Olav I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Olav I)
Gå til: navigering, søk
Olav I Tryggvason
212 Trondhjem. Olav Trygvesøn - no-nb digifoto 20150623 00235 bldsa PK16951.jpg
Monumentet over kong Olav Tryggvason.
Utforma av bilethoggaren Wilhelm Rasmussen og reist på Torvet i Trondheim i 1921.
Norsk konge
Regjeringstid 9951000
Fødd ca. 963 eller 968
Død 1000, slaget ved Svolder
Føregjengar Håkon jarl den mektige
Etterfølgjar Ladejarlane Eirik Håkonsson og Svein Håkonsson
Ektefelle Gudrun Jarnskjeggesdotter
Geira, dotter av kong «Burislav»
Gyda, dotter av kong Olav av Dublin
Tyra Haraldsdotter, syster av kong Svein Tjugeskjegg
Far Tryggve Olavsson
Mor Astrid dotter av Eirik Bjodaskalle
Born Tryggve (usikker)

Olav Tryggvason (Óláfr Tryggvason) var truleg fødd i 963 eller 968 og døydde hausten år 1000. Han var konge i Noreg i tida 995–1000, og tradisjonelt er han blitt rekna som den store heltekongen i vikingtida, rikssamlaren og den første kristningskongen både på Island og i Noreg.

Sogelitteraturen - tida før 995[endre | endre wikiteksten]

Snorre skriv at far til Olav Tryggvason var Tryggve Olavsson, som skal ha vore soneson etter Harald Hårfagre, og mor hans var Astrid Eiriksdotter, dotter av Eirik Bjodaskalle frå Jæren. Faren vart drepen før Olav vart fødd, og mora måtte røme for å berge livet for seg og sonen. Dei ville fare til Gardarike, men på veg over Austersjøen vart dei tekne av vikingar og Olav vart seld som træl. I seks år var han hjå ein bonde i Estland, før han til sist kom til Gardarike og kom i teneste hjå kong Valdemar[Note 1]. Han skal då ha vore ni år gamal og vart verande i Gardarike i ni år. Då vart han uven med kong Valdemar og om lag 18 år gamal reiste han på vikingferd. Han herja først på Bornholm, deretter drog han til Vendland og kom til kongen der, som Snorre kallar «Burislav». Han vart gift med «dronning Geira», dotter åt kong Burislav, og vart verande i Vendland i tre år.

Medan han var i Vendland, hende det at saksarkeisaren Otto I gjekk til krig mot danskekongen Harald Blåtann. Kong Burislav følgde keisar Otto med ei stor hær, og Snorre fortel at Olav Tryggvason, mågen hans, var òg med i denne hæren. Det var i denne krigen at Håkon jarl den mektigel frå Noreg kom til Danmark for å hjelpe kong Harald Blåtann, der han vann over saksarkeisaren i eit slag ved Danevirke.

Noko seinare vart Geira sjuk og døydde, og Olav sørgde då slik over å ha mist henne, at han ikkje likte seg meir i Vendland. Han fekk seg hærskip og dro på nytt ut i hærferd. Han herja først i Saksland, i Friesland og i Flandern. Seinare herja han i England, Skottland, på øya Man, i Bretland (Wales og Cornwall), i Kumrarland (Cumberland), og for deretter vest til Valland (Nord-Frankrike). I denne tida kalla han seg sjølv for «Åle» frå Gardarike.

Etter fire år kom han til Syllingane (Scilly Isles). Der vart han spådd av ein heilag einebuar at han skulle bli ein stor konge og utrette store ting, og han skulle kome til å omvende mange til tru og dåp. Olav Tryggvason skal ha blitt verande ei lang tid hjå einbuaren og fekk lære om Gud og kristendommen. Han skal òg ha blitt døypt der.

Snorre fortel at «om hausten» etter at han var døypt (truleg omkring 988), segla Olav til England. Der fór han med fred, for i England var dei kristne og han var kristen sjølv. Der traff han «dronning Gyda», syster til Olav Kvåran som var konge i Dublin i Irland. Ho hadde vore gift med ein mektig jarl som no var død. Olav vart då gift med Gyda, og deretter var han stundom i England og stundom i Irland.

