Hallingen Rotneims-Knut
Hallingen Rotneims-Knut er ein av dei mest kjende lausslåttane i landet, svært populær i kappleikssamanhang, både som tevlingsslått og som danseslått. Slåtten er svært utbreidd, og opningstaket i slåtten var lenge nytta som kjenningssignal for Buskerudsendinga i NRK. Slik sett er slåtten nærast eit ikon for Hallingdal. Slåtteformene er i dag for meste kalla opp etter kjempekaren Rotneims-Knut frå Gol, som lika å nytte denne slåtten til dans. Talet på former knyt slåtten til Vestlandet, der kjerneområdet ser ut til å ha vore Voss, Sogn og Sunnfjord. (for det meste under andre slåttenamn). Variantgruppa i Hardingfeleverket har nummer 154/168, med 14 nedskrivne former i alt. Av desse er heile ni frå Vestlandet. I Hallingdal ser det ut til at slåtten har spreidd seg med Gudbrand Skjellerud, til Krødsherad og moglegvis heilt til Tinn.
Edvard Grieg sette ut stevet til slåtten for mannskor i 1870-åra, og nytta slåtten i op.72, under nemninga Røtnamsknut (etter Knut Dale).
Slåtteformer
[endre | endre wikiteksten]- a: Rotneims-Knut etter Johan Kleven[1]. Nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 2). Kleven hadde slåtten etter far sin, Gamle-Kleven, som i sin tur hadde fått han frå Gudbrand Skjellerud, Nes i Hallingdal. ”Slik spela og dei gamle kryllingspelemennene denne slåtten.”
- b: Rotneims-Knut etter Anders Sagen , Kyrkjebø, Sogn[2]. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 529). Sage lærte slåtten av Mads Kvåle, Feios i 1849. Han var opphavleg frå Valdres. Det skal ha vore denne forma Rotneims-Knut nytta då han dansa for kronprins Oskar på Lærdalsøyra i 1839. Forma er heller stutt.
- d: Rotneims-Knut etter Knut Dale, Tinn[4]. Nedskrift Johan Halvorsen 1901, til bruk for Edvard Grieg. Dale kan ha fått slåtten av spelemenn han møtte på Kongsbergmarken, mellom dei Gamle-Kleven og Tor Grimsgard.
- e: Rotneims-Knut etter Sjur Håstabø, Granvin[5]. Nedskrift Arne Bjørndal 1930 (B 822). Håstabø hadde slåtten etter farbroren Olav Håstabø, som hadde han etter Nils Rekve frå Voss.
- f: Rotneims-Knut etter Sjur Helgeland, Voss[6]. Nedskrift Arne Bjørndal 1922 (B 1089). Helgeland hadde slåtten etter faren Lars Helgeland, som hadde han frå Anders Haga, Voss.
- g: Bruraslått etter Nils Furnes, Gaular, Sunnfjord[7]. Nedskrift Arne Bjørndal 1946 (B 1274). Furnes hadde slåtten etter Ola Nås, Bygstad i Sunnfjord.
- h: Vassenden etter Lars Istad, Voss[8]. Nedskrift Arne Bjørndal 1940 (B 1383). Istad hadde slåtten etter Hans Skutle, Voss.
- i: Akerten etter Per Straume, Solund, Sogn[9]. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 1936). Straume hadde slåtten etter Arne Vikja, Solund. ”Dette er ein gamal dans, eit slag kontradans”. Forma er den stuttaste nedskrifta, åtte takter lang, og kan spelast på to strenger (kvart og ters).
- j: Rote-Knut etter Alf Melvær, Askvoll, Sunnfjord[10]. Nedskrift Arne Bjørndal 1935 (B 1937). Melvær hadde slåtten etter faren Abraham Melvær, Askvoll, som hadde han frå ein gamal spelemann dei kalla Spele-Knut. Rote-Knut er ei avstytting av Rotneims-Knut.
- k: Rotneims-Knut etter Nils Furnes, Gaular[11]. Nedskrift Arne Bjørndal 1947 (B 2227). Furnes hadde slåtten etter Ola Nås, Bygstad.
- l: Rotneims-Knut etter Olav Moe, Aurdal, Valdres[12]. Nedskrift Eivind Groven 1952 etter opptak i NRK (G 865). Dette er ei av dei mest kjende storformene, som og var nytta av Olav Groven. Moe skal ha lært slåtten av Torkjell Haugerud, som hadde han etter Lars Fykerud. Fykeruden hadde han etter faren, Ganle Hans Fykerud, som mest truleg fekk slåtten frå Gudbrand Skjellerud. Fykerud bygde ut denne forma av slåtten, men Olav Moe skøytte på med ei eldre valdresform attåt. Denne forma inspirerte Johannes Hansen då han laga Valdresmarsjen. Truleg den mest spela varianten i dag.
Supplementsnedskrifter:
- 168a: Rotneims-Knut etter Sevat Sataøen, Ål[13]. Nedskrift Sven Nyhus 1978 etter opptak. Dette er den gamle forma dei nytta i Hallingdal. Sataøen hadde slåtten etter Ola Dekko og Tor Grimsgard.
- 168b: Rotneims-Knut etter Hellik Ranvik, Flesberg[14]. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Sveipar inn på kryllingforma etter Johan Kleven.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
- ↑ Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]