Den sørlege krona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den sørlege krona
Den sørlege krona
Latinsk namn Corona Australis
Forkorting CrA
Genitivsform Coronae Australis /
Coronae Austrinae
Symbologi Frå Ptolemaios av Alexandria
Rektasensjon 19 h
Deklinasjon −40°
Areal 128 kvadratgrader
nr. 80 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α CrA (4,1. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +40° og −90°

Den sørlege krona (frå latin Corona australis) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 200-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Dei gamle grekarane såg på stjernebiletet som eit krans og ikkje som ei krone og knytte det til Skytten eller Kentauren. Andre kulturar har samanlikna biletet med ei skjelpadde, eit strutsereir, eit telt eller ei hyltte som høyrte til ein fjellgrevling.

Alfa og Beta Coronae Australis er dei to mest lyssterke stjernene i biletet med ein tilsynelatande storleiksklasse på kring 4,1. Epsilon Coronae Australis er det mest lyssterke dømet på ein W Ursae Majoris-variabel på den sørlege himmelen. Stjernebiltet ligg ved sidan av Mjølkevegen og inneheld ein av dei mest nærliggande stjernedannande områda til solsystemet vårt - ei mørk stjernetåke kalla Corona Australis molekyltåke, som ligg kring 430 lysår unna. Her finn ein stjerner som er i dei første stadia av levetida si. Dei variable stjernene R og TY Coronae Australis lyser opp delar av stjernetåka.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege krona er eit lite stjernebilete som grensar til Skytten i nord, Skorpionen i vest, Telescopium i sør og Alteret i sørvest. Forkortinga for stjernebiletet, som er nytta av International Astronomical Union sidan 1922, er 'CrA'.[1] Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart fastsett av Eugène Delporte i 1930, og er definert av eit polygon med fire segment.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Den sørlege krona slik det er for det nakne auga.

Sjølv om det ikkje er eit lyssterkt stjernebilete, skil Den sørlege krona seg ut ved eit lett gjenkjenneleg mønster av stjerner,[2] som har blitt skildra som ein hestesko-Mal:Refn eller ovalform.Mal:Refn Sjølv om ingen av stjernene er lysare enn storleiksklasse 2,4, har det likevel 21 stjerner som er synlege for det nakne auga (lysare enn storleiksklasse 5,5),[3] noko som gjer det til det nest mest lyssterke stjernebiletet.[4] Nicolas Louis de Lacaille brukte dei greske bokstavane Alfa til Lambda som nemning på dei elleve mest markante stjernene i stjernebiletet, og kalla to stjerner Eta, medan han ikkje nytta Iota. Mu Coronae Australis, er ei gul stjerne med spektralklasse G5.5III og tilsynelatande storleiksklasse 5,21,[5] fekk nemning av Johann Elert Bode og igjen av Benjamin Gould, som meinte ho var lys nok til å få ei eiga nemning.[6]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Den einaste stjerna i stjernebiletet som har fått namn er Alfecca Meridiana eller Alfa CrA. Namnet kombinerer det arabiske namnet på stjernebiletet med det latinske for «mellom».[7] På arabisk tyder Alfecca «brot», og syner til forma til både Den sørlege og Den nordlege krona.[8] Ho vert òg berre kalla «Meridiana»,[9] og er ei kvit stjerne i hovudserien som ligg 130 lysår frå jorda,[2] med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,10 og spektralklasse A2Va.[10] Ho er ei raskt roterande stjerne, som spinn med ein fart på nesten 200 km per sekund ved ekvator, og snurrar rundt ein heil runde på kring 14 timar.[11] Som stjerna Vega, har ho infraraud overskotsstråling, som indikerer at ho kan ha ein disk av støv kring seg.[8] Ho er for tida ei hovudseriestjerne, men vil etter kvart utvikle seg til å bli ein kvit dverg. I dag har ho ein luminositet som er 31 gonger større, og ein radius og masse som er 2,3 gonger større enn sola.[8] Beta Coronae Australis er ei oransje kjempe 510 lysår frå jorda.[2] Spektralklassen er K0II, og er av tilsynelatande storleiksklasse 4,11.[12] Etter ho vart danna har ho utvikla seg frå ei klasse B-stjerne til ei klasse K-stjerne. Luminositetsklassen plasser ho som ei lys kjempe. Luminositeten er 730 gonger sola sin,[13] noko som gjer ho til den type K0-stjerna med høgast luminositet som er synleg for det nakne auga.[9] Ho er 100 millionar år gammal og har ein radius som er 43 solradiar (R) og ein masse som er mellom 4,5 og 5 solmassar (M). Alfa og Beta er så like at det ikkje er mogeleg å skilje lysstyrken deira med det nakne auga.[13]

