Sanur i Jenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°21′23″N 35°14′49″E
Sanur
صانور
kommune
Sanur, Jenin.jpg
Sanur, kring 1908
Namneopphav: Sanur, førenamn[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jenin guvernement
Koordinatar 32°21′23″N 35°14′49″E
Folketal 4 300
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sanur, Jenin

Sanur (arabisk صانور) er ein palestinsk by som ligg 26 km sørvest for Jenin, i Jenin guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Sanur eit folketal på 4 067 i 2007.[2]

Seint i osmansk tid var Sanur ein festningslandsby for Jarrar-klanen og spelte ei viktig rolle i å avgrense makta til det osmanske sultanatet, den osmanske guvernøren i Damaskus og Akko og den osmansk-venlege Touqan-klanen i Nablus i regionen [Jabal Nablus]] (dagens nordlege Vestbreidda).[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid her. Ved moskeen ligg ei gammal cisterne. Det er òg hogde inn cisterner i dei bratte fjellsidene, der ein òg finn gravholer.[4]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Sanur vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 23 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[5]

Sanur vart grunnlagd av ei grein av Jarrar-klanen som flytta til staden frå Jaba' i osmansk tid.[6] Dei bygde ei formidabel festning i landsbyen, som vakta over vegen inn i Nablus frå nord.[7] Sanur tente som tronelandsbyen til klanen,[8] og frå her styrte dei mange av landsbyane i området kring Jenin, inkludert Lajjun, Marj Ibn Amer og Nasaret. Festninga, og den store bonde-militsen, forsterka den militære styrken til Jarrar.[7]

På midten og slutten av 1700-talet klarte Jarrar-klanen å hindre Daher al-Omar, som vart herskar i kystbyen Akko, frå å ta over Jabal Nablus.[9] Sanur markerte maktgrensa til al-Omar og dei fortsette å avgrense kontrollen til dei påfølgjande herskarane i Akko.[10] I 1764 prøvde den osmanske guvernøren i Damaskus, Uthman Pasha al-Kurzi, på å undertrykke Sanur, og møtte Jarrar-klanen til kamp leia av Muhammad al-Jarrar i Jabal Nablus, men klarte det ikkje.[11]

I 1790 kringsette guvernøren i Akko, Sidon og Damaskus, Jezzar Pasha, Sanur etter at leiaren her Yusuf al-Jarrar, nekta å underordne seg Jezzar. Sjølv om festninga vart kraftig bombardert, stod byen i mot kringsetjinga i over femti dagar. Styrkane til Jezzar prøvde å sprenge seg gjennom fortet men enda opp med å øydeleggje sin eigen leir i staden, og dei trakk seg bort. Jezzar prøvde igjen å underlegge seg Sanur i 1803, men mislukkast nok ein gong.[10] Historikaren Beshara Doumani daterer den andre kringsetjinga av Jezzar til 1795.[12]

I 1830 prøvde Abdullah Pasha frå Akko å få kontroll over dei landsherrane i Jabal Nablus, som var ein del av området han styrte, då dei ikkje betalte skatt. Då somme av landsherrane, leia av Jarrar- og Qasim-klanane, gjorde opprør mot Abdullah, kringsette han Sanur med hjelp av forsterkingar frå Emir Chehab frå Libanonfjella.[12] Kringsetjinga varte i fire månader. Etter fleire åtak mot festninga i landsbyen, klarte tre artilleribatteri plassert vest for landsbyen å sprenge ei opning i festninga. Som hemn for alle mennene han tapte under kringsetjinga, reiv Abdullah ned murane og tårna i festninga.[13] Makta til Jarrar-klanen vart alvorleg svekka då dei tapte festninga.[12] I 1840 vart landsbyen bombardert av styrkane til Ibrahim Pasha.[14]

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han skreiv at «det verkar lagnadsstyrt at staden skulle vere ein skanse. Ein mur med tårn låg tidlegare kring toppen, og er no ein del av b yen. Mange hus har blitt øydelagd og delvis bygd opp att. Huset til sjeiken, som eg vitja, er som ei lita borg».[15]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Sanur som ein liten festningslandsby, med kring 200 til 300 innbyggjarar. Han var framleis hovudkvarteret til ei grein av Jarrar-klanen,[14] medan den andre framleis var i Jaba'.[16]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sanur eit folketal på 682, alle muslimar.[17] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 759, framleis alle muslimar, i 154 hus.[18]

Under arabararopprøret i Palestina 1936–39, vart sjefskommandanten for opprøret, Abd al-Rahim al-Hajj Muhammad, drepen i Sanur i ei skotutveksling med britiske soldatar som følgde etter han. Han vart først gravlagd i landsbyen, før lekamen vart flytta til Dhinnaba.[19]

Landområdet til Sanur bestod i1945 av 12 897 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[20] 2 370 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 7 259 mål for korn,[21] medan 21 mål var utbygd (urbant) land.[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 190
  2. «Table 26 (Cont.): Stader på Vestbreidda by Selected Indicators, 2007» (PDF) (på arabisk). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2007. s. 106. 
  3. Doumani, 1995, s. 234.
  4. Dauphin, 1998, s. 758.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 128.
  6. Palestine Exploration Fund, 1905, s. 356.
  7. 7,0 7,1 Doumani, 1995, s. 37.
  8. Rustum, 1938, s. 75.
  9. Philip, 2001, s. 33.
  10. 10,0 10,1 Phillip, 2001, s. 19.
  11. Zertal, 2004, s. 240.
  12. 12,0 12,1 12,2 Doumani, 1995, s. 43–44.
  13. Zertal, 2004, s. 239–240.
  14. 14,0 14,1 Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 157-158.
  15. Guérin, 1874, s. 344–350, som omsett i Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 158. (i French).
  16. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 156.
  17. Barron, 1923, Table IX, Subdistrict of Jenin, s. 29
  18. Mills, 1932, s. 71
  19. Nimr, LeVine, 2012, s. 154.
  20. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 55
  21. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 99
  22. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 149

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]