Kéros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kéros
Land  Hellas
Del av Kykladane
Areal 15 km²
Folketal 0 (2011)
Kart
Kéros
36°53′29″ N 25°38′55″ E
Wikimedia Commons: Keros

Kéros (gresk Κέρος) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya har eit areal på 15 km² og er ikkje busett.[1] Det høgaste punktet er 432 moh. Ho var ein viktig stad for Den kykladiske sivilisasjonen som blømde rundt år 2500 fvt.

Kéros høyrde til den tidlegare kommunen Koufonísia, men inngår frå 2011 i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[1]

Øya ligg mellom Amorgós og Náxos, like sør for Koufonísia og aust for Skhinoúsa.

Kéros er særskild kjend for marmorstatuar med flate andlet som seinare inspirerte Pablo Picasso og Henry Moore.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.