Discipline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Discipline
Studioalbum av King Crimson
Utgjeve 22. september 1981
Innspelt 1981
Sjanger progressiv rock, eksperimentell rock, new wave
Lengd 42:03
Selskap E.G. Records
Warner Bros./E.G.
Virgin Records
Produsent King Crimson og Rhett Davies
Kritikk
King Crimson-kronologi
USA
(1975)
Discipline Beat
(1982)


Discipline er eit album av bandet King Crimson som kom ut i 1981. Albumet var det første til King Crimson etter ein sju år lang pause. Berre opphavleg medlem Robert Fripp og det seinare medlemmet Bill Bruford var med frå den tidlegare besetninga. Resten av bandet bestod av Adrian Belew (gitar, vokal), som hadde spelt i lag med David Bowie, Frank Zappa og Talking Heads, Tony Levin (bass, stick), som hadde spelt i lag med Peter Gabriel. Resultatet var at albumet fekk ein meir oppdatert 1980-tals new wave og pre-techno-stil blanda med dei tidlegare mørke og tyngre lydane frå 1970-åra.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på «Matte Kudasai» er japansk for «venlegast vent». Teksten til «Indiscipline» var basert på eit brev skriven til Adrian Belew av den dåverande kona hans Margaret, om ein skulptur som ho hadde laga.

«Thela Hun Ginjeet» er eit anagram for «heat in the jungle». Då denne songen vart framført live vart noko av teksten improvisert. Medan songen vart spelt inn for «Discipline», gjekk Belew rundt i Notting Hill Gate i London med ein lydbandopptakar for å finne inspriasjon. Han vart då først plaga av ein gjen og så av politiet. Då han kom attende til studio fortalte han om denne ubehagelege hendinga til resten av bandet. Han visste derimot ikkje at Fripp hadde opptakarane på, og dei nytta dette opptaket på songen.

«The Sheltering Sky» er kalla opp etter og delvis inspirert av romanen med same namn av Paul Bowles frå 1949. Bowles er ofte tilknytt Beat-generasjonen, som var ei inspirasjonskjelde for det neste studioalbumet til King Crimson, Beat.

På konsertversjonar av «Elephant Talk», «Indiscipline» og «Thela Hun Ginjeet» vart delar av teksten ofte improvisert.

Seinare versjonar av Discipline var basert på dette designet av Steve Ball.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Elephant Talk»   4:43
2. «Frame by Frame»   5:09
3. «Matte Kudasai»   3:47
4. «Indiscipline»   4:33
Side to
# Tittel Lengd
5. «Thela Hun Ginjeet»   6:26
6. «The Sheltering Sky»   8:22
7. «Discipline»   5:13
Bonusspor
# Tittel Lengd
8. «Matte Kudasai» (alternative version) 3:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1981 Billboard Pop Albums 45

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]