Av dei meir markante dobbelstjernene finn ein Gamma Coronae Australis—eit par gulkvite stjerner som ligg 58 lysår frå jorda, og som går i bane kring kvarandre med ein periode på 122 år. Dei har blitt meir fråskilde sidan 1990 og dei to stjernene er mogelege å skjelne frå kvarandre med eit 100 mm-teleskop;[2] dei er skilde av 1,3 bogesekund med ein vinkel på 61 grader.[14] Dei har ein samla visuell storleiksklasse på 4,2;[15] og kvar komponent er ei F8V dvergstjerne med ein storleiksklasse på 5,01.[16][17] Epsilon Coronae Australis er ei formørkande binærstjerne som høyrer til klassen kalla W Ursae Majoris-variabel. Desse stjernesystema er kjende som kontaktbinære sidan komponentstjernene ligg så tett at dei rører kvarandre. Dei varierer med ein kvart storleiksklasse kring ein gjennomsnittleg tilsynelatande storleiksklasse på 4,83 kvar sjuande time. Stjernesystemet ligg 98 lysår unna.[18] Spektralklassen er F4VFe-0.8+.[19] I sørenden av stjernebiletet ligg stjernene Eta¹ og Eta² Coronae Australis, som dannar ei optisk dobbeltstjerne.[20] Med ein storleiksklasse på 5,1 og 5,5, er dei mogeleg å skjelne med det nakne auga, og begge er kvite.[21] Kappa Coronae Australis er ei lett oppløysleleg optisk dobbeltstjerne. Komponentane er 5,7 og 6,3 og dei ligg høvesvis 1700 og 490 lysår unna.[2] Dei har ein vinkel på 359 grader og er skilde frå kvarandre med 21,6 bogesekund.[14] Kappa² er den lysare av dei to og er meir blåkvit,[21] med spektralklasse B9V,[22] medan Kappa¹ har spektralklasse A0III.[23] 202 lysår unna ligg Lambda Coronae Australis og er dobbelt delbar i små teleskop. Hovudstjerna er ei kvit stjerne med spektralklasse A2Vn og storleiksklasse på 5,1,[24] medan følgjestjerna har ein storleiksklasse på 9,7.[2] Dei to komponentane er skilde med 29,2 bogesekund med ein vinkel på 214 grader.[14]

Zeta Coronae Australis er ei raskt roterande hovudseriestjerne med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,8, 221,7 lysår frå jorda. Stjerna har uskarpe linjer i hydrogenspekteret på grunn av rotasjonen.[20] Spektralklassen er B9V.[25] Theta Coronae Australis ligg lenger vest og er ei gul kjempe med spektralklasse G8III og tilsynelatande storleiksklasse 4,62.[26] Corona Australis har òg RX J1856.5-3754, ei isolert nøytronstjerne som ein trur ligg 460 (±130) lysår, unna, med ein diameter på 14 km.[27] Ein trudde tidlegare dette var ei særstjerne,[28] men dette er blitt avvist.[27]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

R Coronae Australis området frå La Silla-observatoriet.

