Hallingspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hallingspelet er nemninga på den greina av hardingfeletradisjon som har utvikla seg i Hallingdal. Spelet har nokre særskilde kjenneteikn som gjer det lett å skilje det frå andre tradisjonsliner, til dømes dei i Valdres og Numedal.

Rytmiske særdrag[endre | endre wikiteksten]

Hallingspelet er rekna som nærskyldt Valdres-spelet, og dei to linene har ein del sams slåttar. I Hallingdal har desse sin eigen svip, og i somme tilfelle er det ikkje godt å seie kva for bygdelag som skapte slåtten. Den nedre delen av dalen, Nes og Flå har òg nokre sams slåttar med Krødsherad.

Hallingspringaren byrjar utan unnatak beint på første slaget, og har ein måteleg jamn 3/4-takt. Bogedraget kan stundom vri seg på ein måte som kan kjennast floket, og tradisjonen har ført med seg kjappe kast med bogen, noko som gir spelet ein eigen rytmisk snert.

Lausen eller hallingen har og dette draget, og nokre spelemenn har teke til å nytte rundboge i staden for den vanlege fiolinbogen for å meistre dei flokete draga i dei eldste utformingane av tradisjonen.

Hovudliner[endre | endre wikiteksten]

I dalen har det vore to sentrale utviklingsstader: Nes i Hallingdal, med nær tilknyting til Krødsherad, og Ål. Berre i Ål voks det fram to greiner av hallingspelet, strandaspel og dekkaspel. Den første av desse linene hadde sentret sitt på Strand, lengst nord i kommunen, og tel spelemenn som Ola A. Strand, Knut Asleson Strand og Asle Strand. Låttane her er kjenneteikna ved «rulling» og lange liner i bassen. Somme meiner dette stildraget er svært gamalt, og tradisjonen lyfter fram nokre av dei mest særmerkte låttane i dalen.

Dekkaspelet er mest knytt til spelemannen Ola Dekko, og er kjenneteikna med ei anna melodisk utforming, og gjerne fleire ristetak i springaren. Mange av låttane herfrå har variantar i andre dalføre, og har nok teke opp i seg meir av impulsar frå Valdres og Telemark. Attåt desse hovudlinene finst det særdrag for gamalt spel i Hol og Flå.

Tida kring 1900 kan gjerne kallast ei ombrøytingstid for hallingspelet. Spelemenn som Tor Grimsgard og Ola Dekko (båe fødde på 1850-talet), sytte for at mindre slåttar vart bygde ut, og auka den tekniske standarden på spelet. Arven frå dei vart ført vidare av spelemenn i generasjonen etter. Samstundes såg 1800-talet og at dei ulike tradisjonslinene vart blanda i større mon, sidan trafikken oppetter og nedetter dalen auka. Likevel kan ein enno skilja dei ulike linene i hallingtradisjonen. Det er å seia at Hallingdal nok låg noko etter til dømes Telemark eller Valdres, som hadde opplevd ei tilsvarande ombrøyting av spel ein eller to ættleder før, med Myllarguten og Jørn Hilme. På denne tida var desse områda prega av Lars Fykerud og Olav Moe, medan hallingane framleis la vinn på tradisjonelt dansespel. Hugen til konsertspel vart ikkje vakt før med Odd Bakkerud.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Hallingspelet har endra seg noko dei seinare åra, mykje på grunn av påverknad frå Odd Bakkerud frå Nesbyen, som vart lært opp av mellom andre Truls Ørpen frå Krødsherad. Eit innslag av meir fiolinistisk spelestil og ei påverknad frå Telemark har òg skapt omskifte.

Frå om lag 1960 til 1980 opplevde Hallingdal som andre område ei nedgang i interessa for folkemusikken. Det vart lite nyrekruttering både til dans og spel, og frå 1971, då Olav Sataslåtten døydde, gjekk det seint å få dei unge attende til miljøet. Omskiftet kom med Hallingdal Låtelag, som vekte ny interesse hjå ungdomane i dalen. .

Frå om lag 1870 er mange hallinglåttar òg spela på durspel (einpikkar), som er vel så nytta som instrument til dans. Frå omlag 1900 kom toraderen og runddansmusikken i samband med bygging av Bergensbanen

Spelemenn[endre | endre wikiteksten]

.