Deir Istiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deir Istiya
دير إستيا, Deir Istya, Dayr Istiya
kommune
Namneopphav: Istiyaklosteret[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Salfit guvernement
Koordinatar 32°07′50″N 35°08′24″E / 32.13056°N 35.14000°E / 32.13056; 35.14000
Areal 24,0 km²
Folketal 3 106  (2007)
Folketettleik 129 / km²
Borgarmeister Jamal Diab
Kart
Deir Istiya
32°07′50″N 35°08′24″E / 32.130555555556°N 35.14°E / 32.130555555556; 35.14
Wikimedia Commons: Deir Istiya

Deir Istiya (arabisk دير إستيا) er ein palestinsk by med 3 106 innbyggjarar i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 15 km sørvest for Nablus og 7 km aust for Salfit. Det utbygde området dekkjer 74 mål, og det bur kring 30 familiar i den gamle delen av byen.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen er kalla opp etter den nærliggande grava til Istiya som i følgje etnografen Tawfiq Kanaan og historikaren Moshe Sharon, er det arabiske namnet til Jesaja.[3] I 1394 måtte Deir Istiya gje linser, olivenolje og mjøl som ei religiøs gåve (waqf) til Ibrahimi-moskeen i Hebron etter ordre frå mamelukk-sultanen Barquq.[4] Etter mamelukktida i Palestina, har Deir Istiya vore eit senter for olivenbasert jordbruk. I dag ligg ein av dei største olivenlundane i landet her, nesten 10 000 mål.[2]

Landsbyen var ein del av Sanjak Nablus i osmansk tid tidleg på 1500-talet. I 1596 stod Dayr Istya oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på 133 hushaldningar og 12 ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.[5] Tidleg på 1600-talet vart Deir Istiya og den nærliggande Beit Wazan styrt av Qasim-familien, som kontrollerte Jamma'in og dei austlege områda av Sanjak Nablus. Qasim bygde festningsverk og gjorde Deir Istiya til den viktigaste basen sin i sør. Rayyan-klanen frå Majdal Yaba hadde òg ei viss makt over landsbyen.[6] Under «borgarkrigstida» i Nablus-området (1853-57), drog Qasim-familien frå Deir Istiya og skal ha søkt tilflukt hos Nimr-familien i Nablus.[7]

I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin Deir Istiya og skreiv at landsbye hadde vore mykje større og truleg hadde vore busett sidan oldtida. Han skreiv at moskeen i Deir Istiya hadde marmorsøyler (somme med krusifiks inngravert) datert attende til kristen tid i Palestina.[8][9] In 1882 Deir Istiya was skildra som «ein stor landsby on high ground, surrounded with olive-groves, and supplied by cisterner.»[10]

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Britane erobra Palestina frå osmanarane i 1917, og i 1921 vart ein innbyggjar slått i hel offentleg i Deir Istiya for visstnok å ha hatt våpen. Britane oppretta ein skule i landsbyen i 1923 og under Det britiske mandatet var Deir Istiya ein av dei viktigaste landsbyane sentralt i det vestlege Samaria.[11]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart han annektert av Jordan, og frå 1950 til 1960 vart Det palestinske kommunistpartiet stor i landsbyen, slik at han fekk det lokale kallenamnet «Vesle Berlin». Under seksdagarskrigen i 1967 mellom Israel og ein koalisjon av arabarstatar, vart landsbyen eit mål for israelske styrkar. Dei fleste innbyggjarane vart samla saman, med kvinner i moskeen og mennene på skulen, og borgarmeisteren Jamal Abu Hijleh måtte utføre israelske ordre i landsby.[11]

Gjennom okkupasjonen til Israel, frå 1967 til 1990, flytta nesten halve folkesetnaden til Kuwait eller andre Gulfstatar. I 1970-åra auka den lokale motstandsrørsla i landsbyen, mellom anna med det palestinske flagget på flaggstengene, graffiti og blokkering av vegar. Som følgje av dette vart kring 50 mann arresterte i 1974 og sat seks månader til tre år i fengsel.[11]

Israel natur- og parktilsyn oppretta eit naturreservat i Nahal Kana, som dekka privateigd palestinsk jordbruksland, som var oppdyrka fram til isrealske styresmakter erklærte det for ein park. Samstundes som palestinarane ikkje fekk lov å dyrke marka her, på grunn av statusen som naturreservat, vart det bygd israelske busetjingar i området, med ein veg gjennom parken.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer 1881, s. 228
  2. 2,0 2,1 Focus of Cultural Heritage[daud lenkje] Programme of Assistance to the Palestinian People. s. 11-14.
  3. Sharon, 2004, s. 64
  4. Sharon, 2004, s. 62-63
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 136
  6. Schölch, 1993, s. 184.
  7. Schölch, 1993, s. 215
  8. Sharon, 2004, s. 62
  9. Guerin, 1875, s. 160, partly translated in Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 315
  10. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 284
  11. 11,0 11,1 11,2 Deir Istya Village Profile Arkivert 2012-07-23 ved Wayback Machine. International Women's Peace Service.
  12. Zafrir Rinat, Israel's Civil Administration orders Palestinians to uproot 1 000 young olive trees in nature reserve,, i Haaretz, 1. mai, 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]