Indisk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei eldgamle Vedaene blir framleis framførte i dag, her ved ein religiøs skule i Tamil Nadu.
Illustrert tekststykke frå Kalpasutra på djain-prakrit med kommentarar på gammal-gujarati.

Indisk litteratur omfattar litteratur på fleire språk, som dei moderne indiske språka bengali, bihari, gujarati, hindi, kannada, malayalam, punjabi, tamil, telugu og så vidare, engelsk sidan kolonitida og eldre språk som vedisk, episk og klassisk sanskrit, prakritspråk som ardhamagadhi, pali, maharashtri og shauraseni og klassisk tamil.

Illustrert side av Mahabharata frå mogultida.

Den eldste indiske litteraturen er hovudsakleg religiøse og vitskaplege tekstar, som Vedaene, Mahabharata og Ramayana knytt til hinduismen, Palikanonen og Jatakasogene frå buddhismen og Kalpasutra, Tattvarthasutra og Naaladiyar frå djainismen. Nokre kjende klassiske enkeltverk er sanskritverka Sjakuntala av Kalidasa, Arthasjastra av Kautilya, Natyasjastra av Bharata Muni og Kamasutra av Vatsyayana, og dei tamilske Tolkappiyam og Thirukkural. Mykje eldre litteratur er omsetjingar av, kommentarar til eller inspirerte av dei eldre verka.

Tidlege hindiforfattarar er dei religiøse diktarane Kabir, Mirabai og Tulsidas, medan nyare forfattarar er Bharatendu Harishchandra, Munshi Premchand og Maithili Sharan Gupt. Andre viktige namn innan moderne indisk litteratur er bengaliforfattarane Rabindranath Tagore, Sukanta Bhattacharya og Bankim Chandra Chattopadhyay. Tidlege engelskspråklege forfattarar er Mulk Raj Anand, Raja Rao og R.K. Narayan. Seinare kjende indiske eller indiskfødde forfattarar som skriv på engelsk er mellom anna Vikram Seth, Salman Rushdie, Rohinton Mistry, Jhumpa Lahiri, Kamala Markandaya og Arundhati Roy.

Klassisk indisk litteratur[endre | endre wikiteksten]

Klasssisk indisk litteratur er metriske vers som ein kan hugsa og dela. Seinare nedskrivne kommentarverk er derimot i prosa.

Sanskritlitteratur er tradisjonelt delt inn i seks ortodokse typar (sjruti, smriti, itihasa, purana, agama og darsana) og fire seinare og mindre autoritative «sekulære» typar (subhashita, kavya, nataka og alankara). Vedaene, som omfattar den eldste indiske teksten Rigveda frå rundt 1400 f.Kr., tilhøyrer sjruti ('det som blir høyrd'). Itihasa ('slik var det') omfattar storverka Mahabharata (med Bhagavadgita) og Ramayana, mytologisk-historiske epos som blei munnleg overleverte og lagt til gjennom fleire hundreår. Den førstnemnde blei truleg byrja på 800-700-talet f.Kr. og fann si endelege form rundt 400-talet e.Kr. Ramayana blei truleg byrja på 400-300-talet f.Kr., og gjekk gjennom fleire overleveringstradisjonar som har gitt fleire litt ulike verk. Begge verka er blitt omsette til fleire av dei indiske språka. Til desse eldste verka er det også blitt skrive ei mengd kommentarlitteratur, som brahmanaene, aranyakaene og upanisjadane.

Andre tidlege verk i indisk litteratur er Arthasjastra, ei avhandling om riksstyre tillagd mauryarådgjevaren Kautilya, tekstane frå pillarane reist av Asjoka den store, og lovsamlinga Manusmrti. Dette er tekstar som har hatt stor tyding for indisk samfunn og historieforsking.

Den sørindiske sangamlitteraturen oppstod mellom ca. 300 f.Kr. og 300 e.Kr. Denne klassiske tamilske litteraturen omfattar fleire tusen korte dikt som er delt inn i «indre» verk, typisk knytte til kjærleik, og «ytre» verk typisk knytte til heroisme og mot. Han omfattar også aforismeverket Thirukkural, eposet Silappatikaram og grammatikkverket Tolkappiyam, som alle er på vers.

Forfattarane av dei eldste eposa er legendariske, som Vyasa og Valmiki. For seinare forfattarar kjenner ein fleire biografiske trekk, som med Kalidasa, Bhasa, Thiruvalluvar og Avvaiyar.

