Hot 'Lanta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hot 'Lanta
Song av The Allman Brothers Band
frå albumet At Fillmore East
Utgjeve Juli 1971
Sjanger
Lengd 5:17
Selskap Capricorn
Låtskrivar(ar)

«Hot 'Lanta» er eit instrumentalstykke framført av Allman Brothers Band. Det debuterte på konsertalbumet At Fillmore East, gjeve ut i juli 1971 som det femte sporet på albumet. «Hotlanta» er eit kontroversielt kallenamn for Atlanta i Georgia, og er eit portmanteau av orda «heit» (hot) og «Atlanta».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen byrjar med ei fråsegn av temaet, etterfølgd av soloar frå Gregg Allman (orgel), Duane Allman (gitar) og Dickey Betts (gitar). Deretter følgjer ein trommepause (i duett) og ei gjentaking av temaet, som blir avslutta med ein dissonant akkord som går over i ein drone av orgel og intermitterande vesletromme-valsar, for så å veksa til eit mektig crescendo som blir framheva av trommeslagaren Butch Truckss paukar-spel.

Komposisjonen har fellestrekk med jazzrock og progressiv rock.[1]

I 2021 vart songen spelt av Deep Purple som ein del av ein medley på albumet deira Turning to Crime.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Martin, Bill jr. (14. desember 2015). Listening to the Future: The Time of Progressive Rock, 1968-1978 (på engelsk). Open Court. ISBN 9780812699449.