Gemma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alfa Coronae Borealis A/B
Corona borealis constellation map.png
Locator Dot2.gif

The red dot shows the location of α Den nordlege krona.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Den nordlege krona
Rektascensjon 15h 34m 41.268s[1]
Deklinasjon +26° 42′ 52.89″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)2.21 (2.24 / 7.1)
Karakteristikk
SpektralklasseA0V/G5V[2]
U−B fargeindeks–0.03[3]/—
B−V fargeindeks–0.02[3]/—
Variabel typeEclipsing binary
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)+1.7[4] km/s
Eigarørsle (μ) RA: 120.27 ± 0.19[1] mas/år
Dek.: -89.58 ± 0.20[1] mas/år
Parallakse (π)43.46 ± 0.28[1] mas
Avstand75,0 ± 0,5 ly
(23,0 ± 0,1 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)+0.16/+5.05[2]
Bane[5]
Eksentrisitet (e)0.370
Inklinasjon (i)88.2 ± 0.1°
Perihelargument (ω)
(primær)
311°
Detaljar
Masse2.58/0.92[2] M
Radius2.89–3.04/0.90[2][5] R
Luminositet74/0.81[2] L
Overflategravitasjon (log g)3.89/4.50[2] cgs
Temperatur9,700/5,800[2] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i)139[6] / < 14[5] km/s
Alder3.14 × 108 år
Andre namn
Gemma, Alphekka, Alphecca, Gnosia, Ashtaroth, The Jewel, Gnosia Stella Coronae, 5 CrB, HR 5793, BD +27°2512, HD 139006, GCTP 3519.00, SAO 83893, FK5 578, HIP 76267.
Databasereferanse
SIMBADdata

Gemma eller Alfa Coronae Borealis (α CrB, α Coronae Borealis, Alphecca) er ei dobbeltstjerne i stjernebiletet Den nordlege krona. Ho ligg kring 75 lysår frå solsystemet.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Hovudkomponenten er ei kvit stjerne i hovudserien med spektralklasse A0V og 2,6 gonger massen til sola. Estimat av radiusen til stjerna varierer frå 2,89 til 3,04 gonger radiusen til sola.[2][5] IRAS har målt eit infraraud eksess i 24 μm og 70 μm kring primærstjerna.[7] Dette indikerer at det ei stor skive med støv og materiale kring Gemma, og ein har spekulert i om dette kan vere eit planet- eller protoplanet-system, som liknar der ein finn kring Vega.

Sekundærkomponenten er ei gul hovudseriestjerne med ein estimert storleiksklasse G5, 0,92 gonger massen til sola og 0.90 gonger solradiusen. Røntgenstråling frå stjerna er 6 × 1028 erg-1, som er 30 gonger høgare enn den kraftigaste strålinga frå sola. Dette høgare aktivitetsnivået er venta av ei ung stjerne i denne klassen. Koronaen har ein temperatur på kring 5 MK, som er mykje varmare enn koronaen til sola. Den øvre grensa på 14 km/s for den ekvatoriale rotasjonssnøggleiken, som svarar til ein rotasjonsperiode på tre dagar. Truleg er rotasjonsperioden storts ett kring 7,9 dagar.[2][5]

Stjernene krinsar rundt kvarandre i ein eksentrisk bane kvar 17,36 dagar. Fordi planet til banen har ein vinkel på 88,2° i forhold til synslinja frå jorda,[5] dannar paret ei formørkande dobbeltstjerne liknande Algol (β Per). Den periodiske formørkinga fører til ein variasjon i storleiksklasse på +2,21 til +2,32,[8] som nesten ikkje er merkbart for det nakne auga.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Stjerna har dei tradisjonelle namna Alphekka, Gemma, Gnosia (Gnosia Stella Coronae) og Asteroth (Ashtaroth).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 van Leeuwen, F. (2007). «Validation of the new Hipparkos reduction». Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357.  Vizier catalog entry
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Tomkin, J.; Popper, D. M. (June 1986). «Rediscussion of eclipsing binaries. XV - Alfa Coronae Borealis, a main-sequence system with komponentar of types A and G». Astronomical Journal 91. Bibcode:1986AJ.....91.1428T. doi:10.1086/114121. 
  3. 3,0 3,1 Johnson, H. L.; Iriarte, B.; Mitchell, R. I.; Wisniewskj, W. Z. (1966). «UBVRIJKL photometry of the bright stars». Communications of the Lunar and Planetary Laboratory 4 (99). Bibcode:1966CoLPL...4...99J. 
  4. Wilson, R. E. (1953). General Catalogue of Stellar Radial Velocities. Carnegie Institute of Washington, D.C. Henta 5. september 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Güdel, M.; Arzner, K.; Audard, M.; Mewe, R. (May 2003). «Tomography of a stellar X-ray corona: alpha Coronae Borealis». Astronomi and Astrophysics 403: 155–171. Bibcode:2003A&A...403..155G. doi:10.1051/0004-6361:20030257. 
  6. Royer, F.; Grenier, S.; Baylac, M.-O.; Gómez, A. E.; Zorec, J. (October 2002). «Rotational velocities of klasse A-stjerner nord i hemisphere. II. Measurement of v sin i». Astronomi and Astrophysics 393: 897–911. Bibcode:2002A&A...393..897R. arXiv:astro-ph/0205255. doi:10.1051/0004-6361:20020943.  Table 8.
  7. Su, K. Y. L.; et al. (desember 2006). «Debris Disk Evolution around A Stars». The Astrophysical Journal 653 (1): 675–689. Bibcode:2006ApJ...653..675S. arXiv:astro-ph/0608563. doi:10.1086/508649. 
  8. Efremov, N.; et al. (1971). General Catalogue of Variable Stars (3rd utg.). Moscow.