Henri Le Fauconnier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henri Le Fauconnier
Fødd 5. juli 1881
Hesdin
Død

25. desember 1946
Paris

Yrke kunstmålar
Landskap frå Ploumanac'h i Bretagne av av Le Fauconnier, 1908. No ved Museum Kranenburgh i Bergen i Holland.

Henri Le Fauconnier (5. juli 188125. desember 1946) var ein fransk kunstnar kjent for å ha vore blant pionerane innan fauvismen og kubismen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Le Fauconnier var fødd i Hesdin i departementet Pas-de-Calais i Frankrike. Han flytta frå heimtraktene i det nordlege Frankrike til Paris i 1901 for å lesa jura. Etter ei tid endra han studieretning og byrja å studera målekunst, først ved Jean-Paul Laurens sitt atelier og så blant anna ved Académie Julian. Han deltok ved den kjende Salon des indépendants i 1904. Dei tidlege verka hans er fauvistiske, påverka av gruppa Les Nabis og Matisse.

Stilen hans blei snart endra mot kubisme etter at han hadde teke imot inntrykk frå verka til Cézanne.

Ved Salon d'automne i 1909 stilte Le Fauconnier ut ved sida av Constantin Brâncuși, Jean Metzinger og Fernand Léger. Ved Salon des indépendants i 1911 forårsaka Le Fauconnier og hans kollegaer Fernand Léger, Robert og Sonia Delaunay, Jean Metzinger og Albert Gleizes skandale med dei kubistiske måleria sine. I 1912 stilte Le Fauconnier ut det enorme Les Montagnards attaqués par des ours ('Fjellfolka angringe av bjørnar') i Salon d'automne.[1]

Le Fauconnier var med i Puteaux-gruppa, og var rekna som ein leiande person blant dei såkalte Montparnasse-kubistane. Dermed fekk han livleg og fruktbar kontakt med andre europeiske avantgarde-kunstnarar. Vasilij Kandinskij inviterte han til å skriva ei teoretisk tekst til Neue Künstlerverein i München, og måleria hans blei reproduserte i skrifter av Der Blaue Reiter som døme på deira kunstretning. Han deltok på fleire utstillingar med avantgarde-kunstnarar i Moskva.

Åra rundt 1910 underviste Le Fauconnier ved Académie de la Palette i Paris og hadde blant anna svenskane Vera Nilsson, Agnes Cleve og John Jon-And som elevar. Ein annan kjend elev var den russiske Vera Mukhina.

Ved utbrotet av første verdskrigen var Le Fauconnier i Nederland og blei verande der i seks år. Kunsten hans hadde no utvikla seg til ei blanding av kubisme og ekspresjonisme, ein stil som til viss del influerte den samtidige nederlandske kunsten. Han vende attende til Paris i 1920, og budde frå 1923 om somrane i eit hus i Grosrouvre i Île-de-France. Frå no av kom han til å arbeida i ein meir realistisk og mindre nyskapande retning.

Henri Le Fauconnier døydde av hjarteslag i 1946, og blei gravlagd i Grosrouvre.

Verk av Le Fauconniers finst framfor alt i samlingar i Stedelijk Museum i Amsterdam, Gemeentemuseum i Haag og Eremitasjen i St. Petersburg.

Nokre kjende verk[endre | endre wikiteksten]

  • Femme nue dans un intérieur, Lyon, Musée des Beaux-Arts
  • L’Église de Grosrouvre, Lyon, Musée des Beaux-Arts
  • L’Enfant breton, Lyon, Musée des Beaux-Arts
  • Nature morte aux fleurs, Beauvais, Musée Départemental de l’Oise
  • Paysage, Lyon, Musée des Beaux-Arts
  • Portrait de vieille femme, Lyon, Musée des Beaux-Arts
  • Maisons dans les rochers à Ploumanac'h, Brest, Musée des Beaux-Arts

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Cottington: Cubism in the Shadow of War: The Avant-Garde and Politics in Paris, 1905-1914, ss. 104-107