Nord i stjernebiletet ligg Corona Australis molekylsky, ei mørk molekylsky med mange inneslutta refleksjonståker,[13] inkludert NGC 6729, NGC 6726–7 og IC 4812.[29] Det er eut stjernedannande område på kring 7000 M,[13] og inneheld Herbig–Haro-objekt (protostjerner) og mange særs unge stjerner.[29] Det ligg kring 430 lysår unna, og er eit av dei næraste stjernedannande områda til solsystemet vårt.[30] Dei tilknytte NGC 6726 og 6727, i lag med den ikkje-tilknytte NGC 6729, vart først registrert av Johann Friedrich Julius Schmidt i 1865.[31] Coronethopen, som ligg kring 554 lysår unna ved kanten av Gouldbeltet, vert òg nytta til å studere stjerne- og protoplanetarisk skjeve-danning.[32]

R Coronae Australis er ei irregulær variabel stjerne som varierer i storleiksklasse frå 9,7 til 13,9.Mal:Refn Ho blåkvit med spektralklasse B5IIIpe.[33] Ho er ei særs ung stjerne og akkumulerer framleis interstellart stoff.[29] Ho er ligg bakom og lyser opp den kringliggande stjernetåka NGC 6729, som lyser opp og blir mørkare i lag med stjerna.Mal:Refn Stjernetåka vert ofte samanlikna med ein komet på grunn av utsjånaden i eit teleskop, sidan ho er fem gonger så lang som ho er brei.[34] S Coronae Australis er ein klasse G-dverg i same feltet som R, og er ei T Tauri-stjerne.[20] I nærleiken lyser ei anna ung, variabel stjerne, TY Coronae Australis, opp ei anna stjernetåke: refleksjonståka NGC 6726–7. TY Coronae Australis varierer ujamnt mellom storleiksklassane 8,7 og 12,4, og lysstyrken til stjernetåka varierer i lag med stjerna.Mal:Refn Ho er blåkvit med spektralklasse B8e.[35] Dei største av dei unge stjernene i regionen, R, S, T Coronae Australis, TY og VV Coronae Australis, kastar alle ut jettar av materiale som får det kringliggande støvet og gassen til å samle seg saman og danne Herbig–Haro-objekt, og ein har identifisert mange slike i nærleiken.[36] I nærleiken til tåkene ligg kulehopen NGC 6723, som i røynda ligg i nabo-stjernebiletet Skytten og er mykje lengre unna.Mal:Refn

Nær Epsilon og Gamma Coronae Australis ligg Bernes 157, ei mørk tåke og stjernedannande område. Det er ei stor stjernetåke, 55 gangar 18 bogeminutt, med fleire stjerner kring storleiksklasse 13. Desse stjernene er blitt dimma opp til 8 storleiksklassar av støvet i tåka.[37]

IC 1297 er ei planetarisk tåke med tilsynelatande storleiksklasse 10,7, som ser ut som eit grønfarga, rundt objekt i kraftige amatørinstrument.Mal:Refn Tåka ligg kring den variable stjerna RU Coronae Australis, som har ein midla tilsynelatande storleiksklasse på 12,9[38] og er ei klasse WC Wolf–Rayet-stjerne.[39] IC 1297 er lita, berre kring 7 bogesekund i diameter; og er blitt skildra som «ein firkant med avrunda kantar», strekt i nord-sør-retninga.[40] Fargane er blitt skildra som blå, blågrøn og grønaktig blå.[40]

Siden Den sørlege krona ligg nær Mjølkevegen er det få galaksar å sjå. NGC 6768 er eit objekt med storleiksklasse 11,2, 35 minuttgrader sør for IC 1297. Han består av to galaksar som flyt saman,[21] den eine ein langstrekt elliptisk galakse med klasse E4 og den andre ein linseforma galakse med klasse S0.[41] IC 4808 er ein galakse med tilsynelatande storleiksklasse 12,9 på grensa til Den sørlege krona til stjernebiletet Teleskopet, og 3,9 grader vest-sørvest for Beta Sagittarii. I amatørteleskop kan ein berre sjå ei antyding til spiralstrukturen. Han er 1,9 bogeminuttar ganger 0,8 bogeminuttar. Det sentrale område av galaksen verkar lysar i eit amatørinstrument, og heller nordaust til sørvest.[42]

