Hopp til innhald

Kilkís

Kilkís
Lokalt namn Κιλκίς

Geografi
StadMakedonía
Koordinatar40°59′N 22°52′E / 40.983°N 22.867°E / 40.983; 22.867
Areal1 581,2 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Kilkís
HovudseteKilkís (23 182 innb.)
Demografi
Folketal45 308 (2021[1])
Folketettleik28,7 /km²

Kilkís (gresk Κιλκίς, slavisk Кукуш, Kukuš, tyrkisk Kılkış) er ein kommune og ein industriby i periferieininga med same namn i Sentral-Makedonía i Hellas, der han er hovudstad.

Byen vart styrt av Det osmanske riket før han vart teke av Bulgaria under den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren byen etter eit tre dagar langt slag 19. til 21. juni. Den greske sida mista over 5 000 soldatar, medan Bulgaria mista 7 000 og den greske sigeren var eit stort steg mot siger i krigen. Kilkís vart nesten lagd i grus under krigen og dei bulgarske innbyggjarane vart flytta til Bulgaria etter Neuillytraktaten. Den nye byen vart bygd opp att nærare jernbanen til Thessaloníki og vart busett av grekarar frå Bulgaria og Vesleasia.

Bulgaria okkuperte byen igjen under den andre verdskrigen, men han vart frigjeve i 1944.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Kart over kommunaleiningane i kommunen Kilkís. ██ 1 - Kilkís ██ 2 - Kroússa ██ 3 - Doiráni ██ 4 - Khérso ██ 5 - Mouriés ██ 6 - Pikrolímni ██ 7 - Gallikós
Den tidlegare kommunen Kilkís, no kommunaleininga Kilkís

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 45 308 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kilkís hadde 27 493 og tettstaden med same namn 23 182 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KilkísKilkís22 01423 182
Néa SándaGallikós1 6931 235
Néo AjonériPikrolímni1 1761 014
KambánisGallikós1 170977
GallikósGallikós969794
Stathmós MouriónMouriés1 040775
Paleó AjonériPikrolímni886773
KristóniKilkís988687
KhérsoKhérso814665
PedinóGallikós817655
MikrokámbosPikrolímni731529
DrosátoDoiráni713523
KhorýjoKilkís668494
MavronériPikrolímni535454

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]