Fakta I[endre | endre wikiteksten]

Soga om Olav Tryggvason har alle ingrediensane som høyrer med i ei klassisk heltesegn og det meste av innhaldet må reknast som historisk særs usikkert. Mange av opplysningane er påviseleg både feil og mangelfulle og gir ikkje grunnlag for å kunne gi ei reell vurdering av han som person og heller ikkje av norsk historie i dei fem åra han var konge.

I den norrøne sogelitteraturen har han fått ein brei omtale, til dømes i Heimskringla[1], Fagerskinna[2], Ågrip[3], Tjodrek Munk si kongekrønike[4], den latinske krønika Historia Norvegiæ og i den særskilde soga om Olav Tryggvason[5] av Odd Munk Snorresson. Olav Tryggvason er òg omtala i to diktverk frå om lag år 1200, Rekstefja[6], truleg av skalden Hallar-Steinn, og Óláfs drápa Tryggvasonar[7] av ein ukjend skald. Alle desse kjeldene vart nedskrivne om lag 200 år eller meir, etter at Olav Tryggvason levde.

I nyare utgåver av Heimskringla er sjølve kongstida hans skildra over nær 50 sider, og sett i høve til kor lite ein i røynda visste om han i medelalderen, er omfanget uvanleg stort. Til samanlikning kan nemnast at om det som hende dei neste femten åra (1000-1015), då ladejarlane styrte Noreg, skreiv Snorre stort sett eit einaste lite avsnitt.

Skaldedikt[endre | endre wikiteksten]

I Skaldatal[8] er berre to skaldar knytt til Olav Tryggvason: Hallfred Vandrædaskald og Bjarni skáld. Sistnemnde kan ha vore Bjarni Gullbrárskáld, men noko dikt av han om kong Olav er ikkje kjent. Av Hallfred kjenner vi to dikt om kong Olav[9]:
Olavsdråpa[10] truleg dikta i 996 og handlar om vikingferdene, før han kom til England. Diktet samsvarer i stor grad med sogeteksten.
Arvedråpa[11] er datert til 1001. Dei første versa skildrar kampar på dei britiske øyane, medan resten av diktet handlar om slaget ved Svolder og om korleis kong Olav døydde.

Olav Tryggvason skal sjølv ha gjort skaldedikt, men berre to[12] små vers er kjende.

Ingen av dikta ovanfor nemner noko om tida før han kom til Gardarike, ikkje noko hverken om tida i Vendland eller giftarmålet med Gyda. Berre kort er nemnt krigføring i England og ikkje noko er nemnt som refererer seg til kongstida i Noreg (utanom slaget ved Svolder). Kong Olav er òg kort nemnt i skaldediktet Belgskakadråpa til Eirik jarl, og i nokre dikt av Sigvat skald, men når ein tek med i vurderinga det rike tilfanget av skaldedikt som finst både om føregjengarane og etterkomarane, inklusive ladejarlane, er det merkverdig at det ikkje er kjent fleire skaldedikt om Olav Tryggvason.

Vendland[endre | endre wikiteksten]

Kong Olav sitt opphald i Vendland, dvs Polen eller Pommern, må ha vore i byrjinga av 980-talet, og skildringane om «kong Burislav» og «dronning Geira» står fram som prosadikting og er ikkje historisk truverdig. Den polske fyrsten Boleslaw (Chrobry) levde i tida ca 966 til 1025 og kan ikkje høve med Snorre sin «Burislav». Han var regjerande fyrste frå 992 og vart Polen sin første konge berre stutt tid før han døydde i 1025. Fram til 992 var faren, hertug Mieszko I, herskar i Polen. Han døydde som ein gamal mann i 992 og det finst ingen historiske kjelder som kunne knyte han til Olav Tryggvason, eller ei «dronning Geira». Sogeverket Ågrip seier berre kort at Olav jamnt hadde vintersete i ei borg som heiter Jomsborg, og kanskje hadde han ein forbindelse til jomsvikingane.

