Hopp til innhald

Kateríni

Kateríni
Lokalt namn Κατερίνη

Frå byparken i Kateríni
Geografi
StadMakedonía
Koordinatar40°16′15″N 22°30′21″E / 40.27083°N 22.50583°E / 40.27083; 22.50583
Areal682,4 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Piería
HovudseteKateríni (56 961 innb.)
Demografi
Folketal82 892 (2021[1])
Folketettleik121,5 /km²

Kateríni (gresk Κατερίνη) er ein by og ein kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på Pieríasletta mellom Ólymbos og Thermaikósbukta i ei høgd på 14 m. Byen, som er ein av dei nyaste i Hellas, har om lag 57 000 innbyggjarar. Han ligg nær Thessaloníki, den nest største byen i Hellas og som har hjelpt utviklinga til Kateríni dei seinaste åra.

Kateríni ligg seks kilometer frå sjøen, og er eit populært turistmål. Strendene Korinós, Paralía og Olymbiakí Aktí er mykje brukte sumarstid. Fleire arkeologiske funn, som den antikke byen Dío og det venetianske slottet Platamónas, finst i området.

Bynamnet har sine røter i Katerina av Alexandria (Ajía Ekateríni), ein gresk-ortodoks martyr, som levde på 300-talet. Kateríni vart frigjord frå osmanarane 16. oktober 1912 under den første balkankrigen. Den tyske hæren tok byen 14. april 1941 og trekte seg ut tre år seinare.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Den tidlegare kommunen Kateríni, no kommunaleininga Kateríni

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 82 892 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kateríni hadde 62 742 og tettstaden med same namn 56 961 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KateríniKateríni55 99756 961
KorinósKorinós3 4873 115
KallithéaParalía3 1342 933
PerístasiParalía2 5452 367
SvorónosKateríni1 9481 842
LófosPétra1 4961 323
AndromákhiKateríni1 0611 043
ParalíaParalía1 124928
RitíniPiérii1 138890
Paleó KeramídiElafína890795
Káto MiliáPétra869776
GanókhoraKateríni799656
Ájos DimítriosPétra627520
Néo KeramídioKateríni464511
Káto Ájos IoánnisKorinós603486
MoskhokhóriPétra516462
MoskhopótamosElafína543457

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]