Den nordlege krona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den nordlege krona
Den nordlege krona
Latinsk namn Corona borealis
Forkorting CrB
Genitivsform Coronae Borealis
Symbologi myten om Ariadne
Rektasensjon 16 h
Deklinasjon +30°
Areal 179 kvadratgrader
nr. 73 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne (α CrB) (Alphecca or Gemma) (2,2. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −50°

Den nordlege krona (frå latin Corona borealis) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er den nordlege motparten til Den sørleg krona. Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart oppførte av Klaudios Ptolemaios på 100-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. I klassisk mytologi vart Den nordlege krona generelt representert som krona gjeven av guden Dionysos til den kretiske prinsessa Ariadne og som han sette på himmelen. Andre kulturar har samanlikna mønsteret med ein sirkel av eldre, eit ørnereir, eit bjørnehi og til og med eit røykehol.

Den mest lyssterke stjerna er Alfa Coronae Borealis med storleiksklasse 2,2. Den gule superkjempa R Coronae Borealis er prototypen på ein sjeldan klasse kjempestjerner—R Coronae Borealis variable—som har ekstremt lite hydrogen, og som ein trur har oppstått ved at to kvite dvergar har smelta saman. T Coronae Borealis, òg kalla Blazestjerna, er ein anna uvanleg stjernetype kjend som periodisk nova. Normalt har ho storleiksklasse 10, men lyste opp til storleiksklasse 2 i 1946. ADS 9731 og Sigma Coronae Borealis er fleirstjernesystem med seks og fem komponentar kvar. Ein har funne fem stjernesystem med exoplanetar av same storleik som Jupiter. Abell 2065 er eit særs konsentrert galaksehop som ligg 1 mrd. lysår frå solsystemet vårt, med over 400 medlemmar, og er sjølv ein del av den store Corona Borealis superhopen.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Biletet dekkjer 179 kvadratgrader og dermed 0,433 % av himmelen. Corona Borealis er det 73. største av 88 stjernebiletet i areal.[1] Det grensar til Boötes i nord og vest, Serpens Caput i sør og Hercules i aust. Forkortinga for stjernebiletet er 'CrB'.[2]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Dei sju stjernene som dannar den særeigne krone-forma er alle av storleiksklasse 4, utanom den mest lyssterke av dei, Alfa Coronae Borealis. Dei andre seks stjernene er Theta, Beta, Gamma, Delta, Epsilon og Iota Coronae Borealis. Den tyske kartografen Johann Bayer gav tjue stjerner i Corona Borealis Bayer-nemning frå Alfa til Ypsilon i stjerneatlaset hans Uranometria frå 1603. Komponentane i dobbeltstjerna Zeta Coronae Borealis har sidan fått nemninga Zeta1 og Zeta2.[3] Innafor stjernebiletet er det 37 stjerner som har tilsynelatande storleiksklasse lik eller større 6,5.[1]

Stjernebiletet Corona Borealis slik det er for det nakne auga

Alfa Coronae Borealis vert òg kalla Alphekka eller Gemma og ser ut som ei blåkvit stjerne med tilsynelatande storleiksklasse 2,2, men er ei Algol-type formørkande binærstjerne. Ho varierer med 0,1 storleiksklasse med ein periode på 17,4 dagar.[4] Primærstjerna er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A0V som er 2,91 gonger med solmassar (M) og 57 gonger så lyssterk (L), omgjeve av ei fragmentskive med ein radius på kring 60 astronomiske einingar (AU).[5] Følgjesjerne er ei gul hovudseriestjerne med spektralklasse G5V som er litt mindre (0,9) gonger diameteren til sola.[6] Stjerna ligg 75±0,5 lysår frå jorda,[7] Ein trur Alphekka er ein del av Ursa Major-gruppa som er ei gruppe stjerner med felles rørsle gjennom verdsrommet.[8]

