Harald U. Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om presten og stortingsmannen. For oseanografen, sjå Harald Ulrik Sverdrup.

Harald Ulrik Sverdrup (18. februar 181323. april 1891) var ein prest og stortingsmann fødd på Jarlsberg hovudgard. Han var far til Jakob Sverdrup. Johan Sverdrup var bror hans.

Sverdrup var son til ein lærar, og vart undervist heime til han gjekk fire år ved middelskulen i Larvik. Han vart då student i 1831 og cand. theol. i 1837. Dei neste seks åra arbeidde han på universitetsbiblioteket i Christiania, samstundes som han var lærar på ein skule, og for kvinnelege fangar på tukthuset i byen. Frå 1845 var han i fire år residerande kapellan i Leikanger i Sogn, deretter sokneprest i Balestrand i lang tid, 1849-83. Allereie i 1853 fekk han seg ein helseknekk og heldt sidan personalkapellan.

Sverdrup var ordførar i Leikanger 1848-1849, ogi den nyoppretta kommunen Balestrand 1849-79. Han stod bak opprettinga av Balestrand Sparebank, der han i lang tid var styreformann. Også sterk delaktig i opprettinga av Fjordabåtane, styremedlem 1856-83. Forlikskommissær 1856-89. Han skreiv ei forklaring, Udtog af Dr. Erich Pontoppidans Forklaring til de Enfoldiges Nytte, som kom ut fyrste gongen i 1856 og sidan i mange opplag.

Sverdrup representerte Nordre Bergenhus amtStortinget frå 1851 til 1869, og 1874-76. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1858 og 1875. Han var formann i kyrkjekomiteen 1851, sidan medlem i same fram til 1860, deretter 1862-69 i kyrkjekomite nr 2, 1874-76 i kyrkjekomiteen att. Frå 1854 var han medlem av valkomiteen i alle seinare storting han var med på. Elles sekretær i adressekomiteen 1851, komiteen om representantfordelinga 1857, komiteen om statthaldarsaka 1859-60, 1864 om den dansk-tyske krig, 1874 av jarnbanekomiteen. I 1860 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm. År 1853 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om fattiglovgjevinga.

Han døydde i Balestrand i 1891.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]