Olav i England[endre | endre wikiteksten]

Dei norrøne sogene har ingen opplysningar om tida då Olav Tryggvason herja i England etter at han var blitt døypt (988/989), Snorre nemner berre at «der fór han med fred». Engelske kjelder reknar derimot med at han var identisk med vikingen «Anlaf» som var hovding for ei vikinghær som herja på sør-kysten av England i åra 991 til 994. Eit engelsk dokument frå 991[13] handlar om ein fredsavtale som den engelske kongen Ethelred[Note 2] gjorde med vikinghæren etter slaget ved Maldon. I den angelsaksiske krønika[14] er han omtala i året 994 då han, saman med kong Svein Tjugeskjegg, den 8. september (Nativity of St. Mary) gjekk til åtak på London. Åtaket var mislukka, men dei heldt fram med herjing i Essex, Kent, Sussex og Hampshire der dei for fram med «unspeakable evil». Kong Ethelred let då betale ut 16000 pund i danegeld[Note 3] for at dei skulle halde fred, og den danske styrken lægra seg for vinteren ved Southampton.

Krønikene fortel at kong Ethelred ved dette høvet sende folk til Olav Tryggvason og det resulterte i at han «bytte side» og gjekk i teneste hos den engelske kongen. Når kong Ethelred ved det høvet gjorde ein avtale med Olav Tryggvason, var truleg intensjonen hans å splitte opp vikinghæren som herja i landet hans, og kanskje var det òg kong Ethelred sin strategi at Olav skulle erobre Noreg (som han gjorde) og deretter gå til krig mot Danmark (som han òg gjorde) for å bli eit trugsmål mot kong Svein sine hærstyrkar frå «baksida»[15].

Olav må ha vore i kong Ethelred si teneste frå hausten 994 til han drog til Noreg våren 995. Dersom det skulle vere historisk haldbart at han vart gift med Gyda (ho var i røynda dotter til kong Olav Kvåran), må det mest truleg ha skjedd denne vinteren.

Sogelitteraturen - 995 og seinare[endre | endre wikiteksten]

Olav Tryggvason blir teken til konge.
Måleri av Peter Nicolai Arbo, 1860

Snorre fortel at Håkon jarl den mektige i Noreg fekk nyss om at ein av den norske kongsætta var komen til landa vestanfor havet. Han sende venen sin, Tore Klakka, for å undersøke. Det enda med at Tore Klakka sveik oppdraget sitt og rådde til at Olav skulle fare til farsarven sin i Noreg. Olav rusta då ut fem skip og segla aust over havet, året var 995. Først kom han til Orknøyane der Sigurd Lodvesson jarl let seg kristne, etter at Olav hadde truga med drap og herjing i jarleriket hans. Så segla han til Noreg og kom til lands ved Moster. Der vart det seinare bygt ei kyrkje.

På ferda inn i Trondheimsfjorden drap han mykje folk, mellom dei Erlend, sonen til Håkon jarl. Sidan kom bøndene til Olav, dei gleddest ved kvarandre og dei tok han straks til konge. Litt etter, eller om lag på same tida, hende det at at Kark træl drap Håkon jarl i grisebingen på Romol, og kong Olav drap deretter trælen.

Etter at Olav var blitt konge, heldt han seg lenge hjå frendane sine i Vika og heile Vika vart kristna. Seinare drog han til Rogaland og kristna folket der, og litt etter heldt han ting på Dragseidet på Stad og alt folket der let seg kristne. På denne tida kristna han òg bøndene i Ringerike, mellom dei Sigurd Syr og Åsta, kona hans, og han stod fadder til sonen hennar, Olav Haraldsson, som den gongen var tre vintrar gamal.

I 997 drog han i hop ei stor hær aust frå landet og segla nord til Tronheimen. Den sumaren og hausten kristna han alt folket i Trøndelag, han grunnla kjøpestaden Nidaros (Trondheim) og han let bygge eit stort langskip som han kalla Trana. På denne tida sende han presten Tangbrand (villstyring og drapsmann) til Island for å kristne landet. Våren etter (998) drog han med hæren sin til Hålogaland og heile landet vart kristna der han for. Det var på denne ferda han drap, først Tore Hjort og seinare Raud den ramme i Saltfjorden. Der tok han ovende mykje gods og gull, og han tok òg draken til Raud, storskipet som seinare var kalla Ormen stutte.