112±3 lysår unna[7] ligg Beta Coronae Borealis eller Nusakan og er ei spektroskopisk dobbeltstjerne med to komponentar som er fråskilde av 10 AU og krinsar kring kvarandre kvart 10,5 år.[9] Den mest lyssterke komponenten er ei raskt svingande Ap-stjerne, som pulserer med ein periode på 16,2 minutt. Ho har spektralklasse A5V med ein overflatetemperatur på kring 7980 K, ein 2.09 M, 2,63 solradiar (R), og 25.3 L. Den mindre stjerna har spektralklasse F2V med ein overflatetemperatur på kring 6750 K, og har kring 1.4 M, 1.56 R, og mellom 4 og 5 L.[10] Nær Nusakan ligg Theta Coronae Borealis, eit binært system som skin med ein samla storleiksklasse på 4,13 kring 380±20 lysår unna.[7] Den lyssterke komponenten, Theta Coronae Borealis A, er ei blåkvit stjerne som spinn ekstremt raskt, kring 393 km i sekundet. Ho er ei Be-stjerne, som er omgjeve av ei fragmentskive.[11]

Aust for Alfa ligg Gamma Coronae Borealis, eit anna dobbeltstjernesystem, der komponentane går i bane kring kvarandre kvart 92,94 år og er omtrent like langt frå kvarandre som sola og Neptun.[12] Den mest lyssterke komponenten har blitt klassifisert som ei Delta Scuti variabel stjerne,[13] men ikkje alle er samde i dette.[12] Komponentane er hovudseriestjerner med spektralklassar B9V og A3V.[14] 170±2 lysår unna,[7] med storleiksklasse 4,06 er Delta Coronae Borealis ei gul kjempestjerne med spektralklasse G3.5III som er kring 2.4 M og har svulma opp til 7.4 R. Han har ein overflatetemperatur på 5180 K.[15]

Zeta Coronae Borealis er ei dobbeltstjerne med to blåkvite komponentar 6,3 bogesekund frå kvarandre. Hovudstjerna har storleiksklasse 5.1 og den sekundære har storleiksklasse 6.0.[16] Nu Coronae Borealis er ei optisk dobbeltstjerne, som ser ut til å ligge nær kvarandre sett frå jorda, men som ligg forskjellig avstand frå jorda.[17] Hovudstjerna, Nu1 Coronae Borealis, er ei raud kjempe med spektralklasse M2III og storleiksklasse 5,2, 640±30 lysår unna,[7][18] og den sekundære, Nu2 Coronae Borealis er ei oransje kjempestjerne med spektralklasse K5III og storleiksklasse 5,4 som ligg 590±30 lysår unna.[7][19] Sigma Coronae Borealis er eit verkeleg fleirstjernesystem som ein kan sjå i amatørteleskop.[4] Det er eit komplekst fleirstjernesystem som består av to stjerner like massive som sola, og som krinsar rundt kvarandre kvar 1,14 dag, og dei krinsar kring ei tredje sollikande stjerne kvart 726 år. Den fjerde og femte komponenten er eit binært raud dverg-system som ligg 14 000 AU frå dei andre tre stjernene.[20] ADS 9731 er eit enno sjeldnare fleirstjernesystem som består av eske stjerner, der to av dei er spektroskopiske binærstjerner.[21]

Den sørlege krona har to merkverdige variable stjerner.[22] T Coronae Borealis er ei kataklysmisk variable stjerne, som vert kalla Blaze-stjerna.[23] Ho vert vanlegvis sett til storleiksklasse 10—har eit minimum på 10,2 og maksimum på 9,9—og lyser opp til ein storleiksklasse 2 i ein periode på nokre timar, skapt av ein kjernefysisk kjedereaksjon og ein påfølgjande eksplosjon. T Coronae Borealis er ei av få stjerner som vert kalla periodisk nova, i lag med RS Ophiuchi, T Pyxidis, V1017 Sagitarii og U Scorpii. Eit utbrot frå T Coronae Borealis vart først registrert i 1866; det andre i februar 1946. T Coronae Borealis er ei dobbeltstjerne med ei raudfarga kjempe som primærstjerne og ei lita blå sekundærstjerne. Perioden er kring åtte månader.[24] R Coronae Borealis er ei gul variabel superkjempe, over 7000 lysår frå jorda, og ein prototype for ein stjerneklasse kalla R Coronae Borealis-varabel. Ho har normalt storleiksklasse 6, men lysstyrken fell i periodar heilt ned til storleiksklasse 15 og aukar så langsamt dei neste månadane.[25] Desse reduksjonane i storleiksklassen kjem av støv som vert kasta ut frå stjerna. Bilete av Hubbleteleskopet har synt store støvskyer ut til ein radius på kring 2000 AU frå stjerna, og består av ein straum av fint støv (korn på 5 nm i diameter).[26]

