Grand-Place

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grand-Place
UNESCO si liste over verdsarv
Flickr - …trialsanderrors - La Grand-Place, Brussels, Belgium, ca. 1895.jpg
Grand-Place om lag 1895.
Land: Belgia
Flag of UNESCO.svg Innskriven ved UNESCOs 22. sesjon i 1998.
Referansenr. 857.
Kriterium: II OG IV
Sjå òg Verdsarvstader i Europa
Bakgrunnsstoff UNESCO: Grand-Place

Grand-Place eller Grote Markt (høvesvis fransk og nederlandsk for 'stortorget') er det sentrale torget i Brussel. Det er den viktigaste turistattraksjonen i byen, og er rekna som ein verdsarvstad. Torget er omgjeve av ei rekkje bygningar knytt til administrasjon og laugsvesen, dei fleste av dei frå 1600-talet. Plassen er også prega av Rådhuset i Brussel, ein bygning i gotisk stil som stammar frå 1400-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Brussel.
Gravering av Grand-Place etter bombardementet av Brussel.

Torget blei opphavleg kalla Nedermarckt, 'den nedre marknaden'.[1] Dei eldste kjende oppteikningane om ein slik marknad (latin forum inferius) er frå 1174. Marknadsstaden utvikla seg truleg i takt med Brussel, ikkje langt frå elvehamna på Zenne. Det låg ved ein viktig handelsveg som band saman dei rike regionane Rhinland og Flandern.

Tidleg på 1200-talet blei det bygd tre innandørsmarknader på nordsida av Grand-Place: Ein for kjøt, ein for brød og ein for klede.[1] Bygningane tilhøyrde hertugane av Brabant. Dei gjorde det mogleg å by fram varer også når det regna, men dei gjorde også at hertugane lettare kunne ha oversyn over sal og lagring av varer, slik at dei kunne krevja inn skatt.

Rådhuset blei bygd på 1400-talet. Det er den einaste bygningen på plassen som står att frå mellomalderen. På toppen av tårnet står en statue av heilage Mikael, som er vernehelgen for Brussel.

13. august 1695 gjekk 70 000 franske soldatar under Ludvig XIV til åtak på Brussel med kanonar og granatkastarar. Åtaket var eit forsøk på å få merksemda til Storalliansen under Niårskrigen vekk frå omleiringa av Namur. Nesten heile Grand-Place blei påtent eller lagt i grus. Berre rådhuset og delar av nokre andre hus slapp unna krigshandlingane. Den noverande opne, rektangulære forma til torget stammar frå gjenoppbygginga etter dette.

Dei ulike lauga reiste bygningane sine att i løpet av dei neste fire åra. Fleire forskjellige eigedommar blei samla bak felles fasadar. Administrasjonen i byen hadde overoppsyn med byggjeprosjekta, som danna eit harmonisk heile sjølv om dei følgde ulike byggjestilar.

I 1885 blei det belgiske arbeidarpartiet (POB-BWP), det første sosialistpartiet i Belgia, skipa under eit møte på Grand-Place. Torget heldt fram med å brukast til marknadsplass fram til 19. november 1959, og er framleis kjend som 'stormarknaden' (Grote Markt) på flamsk. Gater i området spegler att den tidlegare bruken med namn etter varer som blei selt der, som smør, pepar, sild og liknande.

Grand-Place blei teken opp på UNESCO si verdsarvliste i 1998. I den offisielle grunngjevinga heiter det blant anna: «Grand-Place er eit utmerka eksempel på den svært vellukka blandinga av arkitektoniske og kunstnariske stilartar i dette området.»

Bygningar rundt plassen[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa av hus ved Grand-Place

Rådhuset[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Brussel blei bygd mellom 1402 og 1455, i gotisk stil. Dei opphavlege arkitektane var truleg Jean Bornoy og Jacob van Thienen. Tårnet på 96 meter blei teikna av Jan van Ruysbroeck. Rådhuset var sete både for byadministrasjonen og stendersamlinga for Brabant fram til 1795. I 1830 kom ei førebels regjering saman her under den belgiske revolusjonen som ende med skiljet mellom dei nordlege og sørlege Nederlanda til dagens Nederland og Belgia.

