Hopp til innhald

Periferieininga Kilkís

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Kilkís
Περιφερειακή ενότητα Κιλκίς
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiSentral-Makedonía
HovudstadKilkís
Folketal70 477 (2021[1])
Areal2 519 km² Rangering 25.
Folketettleik28/km²
Kommunar2
Postnummer61x xx
Retningsnummer234x0
BilnummerKI
Heimesidewww.kilkis.gr

Periferieininga Kilkís (gresk Περιφερειακή ενότητα Κιλκίς, Periferiakí enótita Kilkís) er eit periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden er Kilkís og periferieininga grensar til Pélla i vest, Thessaloníki i sør, Sérres i aust og nabolandet Nord-Makedonia i nord.

Fjellet Páiko ligg i vest, vestlege delar av Kerkíni i nordaust og Kroússia i aust. Doiránisjøen ligg i nord.

Dei sørlege områda av dalen langs elva Axiós (Vardar) har middelhavsklima, elles er klimaet hovudsakleg kontinentalt med kalde vintrar i høgareliggande område.

Områda som i dag utgjer periferieininga bestod av fleire kongerike før det vart invadert av Makedonia, som seinare styrte over området. Styret deira enda etter den tredje makedonske krigen og det vart ein del av Romarriket. Etter at Romarriket vart delt i to i 395 vart Kilkís ein del av Austromarriket. Det vart så gjeve til Bulgaria og vart busett av bulgarar. På 1400-talet kom området inn under Det osmanske riket, som hadde det fram til den første balkankrigen i 1912, då det vart teke av Bulgaria igjen. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren området og det vart endeleg annektert og ein del av Hellas. Mange grekarar frå Litleasia kom til Kilkís etter den gresk-tyrkiske krigen i 1922 og som følgje folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia skildra i Lausannetraktaten. Området vart då igjen gresktalande.

Fram til 1939 var området ein del av Thessaloníki prefektur, før det vart eit eige prefektur og frå 2011 ei periferieining. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen måtte mykje av Kilkís byggjast opp att. Folketalet auka, men mange emigrerte òg frå landet.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Kilkís eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.[2]

PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
PostnummerRetningsnr
KilkísPeoníaPolýkastro612 0023430-2
Gouménissa613 0023430-4
Axioúpoli614 0023830-3
Evropós610 0223430-6
Livádia614 0023430-3
KilkísKilkís611 0023410-2 til 7
Kroússa611 0023410-4
Doiráni610 0323410-9
Khérso610 0223410-5
Mouriés610 0323410-31
Pikrolímni570 0123431-9
Gallikós611 0023430-42

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KilkísKilkís22 01423 182
PolýkastroPeonía7 0646 602
GouménissaPeonía3 6093 292
AxioúpoliPeonía2 8972 729
EvropósPeonía1 7341 413
Ájos PétrosPeonía1 5051 291
Néa SándaKilkís1 6931 235
Néa KaválaPeonía1401 127
Néo AjonériKilkís1 1761 014
KambánisKilkís1 170977

Referansar

[endre | endre wikiteksten]