Det finst fleire andre variable stjerner som kan observerast av amatørastronomar, mellom anna tre Mira-variable med langperiodisk variasjon:[22] S Coronae Borealis varierer mellom storleiksklassar 5,8 og 14,1 over ein periode på 360 dagar.[27] Ho ligg kring 1946 lysår unna, og skin med ein luminositet 16 643 gonger så kraftig som sola og har ein overflatetemperatur på 3033 K.[28] Ei av dei raudaste stjernen på himmelen[22] er V Coronae Borealis og er ei kjølig stjerne med ein overflatetemperatur på 2877 K som skin med ein luminositet 102 831 gonger den til sola og ligg 8810 lysår unna jorda.[28] Ho varierer mellom storleiksklassar 6,9 og 12,6 over ein periode på 357 dagar,[29] og ligg nær grensa mellom Corona Borealis, Herkules og Bjørnepassaren.[22] 1,5° nordaust for Tau Coronae Borealis ligg W Coronae Borealis som varierer mellom storleiksklassar 7,8 og 14,3 over ein periode på 238 dagar.[30] Ei anna raud kjempe, RR Coronae Borealis er ei M3-type halvregulær variabel stjerne som varierer mellom storleiksklassane 7,3 og 8,2 over 60,8 dagar.[31] U Coronae Borealis varierer i storleiksklasse frå 7,7 til 8,8 over 5 timar, men er ei formørkande binærstjerne med ein periode på 3 dagar og 19 timar.[22]

TY Coronae Borealis er ein pulserande kvit dverg (ZZ Ceti) som er kring 70 % så massiv som sola, men har likevel berre 1,1 % av diameteren til sola.[32] UW Coronae Borealis vart oppdaga i 1990 og er ei røntgendobbeltstjerne med låg masse som består av ei stjerne som er mindre massiv enn sola og ei nøytronstjerne med ein akkresjonsskjeve som trekkjer materiale frå følgjesstjerna. Lysstyrken varierer på uvanleg komplisert vis: Dei to stjernene krinsar kring kvarandre kvart 1,1 minutt, men det finst ein annan syklus på 112,6 minutt, som samsvarar med krinslaupet til skjeva rundt den degenererande stjerna. Ein periode på 5,5 dagar indikerer tida akkresjonsskjeva - som er assymmetrisk - tar å presesere kring stjerna.[33]

Ein har stadfesta ekstrasolare planetar i fem stjernesystem. Spekteret til Epsilon Coronae Borealis vart analysert i sju år frå 2005 til 2012, og avdekte ein planet som er kring 6,7 gonger så massiv som Jupiter med eit krinslaup på 418 dagar og ein middelavstand på kring 1,3 AU.,[34] Sjølve Epsilon er ei oransje kjempe med spektralklasse K2III og 1,7 solmassar som har svulma til 21 gonger solradien og 151 gonger solluminositeten.[35] Kappa Coronae Borealis er ei oransje subkjempe som er nesten dobbelt som massiv som sola med spektralklasse K1IV og ei fragmentskive av støv,[5] og ein planat med ein periode på kring 3,4 år.[36] Denne planaten har kring 2,5 Jupiter-massar. Dimensjonane av fragmentskiva indikerer at det truleg er ein annan planet kring stjerna.[37] Omicron Coronae Borealis er ei anna kjempe med klasse K og med ein stadfesta planet med ein masse på 0.83 gonger Jupiter sin. Denne krinsar rundt stjerna med ein periode på 187 dagar, ein av dei to minst massive planetane som er kjende rundt slike stjerner.[36] HD 145457 er ei oransje kjempe med spektralklasse K0III som har ein planet med 2,9 Jupitermassar. Han vart oppdaga ved hjelp av Doppler-metoden i 2010 og brukar 176 dagar på eit krinslaup.[38] XO-1 har storleiksklasse 11 og er ei gul dvergstjerne som ligg kring 560 lysår unna,[39] med ein masse og radius som liknar på sola. I 2006 vart den eksoplaneten XO-1b, av typen varm Jupiter, oppdaga kring XO-1 ved hjelp av XO-teleskopet. Han har om lag same storleik som Jupiter og krinsar rundt stjerna kvar tredje dag.[40]

