Ernest Gellner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ernest Gellner
Ernest Gellner 2.jpg
Fødd9. desember 1925
Paris
Død5. november 1995
Praha
NasjonalitetStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdepolitisk filosofi, vitskapsteori
Yrkefilosof, antropolog, professor, sosiolog
InstitusjonarLondon School of Economics
University of Edinburgh
Alma materBalliol College
MedlemBritish Academy
American Academy of Arts and Sciences

Ernest André Gellner (9. desember 19255. november 1995) var ein tsjekkoslovakisk-britisk filosof, sosiolog og sosialantropolog av jødisk-kulturell bakgrunn.

Som professor i teoretisk filosofi, logikk og vitskapleg metode ved London School of Economics (LSE) i 22 år (1962-83), professor i sosialantropologi ved University of Cambridge i åtte år, og til sist som rektor ved det nye Senter for studiar av nasjonalisme i Praha, stridde Gellner all sin dag, gjennom skrift, undervisning og politisk aktivisme mot det han oppfatta som lukka tankesystem. I særleg grad gjaldt det kommunisme, psykoanalyse, relativisme og marknadsdiktatur.

Gellner er kjend som den fremste talsmannen for den modernistiske identitets- og nasjonalitetsteorien. Han var lærar til Anthony D. Smith, han som seinare vart grunnleggjar av den skulen som hevda synspunkt tvert i mot Gellner.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gellner kom til verda i Paris, men voks opp i Tsjekkoslovakia. Foreldra var tyskspråklege jødar frå Böhmen (Cechy) og busette seg i Praha. Etter å ha fullført barneskulen gjekk han vidare på ein engelskspråkleg skule i byen.

I 1939 valde familien å flytte frå landet, grunna Hitlers trugande politikk. Dei busette seg i St. Albans, straks nord om London i Storbritannia. 17 år gammal fekk Gellner eit stipend til Balliol College i Oxford. Opptaket til eliteskulen karakteriserte Gellner sjølv som eit britisk utslag av portugisisk kolonipolitikk. «Ein held dei innfødde nøgde ved å få dyktige nedanfrå inn på Balliol». På Balliol studerte han filosofi, politikk og økonomi, med særleg vekt på filosofi.

Gellner braut av studiane etter eit år for å gjere teneste i «1st Czechoslovak Armoured Brigade». Denne hærstyrken tok del i kringsetjinga av Dunkerque i 1944. Sidan reiste han til Praha og gjekk eit lite semester ved universitetet. Gellner forstod at kommunistane kom til å take makta i Tsjekkoslovakia og returnerte til Balliol College i 1945 for å fullføre eksamen. For eksamensoppgåva fekk han John Locke-prisen i 1947. Same året byrja han si akademiske løpebane ved University of Edinburgh som assistent til ein professor i moralfilosofi.

Gellner flytta til London School of Economics i 1949. Ti år seinare vart han offentleg kjend då han gav ut boka Words and Things. Her kritiserer han lingvistisk filosofi, representert ved J.L. Austin og Ludwig Wittgenstein, for ikkje å stille spørsmål ved eigne metodar. I 1961 tok han doktorgraden på eit arbeid kring Organization and the Role of a Berber Zawiya. Året etter vart han professor i filosofi, logikk og vitskapleg metode ved London School of Economics. I verka Thought and Change (1965) og State and Society in Soviet Thought (1988), diskuterer han om kor vidt marxistiske regime kunne liberaliserast.

I 1974 vart Gellner vald inn i British Academy. Ti år etter flytta han til Cambridge for å leie Department of Anthroplogy. På instituttet rådde ein avslappa atmosfære, der Gellner likte å drikke øl og spele sjakk med studentane. Oxford Dictionary of National Biography omtalar han som ein briljant, kraftfull, vyrdlaus, skjelmsk og av og til trassig person, med eit bitande vidd og kjærleik til ironi. Hos studentane var han mykje populær, villig til å bruke fleire ekstratimar på å rettleie, og vart halde for å vere ein framifrå talar og flink lærar.

