Iráklia
Utsjånad
| Iráklia Lokalt namn Ηράκλεια | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Kykladane |
| Koordinatar | 36°50′N 25°27′E / 36.833°N 25.450°E |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining Kommune | Dei sørlege egeiske øyane Náxos Náxos og dei små Kykladane |
| Hovudsete | Iráklia (37 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 148 (2021[1]) |
Iráklia (gresk Ηράκλεια), er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet.
Iráklia var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Iráklia 148 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 37 innbyggjarar.<ref name=Folketeljing_rev 2021 Øya ligg mellom Náxos og Íos ved naboøyane Skhinoúsa, Koufonísia, Donoúsa og Amorgós. Hamna heiter Ájos Jeórjos, medan hovudlandsbyen vert kalla Panajía. Dei største grottene i Kykladane ligg på Iráklia. Ein kan nå Iráklia med båtar frå Pireus, Náxos og Páros.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 2023-07-30, henta 2023-09-07{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Irakleia, Cyclades» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2007.