I 1997 vart det annonsert at ein hadde oppdaga ein planet på storleik med Jupiter kring Rho Coronae Borealis, ein gul dverg kring 57 lysår unna.[41] Men meir nøyaktige måledata frå satellitten Hipparcos avdkte at det i staden var snakk om ei stjerne med låg masse, ein stad mellom 1 og 2 gonger massen til Jupiter.[42] Det vart rekna ut at dobbeltstjerna Eta Coronae Borealis kunne ha ein planet i den habitable sona,[43]. Dei to stjernene som er gule hovudseriestjerner med spektralklasse G1V og G3V, har liknande masse og spektrum som sola.[44] Det er ikkje funne noko planet, men ein brun dverg som er kring 63 gonger så massiv som Jupiter med spektralklasse L8 vart oppdaga i ein avstand på 3640 AU frå paret i 2001.[45]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Røntgenbilete av galaksehopen Abell 2142.

Den sørlege krona inneheld få galaksar som er mogeleg å observere med amatørteleskop.[46] NGC 6085 og 6086 er ein lyssvak spiral- og elliptisk galakse som ligg nærme nok kvarandre til at ein kan sjå begge samstundes gjennom eit teleskop.[47] Abell 2142 er ein enorm (seks millionar lysår i diameter, galaksehop som stråler røntgenstråler. Denne har oppstått ved at to galaksehopar har slått seg saman. Han har ei raudforskyving på 0,0909 (som tyder at han flyttar seg bort frå oss med ein snøggleik på 27,250 km/s) og synleg storleiksklasse på 16,0. Han ligg kring 1,2 milliardar lysår (380 Mpc) unna.[48] Ein annan galaksehop i stjernebiletet, RX J1532.9+3021, ligg kring 3,9 mrd. lysår frå jorda.[49] I midten av hopen ligg ein svær elliptisk galakse med eit supermassivt svart hòl.[49] Abell 2065 er ein tett galaksehop med over 400 medlemmar. Hopen er meir enn ein milliard lysår frå jorda.[23] Abell 2065 dannar i lag med Abell 2061, Abell 2067, Abell 2079, Abell 2089 og Abell 2092, Corona Borealis supergruppe.[50]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ridpath, Ian. «Constellations: Andromeda–Indus». Star Tales. self-published. http://www.ianridpath.com/constellations1.htm. Henta 9 September 2014. 
  2. Russell, Henry Norris (1922). «The New International Symbols for the Constellations». Popular Astronomy 30: 469. Bibcode:1922PA.....30..469R. 
  3. Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, VA: The McDonald & Woodward Publishing Company. ss. 117–18. ISBN 978-0-939923-78-6. 
  4. 4,0 4,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 126–28.
  5. 5,0 5,1 Pawellek, Nicole; Krivov, Alexander V.; Marshall, Jonathan P.; Montesinos, Benjamin; Ábrahám, Péter; Moór, Attila; Bryden, Geoffrey; Eiroa, Carlos (2014). «Disk Radii and Grain Sizes in Herschel-resolved Debris Disks». The Astrophysical Journal 792 (1): 19. Bibcode:2014ApJ...792...65P. doi:10.1088/0004-637X/792/1/65. 65. 
  6. Güdel, M.; Arzner, K.; Audard, M.; Mewe, R. (2003). «Tomography of a Stellar X-ray Corona: Alfa Coronae Borealis». Astronomy and Astrophysics 403: 155–71. Bibcode:2003A&A...403..155G. doi:10.1051/0004-6361:20030257. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 van Leeuwen, F. (2007). «Validation of the New Hipparcos Reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–64. arXiv:0708.1752. Bibcode:2007A&A...474..653V. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  8. King, Jeremy R.; Villarreal, Adam R.; Soderblom, David R.; Gulliver, Austin F.; Adelman, Saul J. (2003). «Stellar Kinematic Groups. II. A Reexamination of the Membership, Activity, and Age of the Ursa Major Group». The Astronomical Journal 125 (4): 1980–2017. Bibcode:2003AJ....125.1980K. doi:10.1086/368241. 