Kong Olav gifte seg to gonger i Noreg. Første gongen med Gudrun, dotter til den trøndske hovdingen Jarnskjegge, men ekteskapet varte berre ei natt. Seinare gifte han seg med Tyre Haraldsdotter, syster til den danske kongen Svein Tjugeskjegg, men utan kong Svein sitt samtykke.

Vinteren etter at han kom attende frå Hålogaland, let han bygge storskipet Ormen Lange inne ved Ladehammaren. Ikkje lenge etter, våren 1000, kalla han ut leidangen og rusta ut ei stor hær. Det var den same våren han sende Leiv Eiriksson til Grønland for å forkynne kristendommen der, og det vart han som først fann Vinland. Med hæren for kong Olav sør til Vendland for å krevje eigedomane som dronning Tyre hadde krav på hos kong Burisleiv. På heimferda vart han, slik Snorre skildrar det, overfallen av ei hær som var leia av kong Svein Tjugeskjegg, kong Olof Skötkonung og Eirik Håkonsson jarl. Då det kom til eit slag ved Svolder, var flåten til kong Olav blitt sterkt redusert og han kjempa mot mot ein mykje større, alliert hærstyrke. Snorre har gitt ei detaljert skildring av opptakta til slaget, og sjølve striden. Særleg la han vekt på episoden der Einar Tambarskjelve skaut med pil og boge mot Eirik jarl, som slutta med dei vidkjende orda «For veik, for veik er kongens boge». Snorre fortel òg at slaget var kvast, og det fall mykje folk. Då kong Olav til sist skjøna at slaget var tapt, bykste han på sjøen og drukna.

Etter slaget verserte det segn og rykte om at eit under hadde skjedd og at kong Olav likevel hadde berga livet. Han skulle ha vore sett seinare både i Roma, Jerusalem og andre stader, og han skal ha levd som ein heilagmann i eit kloster i Grekenland eller Syria.

Fakta II[endre | endre wikiteksten]

I den angelsaksiske krønika er det opplyst at kong Ethelred i år 994 gav «kongelege gåver» til vikinghovdingen Anlaf og det vart gjort ein avtale der Anlaf lova at «han aldri meir ville kome med ufred mot England». I Engelske kjelder blir det rekna med at Anlaf var Olav Tryggvason, og lovnaden vart halden, naturleg nok fordi han kom til å bli oppteken med erobringa av Noreg og miste livet berre fem år seinare.

Erobringa av Noreg[endre | endre wikiteksten]

Olav Tryggvason hadde truleg vunne seg stor rikdom som viking og leigesoldat, og om lag 32 år gamal[Note 4] kom han til Noreg for å erobre riket. Dei norrøne sogeskrivarane ville gjerne legitimere erobringa gjennom å konstruere ein nedarva kongsrett, ikkje minst for å skape kontinuiteten til den neste «Hårfagrekongen», Olav den heilage. Meir truleg var han ein vikingkonge som ville erobre seg land og rike, og kanskje var bakgrunnen ein avtale med kong Ethelred i England, der formålet var å svekke kong Svein Tjugeskjegg sitt åtak på England[Note 5].

Olav kom til Noreg med ein vel budd hærflåte og truleg særs stridsvande vikingkrigarar. Han må ha greidd å kome heilt inn i Trondheimsfjorden, utan å ha blitt møtt av landevernet, mest truleg ved hjelp av svik, slik ein kan tyde av skaldeverset nedanfor. Ingen av ladejarlane rakk å organisere motstand, Håkon jarl og sonen Erlend vart drepne og Svein Håkonsson måtte røme til Sverige. Eirik Håkonsson sat då truleg som jarl i Vingulmark og han òg rømde til Sverige, der begge brørne vart vel mottekne av kong Olof Skötkonung.

