Roger Hodgson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Hodgson

Hodgson i 2017
Fødd21. mars 1950 (73 år)
FødestadPortsmouth i Hampshire i England
FødenamnCharles Roger Pomfret Hodgson
OpphavOxford i England
AktivSidan 1969
SjangerProgressiv rock, poprock, kunstrock
Instrument
Stemmetypetenor, kontratenor
Tilknytte artistarSupertramp, Ringo Starr & His All-Starr Band, Argosy, Gym Class Heroes
PlateselskapA&M, Unichord/Voiceprint, Epic, Eagle Vision, Universal
Verka somMusikar, låtskrivar, songar

Charles Roger Pomfret Hodgson (fødd 21. mars 1950) er ein engelsk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som ein av dei tidlegare frontmennene og opphavlege medlemmane i progressive rockebandet Supertramp.[1][2][3] Hodgson skreiv og song mange av dei store hittane til bandet, som «Dreamer», «Give a Little Bit», «Take the Long Way Home», «The Logical Song», «It's Raining Again» og «Breakfast in America».

Hodgson slutta i Supertramp i 1983 og flytta med familien sin bort frå musikkmiljøet i Los Angeles for å leve eit enklare liv nær naturen og vere heime med borna til dei hadde vokse opp.[4] Hodgson byrja å turnere att i 2001. Han skreiv ofte om andelege og filosofiske tema, og tekstane hans er blitt skildra som personlege og meiningsfulle.[5]

Discography[endre | endre wikiteksten]

For arbeidet med Supertramp, sjå diskografien til Supertramp mellom 1969 og 1983

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roger Hodgson at Allmusic
  2. Supertramp biography at Allmusic
  3. «Supertramp biography». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. april 2009. Henta 27. september 2014. 
  4. «Breakfast in Detroit: Tales from a Dreamer!». Henta 10. juni 2020. 
  5. Stockbridge, Kathy (10. oktober 2017), «Roger Hodgson of Supertramp Brings Sold Out Crowd to Their Feet», NYS Music, henta 16. november 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Roger Hodgson