I 1993 byrja Gellner arbeide ved det nyopretta SEU, der han vart leiar for 'Senter for studiar av nasjonalisme'. Her forska han på framveksten av nasjonalisme i dei etter-kommunistiske regima i Aust- og Sentral-Europa.

Han døydde etter eit hjerteattakk i 1995.

Antropologi og vitskapskritikk[endre | endre wikiteksten]

Gellner deltok i fleire debattar kring antropologiske grunnproblem, til dømes "rasjonalitetsdebatten" og debattar om forholdet mellom språket og verda. I artikkelsamlingane Thought and Change (1964), Spectacles and Predicaments (1974) og Relativism and the Social Sciences (1985) omtalar han seg sjølv både som positivist og funksjonalist. Han framstår i desse artiklane som ein sterk forsvarar av antropologien som vitskap og rettar kritikk mot såvel hermeneutikken, Wittgenstein sin språkfilosofi, og til sist postmodernismen.

Som antropolog spesialiserte Gellner seg på Marokko og andre muslimske samfunn, og var den fremste talsmannen for oppfatninga om at marokkansk stammepolitikk vert styrt av «segmentær opposisjon», eit omgrep utvikla av E.E. Evans-Pritchard.

The Psychoanalytic Movement (1985) er ein kraftfull kritikk av psykoanalysen, som Gellner avviser av epistemologiske og logiske grunnar. Samstundes gjev han ei sosiologisk forklaring på den sterke innverknaden psykoanalysen har hatt i vestlege samfunn. I Reason and Culture frå 1991 vidareutviklar han perspektivet på det moderne samfunnet, men utifrå ein meir filosofisk ståstad. Fokus ligg på spenninga mellom opplysing og romantikk i europeisk tenking, mellom "fornuft" og "kultur", og mellom borgarrettar og nasjonalisme. I Postmodernism, Reason and Religion (1992) angrip han den epistemologiske relativismen i antropologien, vurderer fordelar og brestar i den religiøse fundamentalismen, og avsluttar med eit særs frittalande forsvar for vitskapen som kjelde til forståing.

I fleire skrift tok han føre seg Aust-Europa og analyserte marxistisk antropologi og sosiologi. Fleire av Gellners seinare arbeid handla om historiske emne. I Nations and Nationalism (1983) lanserer han ein teori om oppkomsten til nasjonalismen.

Boka Plough, Sword and Book (1988) er ei tolking av grunndrag i mennesket si historie. Ho rommar også ei samanfatting av fleire av hovudidéane til opplysningsmannen Gellner, til dømes kritikken av romantikken og av relativismen i samfunnsvitskapane generelt og antropologien spesielt. Conditions of Liberty (1994) er eit forsøk på å forklare samanbrotet til kommunismen.

Nasjonalisme[endre | endre wikiteksten]

Gellner er kjend som den mest framståande talsmannen for den modernistiske identitets- og nasjonalitetsteorien. Nations and Nationalism (1983) representerer ein konsekvent utførd og massiv kritikk mot den då etablerte forskinga på området. Han dekonstruerer dei sentrale tesane frå samtidige primordialistar som til dømes Anthony D. Smith. Oppfatningane om etnisiteten si rolle for framveksten av nasjonalismen reduserer Gellner til rein og skir manipulerande propaganda.

Han avviser idéen om at nasjonsdanninga har sitt viktigaste grunnlag i den felles etnisiteten og/eller historia. For Gellner er nasjonalisme fyrst og fremst eit politisk prinsipp som står på at politiske og nasjonale einingar skal vere samanfallande. Nasjonalismen oppstod einast, og, hevdar Gellner, fordi den dekker eit sosialt behov i den moderne verda. I tidlegare tider hadde makthavarane liten grunn til å tvinge fram kulturell homogenitet mellom undersåttane. Men i dei moderne samfunna vert arbeidet meir teknisk. Ein må styre ein maskin, og må difor lære. Behov for upersonleg, kontekstfri kommunikasjon oppstår og ei høg grad av kulturell standardisering. Dessutan er industrisamfunnet tufta på at det finst vedvarande vekst, typar tilsetjingar varierer og nye ferdigheiter må lærast. For å halde grepet om ressursane, og for eiga vidareføring og framsteg, må staten og kulturen samanfalle til gjensidig beste. Til det trengst nasjonalisme.

