Ya'bad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°26′48″N 35°10′13″E
Ya'bad
يعبد, Yabad
kommune
Ya'bad.jpg
Ya'bad i Palestina
Namneopphav: Yabid, s.n.[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jenin guvernement
Koordinatar 32°26′48″N 35°10′13″E
Areal 21,6 km²
Folketal 13 640 (2007) [2]
Folketettleik 631 / km²
Borgarmeister Walid Abadi
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ya'bad

Ya'bad (arabisk يعبد, hebraisk skrift יעבד) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, 20 kilometer vest for Jenin i Jenin guvernement. Han er ein stor jordbruksby og det mest av landområdet er dekt av olivenlundar og kornåkrar. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 13 640 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod Ya'bad oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 62 hushaldningar, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer. Ein waqf var tileigna Halil ar-Rahman.[3] På 1600- og 1700-talet var Ya'bad kjend for å produsere den beste osten i Samaria.

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Ya'bad og skreiv at han låg «på ei høgd»,[4] medan i The Survey of Western Palestine (1882) vart Yabid skildra som «ein ganske stor steinlandsby, med somme kristne familiar og to muslimske fraksjonar, kalla 'Abd el Hady og Beni Tokan, som bur i forskjellige delar. Landsbyen ligg på ein rygg, med ein brunn i sør og ein liten, frå skild bydel i aust, der det ligg ein liten Mukam.»[5]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Yabid eit folketal på 1 733, alle muslimar,[6] dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 2383, framleis alle muslimar, i 418 busette hus.[7]

I 1935 vart den arabiske motstandsleiaren Izz ad-Din al-Qassam og nokre få av mennene hans drepne i ei grotte nær Ya'bad av britiske styrkar.[8]

I 1945 var folketalet i Ya'bad (inkludert Khirbat el Khuljan, Khirbat et Tarim, Khirbat Tura esh Sharqiya, Nazlat Sheik Zeid og Khirbat Umm Rihan) på 3 480 arabarar, med 37 805 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] 6 035 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 9 955 mål for korn,[10] medan 92 mål var utbygd (urbant) land.[11]

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom Ya'bad under Jordan sitt styre, før han vart okkupert av Israel i lag med resten av Vestbreidda.

Ei stor trekolgruve i Fahma al-Jadida, ligg nær Ya'bad og dei fleste arbeidarane kjem frå denne byen.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 156
  2. 2,0 2,1 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 128.
  4. Guérin, 1875, s. 223
  5. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 47
  6. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Subdistrict of Jenin. 
  7. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 71. 
  8. Segev, Tom (1999). One Palestina, Complete. Metropolitan Books. s. 360–362. ISBN 0-8050-4848-0. 
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 55
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 100
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 150
  12. palestinarar struggle in dire straits Martin Asser BBC News

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]