Earthbound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Earthbound
Konsertalbum av King Crimson
Utgjeve 9. juni 1972
Innspelt 11. februar - 10. mars 1972
Sjanger progressiv rock
Lengd 46:38
Selskap Island
Polydor Records
E.G. Records
Virgin Records
Produsent Robert Fripp
Kritikk
King Crimson-kronologi
Islands
(1971)
Earthbound Larks' Tongues in Aspic
(1973)


Earthbound er eit konsertalbum frå bandet King Crimson, som kom ut i 1972 etter at bandet som spelte inn albumet hadde vorte oppløyst. Det består av den første offisielle konsertopptaket som er gjeve ut av signatursongen deira «21st Century Schizoid Man», og ein lengre versjon av b-sida «Groon», som ikkje finst på studioalbum. Han inneheld òg eit improvisert spor med scat-synging av Boz Burrell.

Lydkvaliteten på albumet er dårleg sidan det vart spelt inn på eit kassettband (eit dårleg opptaksmedium etter standardane i 1972) av lydteknikaren Hunter MacDonald. I følgje tekst i plateomslaget til nyare CD-utgåver står det «konsertopptak på ein Ampex-sterokassett gjennom ein spesialdesigna miksar av Kelsey Morris ... i regnet frå bagasjerommet på ein Volkswagen» Atlantic Records, som var den opphavlege distributøren til King Crimson i Nord-Amerika, nekta å gje ut Earthbound på grunn av den dårlege lyden. Nyare CD-utgåver har ikkje særskild betre lyd sidan opptaket opphavleg vart gjort på ein kassett.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «21st Century Schizoid Man» (inkludert «Mirrors») Robert Fripp, Michael Giles, Greg Lake, Ian McDonald, Peter Sinfield 11:45
2. «Peoria»   Boz Burrell, Mel Collins, Fripp, Ian Wallace 7:30
3. «Sailor's Tale»   Fripp 4:45
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
4. «Earthbound»   Burrell, Collins, Fripp, Wallace 7:08
5. «Groon»   Fripp 15:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar
  • Hunter MacDonald - VCS3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Earthbound - King Crimson | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r606413. Henta 12. juni 2012.