Gellner si analyse er modernistisk; når menneska forlet jordbruket og gjekk over til bylivet gjekk den agrare kulturen av strukturell trong over i nasjonalisme. Nasjonalismen er ein kulturgjenstand frå det moderne industrisamfunnet. Analysen vert lang på veg instrumentell; industrisamfunnet splitta opp mikroregionane i det gamle bondesamfunnet til større konglomerat av handel og informasjonsbyte. Med den auka mobiliteten av arbeidskraft og varer, vart dei nye infrastrukturane bygd kring handel, utdanning og informasjon.

Nasjonalismen vart den sameinande ideologien som kunne halde i hop dei splittande samfunnsprosessane nett då. Ein middelklasse av tenestefolk, ingeniørar og intellektuelle kom gjennom statleg sanksjonering til å fungere som kulturforklararane til den eigne nasjonen. Gjennom framveksande faggreiner som arkeologi, filologi, antropolog, etnologi, geografi osv. skapte ein vitskaplege argument for såvel den forhistoriske arven til nasjonen og den samtidige nasjonale, kulturelle karakteren.

Nasjonen må derfor forståast or ein funksjonell synsvinkel. Nasjonalismen oppstår ikkje som frukta av ei etnisk, urgammal oppvakning. Nasjonalismen er basert på ein djupt internalisert og utdannings-kvilande høgkultur som vert forsvart av den eigne statens representantar. Nasjonstenkinga fungerer dermed som ei sekularisert erstatning for religionen og samfunnsordninga i bondesamfunna. I staden for å spørje oss korleis nasjonane oppstod, bør ein spørje korfor. Gellner sitt svar er materialistisk i sin grunn; med auka geografisk og sosial mobilitet veks behovet for ein einskapleg kultur og fellesverdiar fram. Den individuelle anonymiteten i industrisamfunnet i kombinasjon med dei strukturelle krava i samfunnet om kulturell homogenitet, manar av tvang fram den einskaplege nasjonskulturen. Såleis vert den nasjonale modellen, gjennom eit slags «omstenda sitt diktatur», den mest effektfulle formelen for å etablere ein statleg einskapsøkonomi og mellomstatleg handelsorganisasjon. Det er nasjonalismen som kjem føre nasjonen, ikkje tvert om, slik talsmenn for nasjonalismen gjerne vil hevde. Nasjonar vert skapt for at dei trengst, ikkje avdi dei er naturlege.

Kritikk mot Gellner[endre | endre wikiteksten]

Ei hovudinnvending mot nasjonalisme-teorien er at den er for funksjonalistisk, og kritikarane skuldar Gellner for å forklare fenomenet på bakgrunn av det historiske resultatet. Teorien misforstår tilhøvet mellom nasjonalisme og industrialisering. Den gjev inga forklaring på nasjonalismen i ikkje-industrialiserte samfunn, og ikkje tilbakefallet til nasjonalisme i post-industrielle samfunn. Ei heller forklarar den kjenslene skapt av nasjonalismen. Kvifor skulle nokon kjempe og døy for landet sitt? Teorien evnar ikkje å take inn den rolla krig og det militære hadde med å drive fram både kulturell homogenisering og nasjonalisme. Og den overser tilhøvet mellom militarisme og tvungen undervisning.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Nasjonalisme, 1998 (engelsk, 1983)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Words and Things, A Critical Account of Linguistic Philosophy and a Study in Ideology. (1959)
  • Thought and Change. (1964)
  • Contemporary Thought and Politics.
  • Muslim Society. (1981)
  • Nations and Nationalism. (1983)
  • The Concept of Kinship and Other Essays. (1986)
  • State and Society in Soviet Thought.
  • Plough, Sword and Book. (1988)
  • Postmodernism, Reason and Religion. (1992)
  • Conditions of Liberty. (1994)
  • Anthropology and Politics: Revolutions in the Sacred Grove. (1995)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]