Nokon «nasjonsbyggar» kan Olav knappast seiast å ha vore, i røynda rådde han aldri over eit samansveisa rike og hadde maktbasen sin hovudsakleg i Sør-Noreg, i Vika og sør på Vestlandet. I Trøndelag hadde han truleg ei langt svakare stilling enn det Snorre gir oss inntrykk av. Truleg er det rettast å kalle han konge i Noreg - ikkje over Noreg. (sjå Sawyer, s.56). I diktet «Arvedråpa» (sjå ref.) nemner skalden at Olav ikkje fekk med seg så mange hærmenn frå Trøndelag då han i år 1000 gjorde hærferd mot Danmark. Ei strofe i vers 1 kan omsetjast slik: Visst eg trur at verst han sakna våpenhjelp av trøndske drenger.

Snorre skreiv at kong Olav let bygge ein kongsgard ved Skipakrok, og dette er teke som prov på at han grunnla Trondheim (Nidaros), tidfest til år 997. Arkeologiske utgravingar har likevel vist at det på Nidaros var bygningar og busetnad før denne tida.[16], og det kan òg sjå ut til at staden Skipakrok i røynda ikkje var plassert der Trondheim ligg i dag[17].

Seidmennene på Skratteskjer.
Teikning av Halfdan Egedius (1899)

Om vi skal feste lit til sogene, var det meste av hans «kristningsarbeid» utført med drap og terror og kan umogeleg ha verka til å fremje kristendom. Framferda hans minner mest om vikingane sine metodar med herjing og valdsbruk for å vinne makt og rikdom. Alt frå første dag av «invasjonen» får vi høyre om kynisk valdsbruk då han kasta ein styrevol mot ein «fager mann» som sumde mot land for å berge livet. Han traff i hovudet på mannen, så «hausen brotna». Det var Erlend Håkonsson som der miste livet, og sjølv i vikingtida var ei slik handling rekna som eit simpelt mord. Seinare fortel sogene om mange bestialske drap som knappast nokon anna norsk konge har gjort, hverken før eller seinare. Det er nok å nemne Raud den ramme som vart drepen ved at ein orm vart tvinga ned gjennom halsen hans, eller «seidemennene» som han let drukne på «Skratteskjer» ved Avaldsnes.

Det har til alle tider vore eit merkverdig trekk ved vår oppfatning av soga om Olav Tryggvason, at all denne valdsbruken likevel ikkje meinkar vår beundring av kong Olav som ein djerv og lysande helteskikkelse.

Drapet på Håkon jarl[endre | endre wikiteksten]

Snorre si skildring om korleis Håkon jarl vart drepen av sin egen træl i grisehuset på Romol, er ikkje historisk truverdig. Forteljinga er ikkje nemnt hverken i Fagerskinna eller i Ågrip, og heller ikkje i nokon av dei samtidige skaldeversa. Berre dette nemner skalden Tord Kolbeinsson i Eiriksdåpa[18] (vers 6):

Snart etter mennene sende
med svik Hakon i dauden.
Men riket som den rådsterke
raust seg hadde vunne
tenkjer eg Trygve-sonen
tok, då han kom vestan.

Det kan vel knappast vere tvil om at Olav Tryggvason stod bak mordet. Kanskje tykte Snorre at eit snikmord på herskaren over Noreg, ladejarlen Håkon jarl den mektige, var for dryg kost, sjølv for valdsmannen Olav Tryggvason, og han dikta ein «mildare» versjon av ugjerninga. Seinare, t.d. i slaget ved Svolder, gir òg sogeskrivarane oss det inntrykket at Eirik Håkonsson jarl hadde grunn til å hemne seg på kong Olav, fordi han hadde drepe far hans. Han hadde vel ikkje noko å hemne, dersom det var Kark som var drapsmannen.

Slaget ved Svolder[endre | endre wikiteksten]

Eirik jarl og mennene hans kjempar seg om bord på «Ormen Lange».
Teikning av Halfdan Egedius (1899).

Når kong Olav i år 1000 segla sørover med ei stor hær, gir Snorre den grunngjevinga at han skulle hente eigedomane til Tyre i Vendland. I sogeverket Ågrip [3] (kap. 21) er det derimot sagt at han hadde samla ein hær «mot Danmark» og kyrkjehistorikaren Adam av Bremen skreiv i si «beretning»[19] (kap.40) at kong Olav «gjekk til krig mot danskekongen».