  9. Kaler, James B.. «Nusakan». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/nusakan.html. Henta 20. mars 2015. 
  10. Bruntt, H.; Kervella, P.; Mérand, A.; Brandão, I.M.; Bedding, T.R.; ten Brummelaar, T.A.; Coudé du Foresto, V.; Cunha, M. S.; Farrington, C.; Goldfinger, P.J.; Kiss, L.L.; McAlister, H.A.; Ridgway, S.T.; Sturmann, J.; Sturmann, L.; Turner, N.; Tuthill, P.G. (2010). «The radius and effective temperature of the binary Ap star β CrB from CHARA/FLUOR and VLT/NACO observations». Astronomy and Astrophysics 512: 7. Bibcode:2010A&A...512A..55B. doi:10.1051/0004-6361/200913405. A55. 
  11. Kaler, James B.. «Theta Coronae Borealis». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/thetacrb.html. Henta 20. mars 2015. 
  12. 12,0 12,1 Kaler, James B. (25. juli 2008). «Gamma Coronae Borealis». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/gammacrb.html. Henta 20. mars 2015. 
  13. «Gamma Coronae Borealis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbak.cfa.harvard.edu/simbad/sim-basic?Ident=Gamma+Coronae+Borealis&submit=SIMBAD+search. Henta 20. mars 2015. 
  14. Malkov, O. Yu.; Tamazian, V.S.; Docobo, J.A.; Chulkov, D.A. (2012). «Dynamical Masses of a Selected Sample of Orbital Binaries». Astronomy & Astrophysics 546: 5. Bibcode:2012A&A...546A..69M. doi:10.1051/0004-6361/201219774. A69. 
  15. Gondoin, P. (2005). «The X-ray activity of the slowly rotating G giant δ CrB». Astronomy & Astrophysics 431 (3): 1027–35. Bibcode:2005A&A...431.1027G. doi:10.1051/0004-6361:20041991. 
  16. Kepple, George Robert; Sanner, Glen W. (1998). The Night Sky Observers Guide: Spring & summer. Richmond, Virginia: Willmann-Bell. ss. 111. ISBN 9780943396606. 
  17. Kaler, James B. (31. august 2007). «Nu Coronae Borealis». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/nucrb.html. Henta 20. mars 2015. 
  18. «Nu1 Coronae Borealis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbak.cfa.harvard.edu/simbad/sim-id?Ident=HD+147749&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 20. mars 2015. 
  19. «Nu2 Coronae Borealis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbak.cfa.harvard.edu/simbad/sim-id?Ident=HD+147767&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 20. mars 2015. 
  20. Raghavan, Deepak; McAlister, Harold A.; Torres, Guillermo; Latham, David W.; Mason, Brian D.; Boyajian, Tabetha S.; Baines, Ellyn K.; Williams, Stephen J.; ten Brummelaar, Theo A.; Farrington, Chris D.; Ridgway, Stephen T.; Sturmann, Laszlo; Sturmann, Judit; Turner, Nils H. (2009). «The Visual Orbit of the 1,1 Day Spectroscopic Binary σ2 Coronae Borealis from Interferometry at the Chara Array». The Astrophysical Journal 690 (1): 394–406. Bibcode:2009ApJ...690..394R. doi:10.1088/0004-637X/690/1/394. 
  21. Tokovinin, A.A.; Shatskii, N.I.; Magnitskii, A.K. (1998). «ADS 9731: A new sextuple system». Astronomy Letters 24: 795–801. Bibcode:1998PAZh...24..918T. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 Levy, David H. (1998). Observing Variable Stars: A Guide for the Beginner. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. ss. 142–43. ISBN 9780521627559. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/?id=5-O2cd937FMC&pg=PA142&dq=%22Corona+Borealis%22+variable#v=onepage&q=%22Corona%20Borealis%22%20variable&f=false. 
  23. 23,0 23,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 126–128.
  24. Levy, David H. (2005). Deep Sky Objects. Amherst, New York: Prometheus Books. ss. 70–71. ISBN 978-1-59102-361-6. 
