Chunga's Revenge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chunga's Revenge
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 23. oktober 1970
Innspelt juli 1969 - august 1970
Sjanger Progressiv rock, jazzfusion, komedierock, hardrock
Lengd 40:22
Selskap Bizarre/Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Weasels Ripped My Flesh
(1970)
Chunga's Revenge Fillmore East – June 1971
(1971)
Singlar frå Chunga's Revenge
  1. «Tell Me You Love Me»
    Utgjeve: 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC+[2]
Rolling Stone(negativ)[3]

Chunga's Revenge er det tredje soloalbumet til Frank Zappa, gjeve ut den 23. oktober 1970. Det første albumet til Zappa laga i 1970-åra var første gongen han hadde med seg dei tidlegare Turtles-medlemmane Flo & Eddie, og signaliserer starten på ein kontroversiell periode i historia til Zappa. Chunga's Revenge representerer både ei endring frå både dei satiriske politiske kommentarane frå arbeidet hans med The Mothers of Invention i 1960-åra og jazzfusion-stilen frå Hot Rats.

Opphavet til tittelen[endre | endre wikiteksten]

Ein «chunga» var andssvak person som Zappa såg for seg i songar som «The Idiot Bastard Son». Omgrepet vart gjeve av Dan O'Brien, som Zappa var fan av i tenåra, for effekten Hiroshima-bomba hadde på seinare generasjonar.

Songane[endre | endre wikiteksten]

Songane på Chunga's Revenge er varierte. Det finst to gitarjammar («Transylvania Boogie» og tittelsporet), ein blues («Road Ladies»), eit jazzmellomspel («Twenty Small Cigars») frå Hot Rats-innspelinga, og ein avantgarde live improvisasjon («The Nancy and Mary Music») som er eit utdrag frå King Kong. Fleire popsongar («Tell Me You Love Me», «Would You Go All the Way?», «Rudy Wants to Buy Yez a Drink», «Sharleena») og nokre andre fører talet på songar opp i ti.

Dei vokale songane omhandlar sex og/eller møte med groupiar og som Zappa seier på omslaget, er ei førehandsvising av den då komande filmen og albumet 200 Motels. Delar av albumet var meint for albumet, men kom ikkje med. Fleire av desse spora, «Transylvania Boogie», «Twenty Small Cigars», «The Clap», og tittelsporet, vart spelt inn under anten Hot Rats-innspelinga, eller under innspelinga for ein oppfølgjar til Hot Rats tidleg i 1970, som aldri vart noko av.

Andre songar frå desse innspelingane kom ut på Zoot Allures, nemleg akkompagnementet for «Friendly Little Finger», Studio Tan, akkompagnementet til «Let Me Take You To The Beach» og The Lost Episodes med originalversjonen av «Sharleena» og mogelegeins «Li'l Clanton Shuffle».

Andre «tapte» songar frå desse innspelingane er instrumentalane «Twinkle Tits» og «Bognor Regis». Eit konsertopptak av «Twinkle Tits» finst på piratkopialbum, medan den originale studioversjonen aldri er gjeven ut. «Bognor Regis» var meint som B-sida til singelen «Sharleena», men denne vart aldri gjeven ut.

Tittelsporet vart spelt av den argentiske tangogruppa Gotan Project i 2001 på debutalbumet deira La Revancha del Tango.

Gitarmelodien på «Tell Me You Love Me» er særs lik gitarmelodien på «Bwana Dik» og «Daddy, Daddy, Dadd», under «if his dick is a monster»-delen frå Fillmore East - June 1971 og 200 Motels.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Transylvania Boogie»   5:01
2. «Road Ladies»   4:10
3. «Twenty Small Cigars»   2:17
4. «The Nancy & Mary Music»   9:27
Side to
# Tittel Lengd
5. «Tell Me You Love Me»   2:33
6. «Would You Go All the Way?»   2:29
7. «Chunga's Revenge»   6:15
8. «The Clap»   1:23
9. «Rudy Wants to Buy Yez a Drink»   2:44
10. «Sharleena»   4:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Frank Zappa
  • Lydteknikarar: Stan Agol, Roy Baker, Dick Kunc, Bruce Margolis
  • Produksjonsassistent: Dick Barber
  • Arrangør: Frank Zappa
  • Plateomslag: Cal Schenkel
  • Illustrasjonar: Cal Schenkel
  • Fotografi: Phil Franks (omslag) og John Williams

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1970 Pop Albums 119

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Robert Christgau review
  3. Rolling Stone review

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]