Medan sanskrit var sterkt knytt til den brahminske hindutradisjonen, blei litteraturen til dei nye religiøse retningane buddhismen og djainismen skriven på prakritspråka pali og ardhamagadhi. Buddhistisk tradisjon omfattar mellom anna Dhammapada, buddhist-doktrine på vers, Suttanipata som inneheld dikt og dialogar og Jatakasogene som inneheld soger og fablar knytt til Buddha sine tidlegare liv. Men det fanst også fleire eventyrsamlingar på sanskrit, som Pantsjatantra og Kathasaritsagara. Mange av desse eventyra vandra verda over, og ei tid trudde mange at alle eventyr opphavleg stamma frå India.

Framsida til sikhverket Dasam Granth.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen såg visjonær religiøs dikting både i i sør, av kannadagruppa dasa og tamilgruppene nayanmar og alvardiktarane, og i nord, av Kabir, Mirabai, Tulsidas og Vidyapati på variantar av hindi, Lalla på kasjmiri og Namdev på marathi. På denne tida oppstod også sikhlitteratur med Guru Granth Sahib som det viktigaste dømet. Mange av desse dikta er songar som framleis blir sungne.

Påverknad frå persisk og tyrkisk tradisjon under mogulane førte til ei rik dikting på urdu med nye verstypar som ghazal og nazm. Av dei best kjende indiske urdudiktarane kan nemnast Amir Khusro, Mir Taqi Mir, Mirza Ghalib og i nyare tid Gulzar.

Andre trekk i nordindisk litteratur på ulike språk kan truleg sporast tilbake til apabhramshatradisjonar, til dømes dei to utbreidde diktformene cauti (trettifire') som nyttar kvar av dei 34 konsonantane i devanagari til eit dikt med same tal linjer og barahmasa ('tolv månader') der ein liknar eigenskapane til ein gud eller ei ven jente med dei tolv månadane i året.

Moderne indisk litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege forfattaren Nayantara Sahgal på ei boklansering i Delhi i 2007.
Frå Kolkata Book Fair i 2011.

Nyare indisk litteratur er påverka både av eldre tradisjonar og av moderne vestlege sjangrar, som etterkvart fekk innpass i alle dei indiske skriftspråka. Hindispråklege Bharatendu Harishchandra er rekna som far til moderne hindilitteratur, medan Munshi Premchand var blant dei første som skreiv realistiske, samfunnskritiske soger. Den første indiske romanen på engelsk var truleg Rajmohan's Wife frå 1864 av Bankim Chandra Chatterjee. Chatterjee skreiv seinare fleire verk på morsmålet bengali. Den første indiske nobelprisvinnaren Rabindranath Tagore skreiv også oftast på bengali, men brukte også engelsk. Rajam Aiyar er rekna som den viktigaste tamilske forfattaren frå 1800-talet, med ein realistisk, humoristisk stil som blandar klassisk form og daglegspråk.

Sjølvstendeforkjemparar som Bharatiyar, Sarojini Naidu og Mahatma Gandhi kom med ulike visjonar av eit nytt India. Gandhi og det indiske sjølvstendet i 1947 gav støytet til nye litterære vegar. Forfattarar som Attia Hosain og Khushwant Singh skildra delinga av Britisk India og samfunnet etter. Mulk Raj Anand skreiv verk som særleg var kritiske til det indiske kastesystemet. R.K. Narayan skreiv nyskapande romanar og noveller frå ein «typisk» oppdikta indisk småby, og blei anerkjend verda over. Kannadaforfattaren Kuvempu moderniserte den episke diktinga med ei gjendikting av Ramayana. Seinare kom forfattarar som skildra vilkåra til den indiske kvinna, som Githa Hariharan.

Fleire internasjonalt kjende indiskfødde forfattarar kjem ikkje frå den hinduiske kultursfæren. Av kjende engelskspråklege forfattarar er til dømes Salman Rushdie fødd muslim, Arundhati Roy er kristen og Rohinton Mistry er parsi. Mange indiskfødde forfattarar busette i utlandet tek framleis opp indiske tema, som Vikram Seth, Anita Desai og Jhumpa Lahiri.

Av utlendingar som har vore busett i India og skrive derfrå kan nemnast anglo-indiske Rudyard Kipling og seinare Mark Tully, den russisk-tyske teosofen Helena Blavatsky og tysk-britiske Ruth Prawer Jhabvala.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «South Asian arts», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
  • «Indian literature», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.