Søraust for Theta og sørvest for Eta ligg den opne hopen ESO 281-SC24, som består av den gule stjerna GSC 7914 178 1 med storleiklasse 9, og fem stjerner med storleiksklasse kring 10 og 11.[21] Halvvegs mellom Theta Coronae Australis og Theta Scorpii ligg den tette kulehopen NGC 6541. Han har storleiksklasse 6,3Mal:Refn til 6,6,[14] og er synleg i kikkertar og små teleskop. Han ligg kring 22 000 lysår unna, og er kring 100 lysår i diameter.Mal:Refn Han er estimert til å vere kring 14 milliardar år gammal.Mal:Refn NGC 6541 er 13,1 bogeminutt i diameter og er noko oppløyseleg i store amatørteleskop.[43]

Meteorsvermar[endre | endre wikiteksten]

Corona Austranidane er ein meteorsverm som finn sstad mellom 14. og 18. mars kvart år, med ein topp kring 16. mars.Mal:Refn Denne meteorsvermen har ikkje mange meteorar per time. I 1953 og 1956 vart det observert høvesvis maks 6 og 4 meteorar per time.[44] I 1992 vart det registrert opp mot 45 meteorar i timen.[45] Corona Austranidane varierer mykje frå år til år.[46][47]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russell 1922, s. 469.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Ridpath & Tirion 2007, s. 126–127.
  3. Bakich 1995, s. 130.
  4. Bakich Podcast 26 August 2010.
  5. SIMBAD Mu Coronae Australis.
  6. Wagman 2003, s. 114–115.
  7. Allen 1963, s. 172–173.
  8. 8,0 8,1 8,2 Kaler, Alfecca Meridiana.
  9. 9,0 9,1 Bagnall 2012, s. 170.
  10. SIMBAD Alfa Coronae Australis.
  11. Royer, Zorec & Gómez 2007, s. 463.
  12. SIMBAD Beta Coronae Australis.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Kaler, Beta Coronae Australis.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Moore & Rees 2011, s. 413.
  15. SIMBAD LTT 7565.
  16. SIMBAD HR 7226.
  17. SIMBAD HR 7227.
  18. Kaler, Epsilon Coronae Australis.
  19. SIMBAD Epsilon Coronae Australis.
  20. 20,0 20,1 20,2 Motz & Nathanson 1991, s. 254–255.
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Streicher 2008, s. 135–139.
  22. SIMBAD HR 6953.
  23. SIMBAD HR 6952.
  24. SIMBAD Lambda Coronae Australis.
  25. SIMBAD Zeta Coronae Australis.
  26. SIMBAD Theta Coronae Australis.
  27. 27,0 27,1 Ho Wynn C. G. et al. 2007.
  28. Drake, Jeremy J. et al. 2002.
  29. 29,0 29,1 29,2 Malin 2010.
  30. Reipurth 2008, s. 735.
  31. Steinicke 2010, s. 176.
  32. Sicilia-Aguilar, Aurora; Henning, Thomas; Juha´sz, Attila; Bouwman, Jeroen; Garmire, Gordon; Garmire, Audrey (10 November 2008). «VERY LOW MASS OBJECTS IN THE CORONET CLUSTER: THE REALM OF THE TRANSITION DISKS». The Astrophysical Journal. 
  33. SIMBAD R Coronae Australis.
  34. Bakich Podcast 25 June 2009.
  35. SIMBAD TY Coronae Australis.
  36. Wang et al. 2004.
  37. Bakich 2010, s. 266.
  38. Moore, Data Book 2000, s. 367–368.
  39. SIMBAD RU Coronae Australis.
  40. 40,0 40,1 Bakich 2010, s. 270.
  41. NASA/IPAC NGC 6768.
  42. Bakich Podcast 18 August 2011.
  43. Bakich Podcast 5 July 2012.
  44. Weiss 1957, s. 300.
  45. Rogers & Keay 1993, s. 274.
  46. Weiss 1957, s. 302.
  47. Ellyett & Keay 1956, s. 479.

Kjelder

Nettkjelder

SIMBAD

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den sørlege krona


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 19h 00m 00s, −40° 00′ 00″