Polýegos
| Polýegos | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 18,15 km² | ||
| Folketal | 3 (2021) | ||
![]() Polýegos 36°46′00″N 24°38′00″E / 36.766666666667°N 24.633333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Polyaigos | |||
Polýegos (gresk Πολύαιγος), eller Polyaigos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg nær Mílos og Kímolos, og namnet tyder «mange geiter» etter dei mange geitene som lever her.
Polýegos har 3 innbyggjarar (2021) og høyrer til kommunen Kímolos, som er ein del av periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[1]
Øya er opp mot 6 km lang og 4,3 km brei. Ho har eit areal på 18 km² og ei kystlengd på 22–27 km. Ho ligg berre 2 km søraust for Kímolos og 6 km frå Mílos. Det er to fjell på øya. Strongyló er 330 moh. og Psiló Vounó 370 moh.
Det meste av øya høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, og mindre delar høyrer til lokale gjetarar frå dei nærliggande øyane.
Polýegos er stort sett ei berr øy, men har mange flotte strender, særleg i sør. I tillegg har ho fleire grotter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Polyaigos» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2007.