Hærferda enda i slaget ved Svolder, der kong Olav møtte ein alliert hærstyrke som vart leia av kong Svein Tjugeskjegg, kong Olof Skötkonung og ladejarlen Eirik Håkonsson. Både av sogene og i skaldedikta går det fram at flåten til kong Olav var sterkt redusert då det kom til slag, og han hadde kanskje berre 11 skip. Det kan tenkast at leidangflåten hadde vendt om då hæren segla ut om landegrensene, og kanskje hadde han misrekna seg dersom han hadde venta støtte frå hærstyrkar frå Jomsborg og Vendland. Det vart såleis ikkje noko stort slag, men Snorre kan ha hatt rett når han skriv at det vart eit kvast slag med stort mannefall.

Dei norrøne sogene skildrar innleiinga til slaget, og sjølve slaget, med ein sterk «nasjonal» tendens og gir dei to nordmennene Olav Tryggvason og Eirik jarl ein sterkt overdriven heltestatus. Men det er likevel truleg at det heile enda med at nett dei to til sist møttes, mann til mann. Skalden Halldor Ukristne var truleg med i hæren til Eirik jarl og han gjorde diktet «Eiriksflokkr[20] om slaget, og der nemner han at «høgborda Barden» (borðmikinn Barða) - Jarnbarden, skipet til Eirik jarl - la seg opp til sida på skipet til kong Olav, Ormen Lange (við Orm inn langa). Alle norrøne kjelder er sameinte om at Olav Tryggvason miste livet i slaget, og resultatet vart at ladejarlane Eirik Håkonsson og Svein Håkonsson fekk attende styringa med det riket far deira, Håkon jarl den mektige, hadde rådd over.

Den vidgjetne episoda om Einar Tambarskjelve som skaut mot Eirik jarl, høyrde truleg ikkje heime i slaget, i det heile; sjå avsnittet «Bogen som brast» i artikkelen om Svolderslaget, og i artikkelen om Slaget ved Nesjar.

Myntar[endre | endre wikiteksten]

Mynt prega for Olav Tryggvason.

Truleg var Olav Tryggvason den første norske regenten som let gjere mynt[21]. Den einaste mynten ein kjenner til er av same type som kong Ethelred i England (sjå ill.) og har tekst på framsida (advers): ONLAF REX NOR(norvegiæ eller normannorum), på baksida (Revers): + GODPINE) M(onetarius) O(n) NOR(norvegia eller normannia). Den engelske myntmeisteren Godwine kom truleg til Noreg samstundes med Olav Tryggvason og ein kjenner til at han seinare prega mynt både for kong Olof Skötkonung i Sverige og kong Svein Tjugeskjegg i Danmark.

Godwine var òg myntmeister hjå kong Ethelred, noko som òg styrker teorien om at Olav Tryggvason hadde eit nært samarbeid med den engelske kongen.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Snorre gav kong Olav Tryggvason det omdømet at han var den største idrottsmannen i Noreg, sterkare og snøggare enn alle andre. Han gjekk opp på Hornelen, han gjekk på årene utanbords medan mennene rodde og han sjonglerte med tre småsverd slik at eit var støtt i veret. Han hogg like godt med begge hender og skaut med to spyd samstundes. Han var blid og omgjengeleg, men i strid var han den djervaste av alle. Han var hardhjarta når han var harm og var strid til å pine uvenene sine; sume brende han i elden, sume lét han vonde hundar rive i sund, sume lét han skamslå eller kaste utfor høge berg. Difor kom han seg vel fram òg, fordi sume gjorde han til lags av kjærleik og venskap, og sume fordi dei var redde.

