertramp – Even in the Quietest Moments…» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 14. juni 2020. 
  11. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 6. mai 2013. Henta 14. juni 2020. Note: user must select 'Supertramp' from drop-down.
  12. «charts.nz Supertramp – Even in the Quietest Moments…» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. juni 2020. 
  13. «norwegiancharts.com Supertramp – Even in the Quietest Moments…» (ASP). Henta 14. juni 2020. 
  14. «swedishcharts.com Supertramp – Even in the Quietest Moments…» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 14. juni 2020. 
  15. «Supertramp > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 14. juni 2020. 
  16. «allmusic ((( Even in the Quietest Moments… > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 14. juni 2020. 
  17. «Album Search: Supertramp – Even in the Quietest Moments…» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 14. juni 2020. 
  18. «RPM Top 100 Albums of 1977». RPM. 31. desember 1977. Arkivert frå originalen 5. april 2014. Henta 9. juni 2013. 
  19. «Dutch charts jaaroverzichten 1977» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 12. mai 2014. Henta 2. april 2014. 
  20. «Les Albums (CD) de 1977 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 21. februar 2014. Henta 1. februar 2014. 
  21. «Top Pop Albums of 1977». billboard.biz. Henta 12. august 2011. 
  22. «Canadian album salstrofé – Supertramp – Even in the Quietest Moments». Music Canada. Henta 11. juni 2020. 
  23. «French album salstrofé – Supertramp – Even in the Quietest Moments» (på fransk). InfoDisc. Henta 11. juni 2020.  Select SUPERTRAMP and click OK
  24. «Les Albums Platine :». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 25. desember 2013. Henta 11. juni 2020. 
  25. «Gold-/Platin-Datenbank (Supertramp; 'Even in the Quietest Moments')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 11. juni 2020. 
  26. «Supetramp Gets Gold» (PDF). Cash Box. 10. desember 1977. s. 55. Henta 21. november 2019 – via American Radio History. 
  27. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Supertramp; 'Even in the Quietest Moments')». Hung Medien. Henta 11. juni 2020. 
  28. «British album salstrofé – Supertramp – Even in the Quietest Moments». British Phonographic Industry. Henta 11. juni 2020.  Enter Even in the Quietest Moments in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  29. «American album salstrofé – Supertramp – Even in the Quietest Moments». Recording Industry Association of America. Henta 11. juni 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH