Handball-VM 1986 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plakat

Verdsmeisterskapen i handball 1986 for menn vart avvikla i tida 25. februar til 8. mars 1986 i Sveits. Til saman 16 land deltok i turneringa. Jugoslavia vart verdsmeister for fyrste (og siste) gong etter siger 24-22 over Ungarn.

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom gruppevinnarane i mellomspelet, Jugoslavia og Ungarn, vart spelt i Zürich framfor 12 000 tilskodarar. Ved pause stod det 12-12, men i «løpet av en sju minutters periode i begynnelsen av 2. omgang gikk jugoslavene opp ... til ledelse 15-12»[1], eit forsprang Ungarn ikkje tok att.

Jovica Cvetković vart toppskårar for Jugoslavia med seks mål, saman med straffeskytaren Mile Isaković. Elles skåra Veselin Vujović fire mål, Jasmin Mrkonja tre og Zlatan Saračević to gongar, medan Momir Rnić, Veselin Vuković og Caslav Grubić fekk ei nettkjenning. Mirko Bašić vakta det jugoslaviske målet i fyrste omgang, etter pause stod Zlatan Arnautović. Ungarn sine toppskårarar var Mihaly Kovács og Mihály Iváncsik, begge med fem mål.

Plasseringskampar[endre | endre wikiteksten]

Laga som ikkje nådde mellomspelet var rangert slik: 13. Tsjekkoslovakia, 14. Polen, 15. Cuba, 16. Algerie.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sunnmørsposten 10. mars 1986

Kjelder[endre | endre wikiteksten]