Broodhuis/La Maison du roi

Brødhuset eller kongehuset[endre | endre wikiteksten]

Brødhuset (flamsk Broodhuis) eller Kongehuset (fransk Maison du Roi) har opphav i ein trebygning reist på 1200-talet der det blei selt brød. Huset blei erstatta på 1400-talet av ein stenbygning som husa administrasjonen til hertugen av Brabant og fekk det franske tilnamnet Maison du duc ('hertug-huset'). Då hertugdømet blei erobra av habsburgarane blei det kjend som Maison du Roi ('kongehuset'). Det blei hardt skadd under bombardementet av Brussel i 1695. Under byutviklinga på 1870-talet, i 1873, blei huset restaurert i nygotisk stil. Sidan 1887 har det husa Brussel bymuseum.

Mellom Rue de la Tête d'or og Rue au Beurre (vest)[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre til venstre: Le Roy d'Espagne, La Brouette, Le Sac, La Louve, Le Cornet, Le Renard
  • Nummer 1: Le Roy d'Espagne, Maison de la Corporation des Boulangers, bygd i 1696 og totalrenovert i 1901-1902. Huset er pryda med byster av vernehelegenen for bakarar, den heilage Aubert av Cambrai, og kong Karl II av Spania.
  • Nummer 2-3: La Brouette, Maison de la Corporation des Graissiers, huset til feittseljarlauget sidan 1400-talet. Den noverande steinbygningen blei bygd 1644, delar av fasaden klarte seg gjennom bombardementet av Brussel og blei rekonstruert i 1697 under opppsyn av Jean Cosyn. Han er dekorert med ein statue av Egidius, som mellom anna er vernehelgen for feittseljarar (graissiers). Bygningen blei restaurert i 1912.
  • Nummer 4: Le Sac, Maison de la Corporation des Ébénistes, huset til møbelsnekkarlauget (ebenistar) er pryda med utskjeringar av reiskapane deira. Lauget heldt til her sidan 1400-talet, med ein steinbygning reist i 1644. Bygget blei delvis redda frå bombardementet av Brussel, og berre dei øvre etasjane blei rekonstruerte av arkitekten og møbelsnekkaren Antoine Pastorana i 1697. Bildehoggarar var Pierre van Dievoet og Laurent Merkaert. Fasaden er rikt dekorert heilt opp til toppen av gavlen, mellom anna med karyatider (kvinnefigurar) laga av Edouard Marchant under restaureringa i 1912. Bygningen huser i dag dei belgiske sjokolademakarane som La Maison des Maitres Chocolatiers Belges.
  • Nummer 5: La Louve, Maison du Serment des Archers bygd i 1690 av Pierre Herbosch. I 1696 blei fasaden gjenoppbygd med ein utskoren føniks på toppen som eit symbol på korleis byen reiste seg att etter bombardementet. Han er også dekorert med allegoriar av sanning, lyging, fred og ufred og med eit relieff av Apollo, laga opp att av byarkitekten Victor Jamaer i 1890-1892 etter opphavlege teikningar. Over døra ser ein Romulus og Remus som dier ulvinna (la Louve).
  • Nummer 6: Le Cornet Maison de la Corporation des Bateliers, rekonstruert i 1697 av Antoine Pastorana. Bygningen viser tilknyttinga til elvefart gjennom at gavlen er forma som akterspeglet til eit skip. Skulpturane er av Pierre van Dievoet. Bygningen blei restaurert mellom 1899 og 1902.
  • Nummer 7: Le Renard, Maison de la Corporation des Merciers, kjend som Cremers Huys på 1700-talet, seinare kjend som «reven» etter den utskorne reven som sit over døra. Bygningen blei attoppbygd i 1699 med utsmykkingar som blei øydelagde under den franske revolusjonen. Ved restaureringa i 1883-1884 blei huset pryda med allegoriar av dei fire kontinenta laga av Julien Dillens. Søyler frå første- til andreetasjen ender i atlantar, mannsfigurar, som ber ein balkong. Fjerde etasje er dekorert med karyatider og blomeranker. På toppen av huset er ein statuet av Nikolas av Myra, vernehelgen for handel, plassert.

