Kalamariá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalamariá
Lokalt namn: Καλαμαριά
Luftfoto av Kalamariá
Luftfoto av Kalamariá
Geografi
2011 Dimos Kalamarias.png
Stad Makedonía
Koordinatar 40°34′54″N 22°56′53″EKoordinatar: 40°34′54″N 22°56′53″E
Areal 6,4 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Thessaloníki

Demografi
Folketal 91 518 (2011[1])
Folketettleik 14 260,1 /km²

Kalamariá (gresk Καλαμαριά) er ein kommune i forstadane til Thessaloníki i Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg 5 km søraust for sentrum av storbyen. Kommunen har vel 90 000 innbyggjarar og er ein av dei største i Gresk Makedonia. Kommunen vart ikkje endra ved administrasjonsreforma i 2010.[2] Heile kommunen inngår i byområdet til Thessaloníki.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart først busett i førhistorisk tid og ein har funne restar av desse busetnadane ved neset Karabournaki.

Namnet Kalamariá vart først nytta om staden i 1083. I perioden under Austromarriket og Det osmanske riket var området stort sett ikkje busett.

Sjølve byen vart oppretta tidleg i 1920-åra for å huse flyktningar frå den greske diasporaen i Georgia og Vesleasia som flykta her til i samband med den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922. Så mange som 100 000 flyktningar vart flytta til Thessaloníki, hovudsakleg til forstadane.

Kalamariá har hatt vesentleg vekst dei siste åra som følgje av at området vart omvandla frå landlege til urbane område. Mellom folketeljingane i 1981 og 2001 voks folketalet med 36 000 innbyggjarar (eller 69 %). Fram til 1943 var Kalamariá ein del av kommunen Thessaloníki.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]