Howard Kaylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Howard Kaylan
Howard Kaylan.jpg
Kaylan i 2008 som «The Turtles Featuring Flo & Eddie»
Verkeleg namn Howard Kaplan
Alias «Eddie»
Fødd 22. juni 1947 (68 år), New York City
Sjanger Rock and roll
Yrke Musikar
Tilknytte artistar The Turtles, Frank Zappa and the Mothers of Invention, Flo & Eddie
Plateselskap Warner Bros., Columbia
Nettstad www.howardkaylan.com

Howard Kaylan (fødd 22. juni 1947 som Howard Kaplan) er ein amerikansk rock and roll-musikar, mest kjend som eit av medlemmane som starta og song i 60-talsbandet The Turtles, og som «Eddie» i 70-talsbandet Flo & Eddie.[1]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Kaylan vart fødd i New York City og voks opp i Westchester, ein forstad til Los Angeles i California. Han studerte kormusikk og klarinett, og vann ein Bank of America Fine Arts Award då han var 16 år gammal. Han gjekk tidleg ut frå Westchester High School og gjekk ei kort stund på UCLA på eit stipend.[2]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

The Turtles[endre | endre wikiteksten]

Kaylan og Mark Volman starta i lag The Turtles, eit popband i slutten av 1960-åra. Mot slutten av 1970 starta både Kayland og Volman å synge med bandet til Frank Zappa, The Mothers of Invention. Paret spelte inn fem album, turnerte med dei og var med i filmen 200 Motels, ein delvis dokumentarfilm regissert av Zappa. Dei vart nøydde til å bruke namna Flo & Eddie («Flo» var ei forkorting for «Phlorescent Leech») og fekk ikkje lov å nytte sine eigne namn, eller namnet til The Turtles, før fleire søksmål frå det bandet var oppgjort i 1985.

I 1985 vart namnet «The Turtles» gjeve attende til Kaylan og partnaren hans etter 15 år i rettssystemet, i tillegg til at dei fekk attende alle opptaka dei gjorde. Musikken til The Turtles har vorte nytta i reklamar for Burger King, NFL, Sony PlayStation, og mange andre fjernsynsreklmar og filmar.

Flo & Eddie[endre | endre wikiteksten]

Flo & Eddie gav ut ni album på Warner Bros. Records og Columbia Records, og dei gav musikk og stemmer i animasjonsfilmar som Down and Dirty Duck. I 1980-åra vart «Rock Steady With Flo and Eddie» spelt inn i Kingston på Jamaica, og dei byrja å skrive kommedie og manus med Chris Bearde, Larry Gelbart og Carl Gottlieb. Samstundes skreiv dei ofte i magasina Creem, Phonograph Record Magazine og Los Angeles Free Press.

Dei produserte òg mange album for andre band og artistar, som korvokal på over 100 album.[treng kjelde] Flo and Eddie er å høyre på album av John Lennon, Bruce Springsteen, Ramones, Blondie, Duran Duran, The Psychedelic Furs, T.Rex, Alice Cooper og mange andre.[treng kjelde]

Flo and Eddie spelte som The Phlorescent Leech og Eddie på Frank Zappa-albumet Chunga's Revenge i 1970 og i 1971 som solovokalistar på Zappa sitt Fillmore East-album og som Howard Kaylan/Mark Volman der dei song «Happy Together», så på Just Another Band From L.A., 200 Motels og mykje seinare Playground Psychotics og andre samlealbum av Zappa med gamle konsertopptak frå 1970-71.

Soloarbeid[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1990-åra skreiv og samla Kaylan mørk fantasylitteratur og science fiction. Han skreiv to noveller, som eit eksperiment, og betgge vart publiserte i «Phantoms of the Night» og «Forbidden Acts.»

Media[endre | endre wikiteksten]

Han spelte ein ortodoks prest som «gifta bort» Laura til Stavros i ein draumeseksvens på General Hospital, ein gammal hippie i Suddenly Susan og ein yngre ein på It's Garry Shandling's Show.

I 1983 spelte Kaylan i rockekomedien Get Crazy, med Malcolm McDowell og Daniel Stern. Kaylan spelte rolla som Captain Cloud.

Sjølvbiografien til Kaylan, «Shell Shocked: My Life with the Turtles, Flo and Eddie, and Frank Zappa, etc.» vart publisert av Backbeat Books i mars 2013. Boka var skriven i lag med Jeff Tamarkin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]