Mellom Rue Charles Buls og Rue des Chapeliers (sør)[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre til venstre: L'Étoile, Le Cygne, L'Arbre d'Or, La Rose, Le Mont Thabor
  • Nummer 8: L'Étoile, Maison de l'amman, huset til «amtmannen», leiaren for magistratdomstolen. Eit slikt hus er først nemnd på 1200-talet. Det blei gjenoppbygd i 1695, men blei rive i 1852 saman med alle husa på si side av dåverande Rue de l'Étoile for å utvida vegen og gje plass til ein hestetrikk. I 1897 blei huset rekonstruert på initiativ frå borgarmeisteren Charles Buls med ein søylegang på bakkeplan som folk kunne gå gjennom. Vegen fekk seinare namn etter han.
  • Nummer 9: Le Cygne/De Zwaan, eit tidlegare herberge gjenoppbygd som borgarhus i 1698 av finansmannen Pierre Fariseau, som plasserte monogrammet sitt sentralt på fasaden. Bygningen blei kjøpt i 1720 av slaktarlauget, som endra den øvste delen. Mellom 1896 og 1904 blei bygningen restaurert; ei ny restaurering fann stad i 2009.

Karl Marx feira nyttår her i 1847/1848. Møtet som skipa det belgiske arbeidarpartiet fann stad her 1885. I dag huser bygningen ein restaurant.

  • Nummer 10: L'Arbre d'or, Maison de la Corporation des Brasseurs. Opphavleg kjend som De Hille/la Colline, 'Åsen' og seinare Brauwershuys. Frå 1600-talet tilhøyrde bygningen bryggjarlauget. Den noverande bygningen blei bygd i 1696 og restaurert i 1901. Det er pryda med skulpturar av Marc de Vos og Pierre van Dievoet. På toppen står ein gyllen ryttarstatue av Karl Aleksander av Lorraine. Han erstatta ein av Maximilian II Emanuel av Bayern, som var guvernør under gjenoppbygginga av Brussel, i 1752. I dag huser bygningen eit bryggjerimuseum.
  • Nummer 11: La Rose, eit hus med namn etter eigaren på 1400-talet, Catherine Van der Rosen, og ein gyllen roseskulptur over døra. Bygningen blei gjenoppbygd i 1702 og restaurert i 1901. Han huser i dag ein restaurant.
  • Nummer 12: Le Mont Thabor blei bygd i 1699 og restaurert i 1885-87 av Victor Jamaer. Det huser i dag ein diamanthandel.

Mellom Rue des Chapeliers og Rue de la Colline (aust)[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre til venstre: Alsemberg, Maison des ducs de Brabant et rue de la Colline : La Balance
  • Nummer 12 (tidlegar nr. 2-4 i rue des Chapeliers): Alsemberg, også Maison du Roi de Bavière/Koning van Beieren, bygning frå 1699 med ein stor oculus (rundt vindauge) i gavlen. Har sidan 2012 husa Hard Rock Cafe.
  • Nummer 13-19: Maison des Ducs de Brabant/Hertogen van Brabant, ein bygning langs nesten heile austsida av plassen som huser sju ulike hus bak éin fasade. Bygningen blei teikna av Guillaume de Bruyn og endra i 1770. Han har namn etter bystene sine av hertugar av Brabant. Bygningen blei restaurert mellom 1881 og 1890.
    • Nummer 13: La Renommée, med ein gyllen allegori av rennomé over døra.
    • Nummer 14: L'Ermitage
    • Nummer 15: La Fortune har ei avbilding av lykkegudinna Fortuna over døra.
    • Nummer 16: Le Moulin à vent, Maison de la Corporation des Meuniers eller huset til møllarlauget, viser ei vindmølle.
    • Nummer 17: Le Pot d'étain, Maison de la Corporation des Charpentiers et Charrons, laugshuset til snikkarar og vognmakarar med ei tinnkopp over døra.
    • Nummer 18: La Colline, Maison de la Corporation des Quatre Couronnés, laugshuset til bilethoggarar, murarar, steinhoggarar og skifertilverkarar har eit relieff av fire verktøy frå dei fire yrka.
    • Nummer 19: La Bourse tilhøyrde byen før bombardementet av Brussel. Eigedommen blei selt i 1696 for å finansiera gjenoppbygginga av Rådhuset. Symbolet over døra er ein pengepung.