Dei norrøne sogeforfattarane skildra Olav Tryggvason som ein lysande heltekonge, nasjonsbyggar og kristningskonge; som døyparen Johannes var forløparen for Kristus, vart Olav Tryggvason forløparen til Olav den Heilage. Desse karakteristikkane er blitt vidareført i nyare historieskriving, heilt fram til vår tid, og han blir framleis rekna som den største av alle kongane i vikingtida. Motiv frå soga hans er blitt nytta i stor grad i norsk litteratur, kunst og kultur, og ein har hatt lett for å gløyme kven han verkeleg var; ein særs brutal vikingkonge som nytta tortur og bestialske drap for å erobre kongsmakt i Noreg. Hans rolle som nasjonsbyggar og kristningskonge bygger på myter og religiøse segn.

I kongesogene blir det hevda at han hadde arverett til kongedømet fordi han var ein ættling etter Harald Hårfagre. Ættelinja er i seg sjølv særs usikker og bygger truleg på ein seinare konstruksjon. Eit anna moment er sjølvsagt at ein mogeleg "arverett" til Harald Hårfagre sitt vestlandsrike, ikkje gav noko som helst grunnlag for å hevde kongsrett over eit samla Noreg. Det dynastiet som var nærast til å kunne hevde herskarrett over Noreg på den tida, var Ladejarlane.

I den offisielle norske kongerekka [22] er Olav I Tryggvason ført opp som den 6. kongen, med ei styringstid på fem år (995-1000).

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Valdemar: Vladimir I Svjatoslavitsj (fødd 956–958 død 1015) òg kalla Vladimir den store, rådde i Gardarike i tida 972-1014. Han var fyrste av Holmgard (Novgorod) 970–ca.980 og storfyrste av Kiev ca.980–1015.
  2. Kong Ethelred var konge i England i tida 978-1013 og frå 1014 til han døydde 23.4.1016.
  3. Danegeld (tyder:«Danegull») er eit gamal-engelsk ord, og er ei nemning på ein tributt det angelsaksiske England betalte til norrøne vikingar og hærstyrkar, for at dei ikkje skulle herje i landet.
  4. I sogeverket Ågrip er det opplyst (på s.41) at Olav Tryggvason var 27 år gamal då han kom til Noreg.
  5. Det er påfallande når vi kan lese av den angelsaksiske krønika at Svein Tjugeskjegg ikkje er nemnt etter vinteren 994/995 (han reiste då truleg attende til Danmark) og han kom ikkje attende til England før i året 1003.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav Tryggvason av Snorre, omsett av S. Schjött (1900)
  2. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  3. 3,0 3,1 Ågrip or Noregs kongesoger av Gustav Indrebø (Samlaget 1973)
  4. Soga um dei gamle norske kongane (Tjodrek Munk) omsett av Eiliv Skard (1932)
  5. Den eldste soga om Olav Tryggvason av Odd Munk Snorresson, opphaveleg skreve på latin og var kjelde for fleire av dei seinare sogene
  6. Rekstefja truleg av Hallar-Steinn (ca år 1200)
  7. Óláfs drápa Tryggvasonar av ein ukjend skald (ca år 1200)
  8. Skaldatal frå is.wikisource.org (norrøn tekst)
  9. Det norrøne fyrstediktet av Bjarne Fidjestøl 1982 (Om Hallfred Vandrædaskald)
  10. Olavsdråpa av Hallfred Vandrædaskald
  11. Arvedråpa om kong Olav Tryggvason av Hallfred Vandrædaskald
  12. Lausaviser av Olav Tryggvason
  13. Fredsmål og vilkår Avtale etter slaget ved Maldon i 991 (Diplomatarium Norvegicum)
  14. Anglo-Saxon Chronicle Online Medieval and Classical Library
  15. Cnut: Danes in England in the Early Eleventh Century (The Medieval World) av M K Lawson (Longman 1993) side 36
  16. "Fant 2400 år gammel gravrøys midt i byen" adressa.no (09.2.2016)
  17. Trondheims historie må skrives om etter arkeologisk funn (NRK 2016)
  18. Eiriksdråpa av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)
  19. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift (Aschehoug 1993)
  20. Eiriksflokkr av Haldor Ukristne (Skaldic Project)
  21. Norges Mynter i Middelalderen av C.I.Schive (H. Tönsberg, Christiania 1865 )
  22. Den norske kongerekken (Det norske kongehus)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]