Fet kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fet kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Fetsund
Areal 176 km²
 - land 144 km²
 - vatn 32 km²
Folketal 11 663 (1. januar 2018)
Folketettleik 81 / km²
Målform bokmål
Ordførar J. H. Skoglund (Ap)
Kommunenummer 0227
NO 0227 Fet.svg
Wikimedia Commons: Fet
Nettstad: www.fet.kommune.no

Fet er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord mot Skedsmo og Sørum, i aust mot Aurskog-Høland, og i sør mot Trøgstad.

Dei viktigaste næringsvegane i kommunen er jordbruk, skogbruk og industri. Mange har arbeid utanfor kommunen.

Ved elva Glomma sitt utløp i innsjøen Øyeren ligg Fetsund Lenser. Tømmer frå skogane langs Glomma vart bunta saman og frakta med båtar til dei mange sagbruka langs Øyeren og i Lillestrøm. Lensene og området kring er teke vare på som museum, og framstår i dag som eit kulturminne og turområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fetsund lenser
Foto: Anders Fagerjord
Fetsund stasjon