Handball-VM 1990 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i handball 1990 for kvinner, den 10. i rekka, vart avvikla i tida 24. november til 4. desember 1990 i Sør-Korea. Til saman 16 land deltok i turneringa. Sovjetunionen sikra seg meisterpokalen for tredje gong då laget vann finalen mot Jugoslavia 24 mål mot 22.

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom dei to gruppevinnarane i hovudrunda, Jugoslavia og Sovjetunionen, vart spelt i Seoul. Det sovjetiske mannskapet tok kommandoen i kampen og halvvegs i fyrste omgangen leia laget 8-4, ved pause stod det 14-9 til Sovjetunionen. Sovjet-kvinnene kontrollerte kampen utover i andre omgangen til det stod 19-14 på måltavla. Berre seks minuttar seinare hadde Jugoslavia redusert til 19-20. Dei siste 14 minuttane vart målfattige. Sovjet auka til tre måls leiing og vann til sist med siffera 24-22.

Sovjetunionen sin fyrstesjuar bestod av målvakta Svetlana Bogdanova, rykkromspelarane (frå høgre) Svetlana Vydrina 10 mål, Galina Onoprijenko 1 mål og Natalija Morskova 7 mål, kantspelarane Marina Bazanova og Olena Nemasjkalo og linjespelaren Svetlana Prjakhina, alle desse tre stod for 2 nettkjenningar kvar.

Jugoslavia sine mål vart sett inn av kapteinen Svetlana Kitić og Maja Bulatović, begge 6 mål, Dragana Pešić 5 mål, Svetlana Antić 3 mål og Stanica Gole 2 mål.

Ole Christensen og Peter Jørgensen frå Danmark var finaledommarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

VM-finalen 1990