Mellom Rue de la Colline og Rue des Harengs (nord-aust)[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre til venstre: Le Cerf volant, Joseph et Anne (sous une seule façade), L'Ange, La Chaloupe d'or, Le Pigeon, Le Marchand d'or
  • Nummer 20: Le Cerf/De hert eller De heert blei bygd i 1710 for steinhoggaren og arkitekten Gilles van den Eynde. Huset har namn etter ein hjort i flukt som er avbilda på fasaden mot Rue de la Colline. Bygningen blei restaurert i 1897. Han huser i dag ein sjokoladehandel.
  • Nummer 21-22: Joseph et Anne, to hus bak ein sams fasade. Gavlen blei øydelag på 1800-talet og gjenoppbygd i 1897 etter ein akvarell frå 1729 av Ferdinand-Joseph De Rons.
  • Nummer 23: L'Ange, 'Engelen' tilhøyrde kjøpmannen Jan De Vos og blei gjenoppbygd i 1697 etter teikningar av Guillaume de Bruyn i italo-flamsk stil. Fasaden blei restaurert i 1897 etter gamle bilde.
  • Nummer 24-25: La Chaloupe d'Or, Maison de la corporation des Tailleurs var kjend som Cleermaeckers Huys på 1700-talet. Det blei teikna av Guillaume de Bruyn i 1697 som midtpunktet i ein tenkt fellesfasade for heile husrekkja, noko dei andre huseigarane ikkje gjekk med på. Store søyler som ender i akantusblad omkranser vindauga på fasaden. Ein statue av heilage Homobonus, som er vernehelgen for skreddarar, er plassert på toppen.
  • Nummer 26-27: Le Pigeon/De duif var bygningen til målarlauget frå 1400-talet. I 1697 selde lauget han til steinhoggaren Pierre Simon, som truleg utforma den nye fasaden. Victor Hugo budde her i j1852. Bygningen blei restaurert i 1908.
  • Nummer 28: Le Marchand d'or, også kalla La chambrette de l'amman/Het Ammanskamerke eller Aux armes de Brabant/De Wapens van Brabant blei reist i fajansemakaren Corneille Mombaerts i 1709. Han blei restaurert i 1882 av Samyn.

Mellom Rue Chair et Pain og Rue au Beurre (nord-vest)[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre til venstre: Le Heaume, Le Paon, Le Chêne og Le Samaritain (med éin fasade), Sainte-Barbe, L'Âne, og eit hus frå Rue au Beurre.
  • Nummer 34: Le Heaume/Den helm, på 1700-talet kjend som Gulden Helm/Heaume d'Or. Utskjeringane var opphavleg av Pierre van Dievoet, men blei erstatta av Frans Huygelen under restaurering i 1920.
  • Nummer 35: Le Paon/De pauw er kjenneteikna av ein påfugl, og er saman med nabobygget den einaste kvitmåla fasaden på Grand-Place. Gavlen har form typisk for lokal 1700-talsarkitektur. Bygningen blei restaurert i 1882 i måla opp att i 1984.
  • Nummer 36-37: Le Petit Renard (eller Le Samaritain) et Le Chêne, to hus frå 1696 som blei restaurerte i 1884-1886, er også kvitmåla. Vindauga i andre og tredje etasje har rekkjer av [baluster|balustrar] under.
  • Nummer 38: Sainte-Barbe/In Sint Barbara, tidlegare Sinte Barbara, blei bygd i 1696. I 1918 blei det restaurert av François Malfait. Midt på fasaden er den heilage Barbara avbilda i basrelieff.
  • Nummer 39: L'Âne/Den Ezel blei reist i 1695 og restaurert i 1916-17. Det huser ein sjokoladehandel på bakkeplanet.

Dekorasjonar på Grand-Place[endre | endre wikiteksten]

Annakvart år i helga rundt 15. august blir det laga eit blometeppe på Grand-Place. Teppet måler 25 × 75 meter og er danna av over 500 000 begoniaplantar.

Kvart år blir det også reist eit juletre på plassen, ofte av imponerande høgd. Dette er som regel eit ekte tre, men i 2012 blei den elektroniske installasjonen Abies Electronicus reist til mykje omtale.[2][3]

Panorama[endre | endre wikiteksten]

360 graders utsyn over Grand-Place
360 graders utsyn over Grand-Place

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]