  25. Davis, Kate (January 2000). [«R Coronae Borealis». variabel stjerne of the season. AAVSO. [http://www.aavso.org/vsots_rcrb. Henta 14. mars 2015. 
  26. Jeffers, S. V.; Min, M.; Waters, L. B. F. M.; Canovas, H.; Rodenhuis, M.; de Juan Ovelar, M.; Chies-Santos, A. L.; Keller, C. U. (2012). «Direct imaging of a massive dust cloud around R Coronae Borealis». Astronomy & Astrophysics 539 (A56): 1–8. Bibcode:2012A&A...539A..56J. doi:10.1051/0004-6361/201117138. 
  27. Watson, Christopher (4. januar 2010). «S Coronae Borealis». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=10601. Henta 20. mars 2015. 
  28. 28,0 28,1 McDonald, I.; Zijlstra, A. A.; Boyer, M.L. (2012). «Fundamental Parameters and Infrared Excesses of Hipparcos Stars». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 427 (1): 343–57. Bibcode:2012MNRAS.427..343M. doi:10.1111/j.1365-2966.2012.21873.x. 
  29. Watson, Christopher (4. januar 2010). «V Coronae Borealis». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=10604. Henta 20. mars 2015. 
  30. Watson, Christopher (4. januar 2010). «W Coronae Borealis». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=10605. Henta 9. mars 2015. 
  31. Otero, Sebastian Alberto (15. august 2011). «RR Coronae Borealis». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=10609. Henta 20. mars 2015. 
  32. Romero, A. D.; Córsico, A. H.; Althaus, L. G.; Kepler, S. O.; Castanheira, B. G.; Miller Bertolami, M. M. (2012). «Toward ensemble asteroseismology of ZZ Ceti stjerner with fully evolutionary models». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 420 (2): 1462–80. Bibcode:2012MNRAS.420.1462R. doi:10.1111/j.1365-2966.2011.20134.x. 
  33. Mason, Paul A.; Robinson, Edward L.; Bayless, Amanda J.; Hakala, Pasi J. (2012). «Long-term Optical Observations of Two LMXBS: UW CrB (=MS 1603+260) and V1408 Aql (=4U 1957+115)». The Astronomical Journal 144 (4). Bibcode:2012AJ....144..108M. doi:10.1088/0004-6256/144/4/108. 
  34. Lee, B.-C.; Han, I.; Park, M.-G.; Mkrtichian, D. E.; Kim, K.-M. (2012). «A planetary companion around the K giant ɛ Corona Borealis». Astronomy & Astrophysics 546: 5. Bibcode:2012A&A...546A...5L. doi:10.1051/0004-6361/201219347. A5. 
  35. Massarotti, Alessandro; Latham, David W.; Stefanik, Robert P.; Fogel, Jeffrey (January 2008). «Rotational and Radial Velocities for a Sample of 7,1 HIPPARCOS Giants and the Role of Binarity». The Astronomical Journal 135 (1): 209–31. Bibcode:2008AJ....135..209M. doi:10.1088/0004-6256/135/1/209. 
  36. 36,0 36,1 Sato, Bun'ei; Omiya, Masashi; Harakawa, Hiroki; Izumiura, Hideyuki; Kambe, Eiji; Takeda, Yoichi; Yoshida, Michitoshi; Itoh, Yoichi; Ando, Hiroyasu; Kokubo, Eiichiro; Ida, Shigeru (2012). «Substellar Companions to Seven Evolved Intermediate-Mass Stars». Publications of the Astronomical Society of Japan 64 (6): 14. arXiv:1207.3141. Bibcode:2012PASJ...64..135S. doi:10.1093/pasj/64.6.135. 135. 
  37. Bonsor, Amy; Kennedy, Grant M.; Crepp, Justin R.; Johnson, John A.; Wyatt, Mark C.; Sibthorpe, Bruce; Su, Kate Y. L. (2013). «Spatially Resolved Images of Dust Belt(s) Around the Planet-hosting Subgiant κ CrB». MNRAS 431 (4): 3025–3035. arXiv:1302.7000. Bibcode:2013MNRAS.431.3025B. doi:10.1093/mnras/stt367. 
  38. Sato, Bun'ei; Omiya, Masashi; Liu, Yujuan; Harakawa, Hiroki; Izumiura, Hideyuki; Kambe, Eiji; Toyota, Eri; Murata, Daisuke; Lee, Byeong-Cheol; Masuda, Seiji; Takeda, Yoichi; Yoshida, Michitoshi; Itoh, Yoichi; Ando, Hiroyasu; Kokubo, Eiichiro; Ida, Shigeru; Zhao, Gang; Han, Inwoo; (2010). «Substellar Companions to Evolved Intermediate-Mass Stars: HD 145457 and HD 180314». Publications of the Astronomical Society of Japan 62 (4): 1063–69. Bibcode:2010PASJ...62.1063S. doi:10.1093/pasj/62.4.1063. 
