Drymophila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Drymophila


Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea Foto: Dario Sanches
Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea
Foto: Dario Sanches
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Drymophila
Vitskapleg namn
Drymophila
Swainson, 1824

Drymophila er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Seks av Drymophila-artane er forbunde med regionar i søraustlege Brasil, to av desse - kaingangmaurfugl og gråryggmaurfugl - breier seg òg inn i austlege Paraguay og snautt inn i nordaustlege biten av Argentina.

Sjølv på det høgste mangfaldet i Brasils Mata Atlântica, er artane nesten heilt parapatriske, i nokre tilfelle som gråryggmaurfugl og bandhalemaurfugl jamvel til sære habitatpreferansar. Sjølvsagt kan avskogingen i denne regionen dekke over at det har vore meir overlapping i fortida. I alle fall, kvart fragment av habitat har ein sterk tendens til å halde på høgst ein einskild art.[1]

Stripemaurfugl er ein art av den sørvestlege kvadranten av Amazonasbassenget, og ein åtskild populasjon lever i nordvestlege Ecuador og tilstøytande delar av Colombia.

Langhalemaurfugl er ein art i fuktig høgland, som strekkjer seg gjennom Andes frå vestlege Bolivia til nordvestlege Venezuela, med åtskilte populasjonar i Sierra Nevada de Santa Marta, Serranía del Perijá og Cordillera de la Costa.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Drymophila i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rajão, Henrique & Cerqueira, Rui (2006): Distribuição altitudinal e simpatria das aves do gênero Drymophila Swainson (Passeriformes, Thamnophilidae) na Mata Atlântica [Elevational distribution and sympatry of birds of the genus Drymophila Swainson (Passeriformes, Thamnophilidae) in the Atlantic forest]. [Portugisisk med samandrag på engelsk] Revista Brasileira de Zoologia 23(3): 597–607. doi:10.1590/S0101-81752006000300002 PDF fulltext

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rajão & Cerqueira (2006)
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]