Europacupen i fotball 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mauro Bellugi (Inter) til venstre, og Piet Keizer (Ajax)

Europacupen i fotball 1972 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Ajax frå Amsterdam. Turneringa var den 16. i rekka. I finalen 31. mai 1972 på Feijenoord-stadion i Rotterdam vann tittelforsvararen med 2-0 over italienske FC Internazionale frå Milano. Sigeren var den andre av tre rake triumfar i Europacupen i fotball for det nederlandske meisterlaget.

Europacupen 1972 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til med ei forrunde 19. og 26. august 1971, der serievinnarane i Spania og Luxembourg spelte om retten til å vere med i 1. runde. Sidan vart spelt to rundar i september-november, før kvartfinalane vart avvikla i mars og semifinalane i april 1972.

Vinnarlaget Ajax slo på sin veg mot finalen ut Dynamo Dresden, Dinamo Bucuresti, Arsenal FC frå London og Benfica frå Lisboa. Internazionale på si side eliminerte AEK Athen, Borussia Mönchengladbach, Standard Liège på bortemålsregelen og Celtic FC etter to mållause oppgjer og straffetevling.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

61 354 tilskodarar såg finalen på Feijenoord-stadion i Rotterdam. Johan Cruijff vart tomålsskårar med nettkjenningar i det 47. og 76. minutt.

Vinnarlaget Ajax stilte med fylgjande mannskap: Heinz Stuy, Wim Suurbier, Horst Blankenburg, Barry Hulshoff, Ruud Krol, Arie Haan, Johan Neeskens, Gerrie Mühren, Sjaak Swart, Johan Cruijff og kaptein Piet Keizer.

Inter mønstra Ivano Bordon, Tarcisio Burgnich, Giacinto Facchetti, Mauro Bellugi, Mario Giubertoni, Gabriele Oriali, Gianfranco Bedin, Sandro Mazzola (kaptein), Jair da Costa, Roberto Boninsegna og Mario Frustalupi. Giubertoni gjekk av bana med skade i det 20. minutt, inn kom Mario Bertini, medan Jair da Costa vart erstatta av Sergio Domenicacu 59 minuttar ut i kampen.

Robert Héliès frå Frankrike var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]