Gabriele Oriali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriele Oriali
Gabriele Oriali 2011.jpg
Fødd 25. november 1952
Como

Gabriele Oriali, (fødd 25. november 1952) er ein italiensk fotballspelar frå Como i Italia. Oriali har spela 28 landskampar for det italienske landslaget, og spela midtbane på laget som vann finalekampen under VM i fotball 1982. Han vart italiensk serievinnar med Inter i 1980, og vann to italienske cupmeisterskap. Han la opp som spelar i 1987.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Oriali debuterte for Inter i 1970/71-sesongen. Allereie i hans fyrste sesong vann klubben den italienske serien, men for Oriali vart det berre to seriekampar. Den nestkomande sesongen spela han seg inn i fyrsteellevaren, og var med på laget som tapte 2-0 for Ajax Amsterdam i finalen i Europacupen 1972. Han spela oftast i ein defensiv midtbaneposisjon, men kunne òg vere midtstoppar og sågar libero. Oriali vart ein nøkkelspelar i Inter, kjent for ein energisk spelestil. Han var med å verte cupmeister i 1978, meister i Serie A i 1980 og cupvinnar på ny i 1982. For Inter spela han fram til sommaren 1983, i alt gjorde han 277 kampar og 33 mål for klubben. Deretter spela han i fire sesongar for Fiorentina. Han la opp i 1987, stod då med 107 kampar og sju mål for klubben frå Firenze.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Oriali debuterte for Italia i ein vennskapslandskamp mot Spania 21. desember 1978, Italia vann 1-0. Han var med i troppen til EM i fotball 1980 på heimebane, men fekk minimalt med speletid for heimelaget som vart nummer fire i meisterskapen. Under VM i fotball 1982 fekk han plass i startellevaren i kampen mot Kamerun, den tredje kampen i turneringa. Italia hadde spela heller svakt i dei fyrste kampane. Sidan i meisterskapen hadde Oriali fast plass i startellevaren og var med å slå Vest-Tyskland 3-1 i finalen i Madrid. Oriali spela sin 28. og siste landskamp 29. mai 1983 mot Sverige, ein kamp som enda med 0-2-tap for Italia. Han skåra sitt einaste landslagsmål då han vart matchvinnar i 1-0-kampen mot Sverige i Firenze i 1979.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1980 med Inter
  • Italiensk cupmeister 1978 og 1982 med Inter
  • Sølvmedaljar i Europacupen 1972 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]