Håkon Magnusson Toresfostre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Magnusson Toresfostre
Konge av Noreg (med Magnus Berrføtt)
Regjeringstid1093-1094
Fødd1068
Dødfebruar 1095
DødsstadDovrefjell
FøregangarOlav Kyrre
EtterfølgjarMagnus Berrføtt
DynastiHardrådeætta
FarMagnus II av Noreg

Håkon Magnusson Toresfostre (fødd 1068/1069, død 1094/1095)[1][2] vart utropt til konge av Trøndelag og Oppland i 1093. Samstundes vart Magnus III Berrføtt teken til konge i Vika. Vika eller Viken var området kring Oslo.

Håkon skal ha vore son av Magnus II Haraldson, som var konge frå 1066 til 1069. Ein kjenner ikkje til kven mor hans var.

Han var fosterson av Steigar-Tore, ein mektig mann frå Oppland, og var difor kjend som «Toresfostre». Steigar-Tore stydde opp om kravet om kongsmakt.

Etter å ha vorte teken til konge på Opplanda vart han hylla som herskar på Øyratinget ved Nidaros. Her gav han lovnad om å oppheva fleire plikter for bøndene, som «landøre» og «julegåver».[2]

Magnus Berrføtt godtok ikkje Håkon som medkonge.[2] I 1093 var det kampar mellom Håkon og Magnus Berrføtt. Håkon døydde i 1094 eller 1095 etter å ha blitt sjuk under rypejakt på Dovrefjell.[2] Han hadde berre vore konge i rundt eit år.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]