Fandaqumiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fandaqumiya
الفندقومية, al-Fandaqumiya, Pentakomia
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jenin guvernement
Koordinatar 32°19′13″N 35°12′13″E / 32.32028°N 35.20361°E / 32.32028; 35.20361
Areal 3,9 km²
Folketal 3 363  (2006)
Folketettleik 862 / km²
Kart
Fandaqumiya
32°19′13″N 35°12′13″E / 32.320277777778°N 35.203611111111°E / 32.320277777778; 35.203611111111
Wikimedia Commons: Fandaqumiya

Fandaqumiya, (arabisk الفندقومية, al-Fandaqumiyah, Pentakomia) er ein palestinsk landsby i Jenin guvernement nord på Vestbreidda, nordvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 363 innbyggjarar i 2006.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske namnet på landsbyen, Al Fandaqumiyah (الفندقومي), er ei forvansking av det greske omgrepet Pentakomia: Komia tyder 'landsby' eller 'samfunn', medan penta tyder 'fem'. Pentakomia syner truleg til ei administrativ eining med fem landsbyar som ein gong var i området.[2][3][4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg nord på Vestbreidda, langs vegen nordover frå Nablus til Jenin. Han ligg mellom dei gamle ruinane i Samaria og Sebaste og Sanurdalen. Han ligg òg i nærleiken av landsbyane Jaba og Silat ad-Dhahr, i tillegg til den tidlegare busetjingane Homesh og Sa-Nur, som vart fråflytta etter tilbaketrekkingsplanen til Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste funna i Fandaqumiya er mellom anna ei krukke i kvit leire med brende bein, som vart funnen i ei grav. Utforskinga av denne krukka av den arkeologiske avdelinga ved An-Najah nasjonaluniversitet indikerte at han er datert til yngre steinalder. Ein steinreiskap som var sirkelforma med eit hol i midten, vart funnen i lag med krukka, men ikkje datert.

Det er funne to myntar frå den greske perioden i landsbyen. Ein prutah prega av den hashmoneiske herskarn Aleksander Jannaeus mellom 103 og 76 fvt., i tillegg til ein gresk mynt frå Det ptolemaiske dynastiet datert til 300 fvt.

Det finst funn som syner at landsbyen blømde i tidleg i romersk og seinbysantinsk tid. Det er funne mange romerske og bysantinske myntar på staden, og mane grave frå den same tida i ei nærliggande høgd. I tillegg er det avdekt fleire karakteristiske romerske og bysantinske strukturar.

Ei heilag grotte ligg oppom landsbyen i sør, truleg eit eldgammalt kapell hogd ut i berget.[5]

Landsbyen vart nemnt i krossfararkjelder i 1178.[6]

I 1596 stod Fandaqumiyya oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 11 hushaldningar og 1 ungark, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[7]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og 1870, og estimerte at han hadde kring 500 innbyggjarar. Han skreiv at staden låg i ei åsside. Her var riekeg med vatn og heile åssida var oppdyrka med vakre oliventre, fiken og granateple.[2] I The Survey of Western Palestine (1882) vart Fendakumiyeh skildra som «ein særs liten landsby i ei åsside, med tre kjelder i sørvest, liten og myrlendt.»[4]

I 1917 vart Fandaqumiya erobra av General Allenby og dei britiske styrkane hans frå osmanarane, og tre år seinare vart han ein del av det britiske Palestinamandatet.

Kort tid etter britane kom, bygde dei eit politifort på ein ås i nærleiken. Trass i at mange av innbyggjarane var tilsette i anleggsverksemda, var tilhøvet til dei britiske styrkane dårleg på grunn av krangel om skatt. Under arabaropprøret i Palstina 1936-1939 gjekk somme landsbybuarar til åtak på dei britiske soldtaane og landsbyen vart utsett for britiske represaliar.

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Fandaqumiya eit folketal på 327, alle muslimar.[8] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då El Fandaqumiya hadde 101 busette hus og eit folketal på 445, framleis alle muslimar.[9] I 1945 var folketalet 630 arabarar, med 4 079 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] 885 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 2 737 mål for korn,[11] medan 14 mål var utbygd (urbant) land.[12]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Fandaqumiya styrt av Jordan. Al Fandaqumiya gjekk over til israelsk kontroll i lag med resten av Vestbreidda etter seksdagarskrigen i 1967, men sidan 1995 har han vorte administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Projected Mid -Year Population for Jenin guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  2. 2,0 2,1 Guérin, 1875, s. 216-217
  3. Palmer, 1881, s. 182
  4. 4,0 4,1 Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 155
  5. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 185
  6. Rey, 1883, s. 426
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
  8. Barron, 1923, Table IX, Subdistrict of Jenin,
  9. Mills, 1932, s. 68
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 54
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 98
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 148

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]