  39. Torres, Guillermo; Winn, Joshua N.; Holman, Matthew J. (2008). «Improved Parameters for Extrasolar Transiting Planets». The Astrophysical Journal 677 (2): 1324–42. arXiv:0801.1841. Bibcode:2008ApJ...677.1324T. doi:10.1086/529429. 
  40. McCullough, P.R.; Stys, J.E.; Valenti, Jeff A.; Johns‐krull, C.M.; Janes, K.A.; Heasley, J.N.; Bye, B.A.; Dodd, C.; Fleming, S.W.; Pinnick, A.; Bissinger, R.; Gary, B. L.; Howell, P.J.; Vanmunster, T. (2006). «A Transiting Planet of a Sun-like Star». The Astrophysical Journal 648 (2): 1228–38. arXiv:astro-ph/0605414. Bibcode:2006ApJ...648.1228M. doi:10.1086/505651. 
  41. Noyes, Robert W.; Jha, Saurabh; Korzennik, Sylvain G.; Krockenberger, Martin; Nisenson, Peter; Brown, Timothy M.; Kennelly, Edward J.; Horner, Scott D. (1997). «A Planet Orbiting the Star ρ Coronae Borealis». The Astrophysical Journal 483 (2): L111–14. Bibcode:1997ApJ...483L.111N. doi:10.1086/310754. 
  42. Reffert, S.; Quirrenbach, A. (2011). «Mass constraints on substellar companion candidates from the re-reduced Hipparcos intermediate astrometric data: nine confirmed planets and two confirmed brown dwarfs». Astronomy & Astrophysics 527: A140. arXiv:1101.2227. Bibcode:2011A&A...527A.140R. doi:10.1051/0004-6361/201015861. 
  43. Benest, D. (1996). «Planetary orbits in the elliptic restricted problem. III. The η Coronae Borealis system.». Astronomy and Astrophysics 314: 983–88. Bibcode:1996A&A...314..983B. 
  44. Kaler, James B. (22. juni 2012). «Eta Coronae Borealis». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/etacrb.html. Henta 16. mars 2015. 
  45. Kirkpatrick, J. Davy; Dahn, Conard C.; Monet, David G.; Reid, I. Neill; Gizis, John E.; Liebert, James; Burgasser, Adam J. (2001). «Brown Dwarf Companions to G-Type Stars. I. Gliese 417B and Gliese 584C». The Astronomical Journal 121 (6): 3235. arXiv:astro-ph/0103218. Bibcode:2001AJ....121.3235K. doi:10.1086/321085. 
  46. Luginbuhl, Christian B. (1998). Observing Handbook and Catalogue of Deep-Sky Objects. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. ss. 92. ISBN 9780521625562. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com.au/books?id=MwCyjQpGU7UC&pg=PA92&dq=%22Corona+Borealis%22+galaxies&hl=en&sa=X&ei=ifIIVfeKGYOvmAX9q4HgBw&ved=0CEEQ6AEwCA#v=onepage&q=%22Corona%20Borealis%22%20galaxies&f=false. 
  47. Rumistrzewicz, Stefan (2010). A Visual Astronomer's Photographic Guide to the Deep Sky: A Pocket Field Guide. New York, New York: Springer Science & Business Media. ss. 158. ISBN 9781441972422. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/?id=Vhjn3DEJpyIC&pg=PA158&dq=%22NGC+6085%22#v=onepage&q=%22NGC%206085%22&f=false. 
  48. «NASA/IPAC Extragalactic Database». Results for Abell 2142. Arkivert frå originalen den 16 desember 2008. http://nedwww.ipac.caltech.edu/. Henta 11 Nov 2008. 
  49. 49,0 49,1 «RX J1532.9+3021: Extreme Power of Black Hole Revealed». Chandra X-ray Center. January 23, 2014. http://chandra.harvard.edu/photo/2014/rxj1532/. Henta 27. januar 2014. 
  50. Postman, M.; Geller, M.J.; Huchra, J.P. (1988). «The dynamics of the Corona Borealis supercluster». Astronomical Journal 95: 267–83. Bibcode:1988AJ.....95..267P. doi:10.1086/114635. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den nordlege krona

Koordinatar: Sky map 16h 00m 00s, +30° 00′ 00″