Epitaph

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Epitaph
Singel av King Crimson
frå albumet In the Court of the Crimson King
B-side

21st Century Schizoid Man

Språk engelsk
Utgjeve 12. oktober 1969
Innspelt 30. juli 1969
Sjanger
Lengd 8:47
Selskap Atlantic
Komponist Michael Giles, Robert Fripp, Ian McDonald, Greg Lake
Tekstforfattar Peter Sinfield
Låtskrivar(ar)
Produsent King Crimson
King Crimson-kronologi 
«The Night Watch»
(1974)
Epitaph «Matte Kudasai»
(1984)


«Epitaph» er ein song av det britiske progrockbandet King Crimson frå 1969 på albumet In the Court of the Crimson King. Han vart skriven av Robert Fripp, Ian McDonald, Greg Lake og Michael Giles med tekst skriven av Peter Sinfield.

Det vert nytta mykje Mellotron på songen,[2][3] og som på opningssporet, «21st Century Schizoid Man», har songen ein markant dystopisk kjensle.[2][4]

I 1976 vart «Epitaph» gjeven ut på singel med «21st Century Schizoid Man» som B-side.

Songtittelen vart nytta som namn for eit konsertabum med innspelingar av det originale King Crimson, Epitaph.[5]

Emerson, Lake & Palmer nytta seinare eit utdrag frå denne songen etter «Battlefield»-delen av konsertversjonen av «Tarkus» frå albumet Tarkus, slik ein kan høyre på konsertalbumet Welcome Back My Friends to the Show That Never Ends... Ladies and Gentlemen.

«Stripes» frå Cage-albumet Hell's Winter samplar midten av songen.

Epitaph Records har òg teke namn frå songen.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Macan (1997), s.24
  2. 2,0 2,1 Macan (1997), s.23
  3. Martin (1998), s.158-159
  4. Holm-Hudson (2008), s.41
  5. Ayers (2006), p.179
  6. Buhrmester, Jason (November 2010). «Against the Grain: The Oral History of Epitaph Records». Spin: 62. ISSN 0886-3032. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]