Midnight Rider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midnight Rider
Singel av The Allman Brothers Band
frå albumet Idlewild South
B-side «Whipping Post»
Utgjeve 26. mars 1971
Sjanger
Lengd 2:57
Selskap Capricorn
Låtskrivar(ar)
Produsent Tom Dowd
The Allman Brothers Band-kronologi
«Revival (Love Is Everywhere)»
(1970)
Midnight Rider «Ain't Wastin' Time No More»
(1972)


«Midnight Rider» er ein song av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Det var den andre singelen frå det andre albumet deira, Idlewild South (1970), gjeve ut på Capricorn Records. Songen vart hovudsakleg skriven av vokalisten Gregg Allman, som først byrja å komponere songen i ei hytte dei leigde utafor Macon i Georgia. Han fekk hjelp av roadien Robert Kim Payne til å fullføre teksten på songen. Han og Payne braut seg inn i Capricorn Sound Studios for å fullføre ein demo av songen.

Medan den orignale Allman Brothers-versjonen av songen ikkje gjekk inn på lista, vart «Midnight Rider» ein mykje større suksess som coverlåt. Gregg Allman sin soloversjon av songen frå 1973 vart den største hitten og nådde topp 20 i USA og Canada. Ein versjon av den jamaicanske songaren Paul Davidson vart mest populær i Storbritannia, der ahn nådde tiandeplassen. Countryartisten Willie Nelson spelte òg inn ein versjon av songen som nådde sjetteplassen på den amerikanske countrylista.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Joe Cocker-versjonen
Liste (1972) Plassering
US Billboard Hot 100[1] 27
Gregg Allman-versjonen
Liste (1973–74) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[2] 17
US Billboard Hot 100[3] 19
Paul Davidson-versjonen
Liste (1975–76) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[4] 10
Willie Nelson-versjonen
Liste (1980) Plassering
US Hot Country Singles (Billboard[5] 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Cocker?f=379&g=Singles Joe Cocker Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Joe Cocker. Prometheus Global Media. Henta 13. september 2015.
  2. «RPM Top Singles» (PDF). RPM (Ottawa: Library and Archives Canada) 21 (3). 2. mars 1974. Henta 13. september 2015. 
  3. "Allman?f=379&g=Singles Gregg Allman Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Gregg Allman. Prometheus Global Media. Henta 13. september 2015.
  4. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 13. september 2015.
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 245. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]