Arraba i Jenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 32°24′16″N 35°12′12″E
Arraba
عرّابة, Arrabah, Arrabeh
kommune
none Frå nord
Frå nord
Namneopphav: Ei steppe[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jenin guvernement
Koordinatar 32°24′16″N 35°12′12″E
Areal 39,6 km²
Folketal 9 920 (2007)
Folketettleik 251 / km²
Borgarmeister Adnan Musa
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Arrabah

Arraba (arabisk عرّابة, ʻArrābah), òg skrive Arrabah, Arrabeh eller Arrabet Jenin, er ein palestinsk by nord på Vestbreidda 13 kilometer sørvest for Jenin. Det har ei høgd på 350 meter over havet og ligg nær Sahl Arrabah, ei slette om ligg mellom Karmelberget og Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Arraba eit folketal på 9 920 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landområdet til Arraba omfattar Khirbet al-Hamam og Tel el-Muhafer, og ein trur begge desse kan ha vore den kanaanittiske byen Arubboth frå Kongebøkene (Rubutu i egyptiske dokument) og byen Narbata i romartida.[3][4]

I 1596 stod landsbyen oppført i osmanske skattelister i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 81 hushaldningar og 31 ungkarar, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skildra han: «Denne byen ligg på eit platå ... Han er delt inn i tre delar, ein omgjeve av ein mur med små tårn på kvar side. Denne muren er i dag i stor grad øydelagd, og har velta i ei kringsetjing nokre år sidan under eit opprør mot kaymakamen i Nablus».[6] I 1882 skildra «Survey of Western Palestina» Arrabeh som «ein svært stor landsby på sørsida av ein rygg, med dei nordlege husa i høgt lende. Det ligg ein liten moské i sentrum, og ein eller to store bygningar, inkludert huset til sjeiken. Vassforsyninga kjem frå brunnar inne i landsbyen, og på vegen mot nord. Det ligg ein rygg med særs nakne klipper mellom landsbyen i sør og sletta (Merj 'Arrabeh) i nord. Spreidde oliven veks kring landsbyen, men området like nær er særs berr. Landsbybuarane er turbulente og rike, og eige særs fint land på dei nordlege slettene.»[7]

I 1913-14 bygde osmanarane ein del av Jezreeldalen-banen (som i sjølv var ei grein av den no nedlagde Hejaz-banen) gjennom Arraba og enda opp i Nablus.[8]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Arrabeh eit folketal på 2 196, alle muslimar.[9] I folketeljinga i 1931 hadde innbyggjartalet auka til 2 500, framleis alle muslimar, i 554 busette hus.[10] I 1945 var folketalet 3 810 arabarar med 39 901 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[11] 5 mål vart nytta for sitrus eller bananar, 3 568 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 23 357 mål for korn,[12] medan 315 mål var utbygd (urbant) land.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 179
  2. 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. Zertal, Adam; Arubboth, Hepher, and the Third Salomoic distrikt, 1984: 72-76, 112-114, 133-136
  4. Na'aman, Nadav; Kanaan i second millennium fvt., 2005: 212.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 128. Note typo in grid number, see talk.
  6. Guérin, 1875, s. 218 ff, som omsett i SWP, 1882, II, s. 154.
  7. Conder og Kitchener, 1882, II, s. 154
  8. Gilbar, Gad G.; Ottoman Palestine, 1800-1914: Studies in Economic and Social History, 1990; 197
  9. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Subdistrict of Jenin. 
  10. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 67. 
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 54
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 98
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 148

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]